Vindafjord FrP

Ring Nettsted Kontakt organisasjonen

Vindafjord FrP Vindafjord FrP arbeider for ein enklare kvardag.

Tysvær kommune seie nei til vindkraftplanane på Måkafjellet. Det burde vere eit tydeleg signal også til oss politikerar ...
10/09/2026

Tysvær kommune seie nei til vindkraftplanane på Måkafjellet. Det burde vere eit tydeleg signal også til oss politikerar i Vindafjord!

Me kan ikkje ofre naturen, fjella og nærmiljøet vårt for eit enormt industriområde med vindturbinar. Konsekvensane vil bli ståande i generasjonar.

Vindafjord FrP står fast: Nei til vindkraft på Slettene! 💪

Nå må partiene i Vindafjord lytte til innbyggjarane sine og seie eit klart nei, det er nok nå 👊

Eviny kan holda seg til sine egne trakter 👊😡

Tysvær kommune vil ikkje støtte Eviny sine planar om å etablere Slettene vindkraftverk på Måkafjellet i Skjold. Dersom Vindafjord kommune og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) går vidare med planane, har dei ei rekkje krav til konsekvensutgreiinga.

Ein gladsak for Vindafjord! Det er skikkeleg kjekt å sjå at me blir fleire innbyggjarar i kommunen 🤩🥳Samtidig står Vinda...
25/08/2026

Ein gladsak for Vindafjord! Det er skikkeleg kjekt å sjå at me blir fleire innbyggjarar i kommunen 🤩🥳

Samtidig står Vindafjord framfor fleire store og viktige val dei neste åra. Då meiner eg det er viktigare enn nokon gong at folket faktisk blir høyrt.

Saker som til dømes vindkraft kan få store konsekvensar for både natur, lokalsamfunn og framtidige generasjonar. Slike avgjerder bør ikkje berre avgjerast på eit møterom dersom partia samtidig går bort frå det dei lova veljarane før valet 👊

Eit partiprogram må bety noko. Når folk gir eit parti si stemme, må dei kunne stole på at partiet står for det dei gjekk til val på 👊

Skal Vindafjord vere ein attraktiv kommune å bu, arbeide og flytte til, må innbyggjarane kjenne at stemma deira betyr noko – også mellom vala.

Me treng meir openheit, meir folkestyre og politikarar som held det dei lovar. 💪😉

🎉 Hurra – me blir fleire Vindafjordingar!

Ved utgangen av andre kvartal i år var me heile 9️⃣2️⃣1️⃣9️⃣ innbyggjarar i Vindafjord🚶🚶‍♀️🚶‍♂️🎊

Det er 49 fleire enn kvartalet før, og det synest me er skikkeleg kjekt! ♥️

Før sommaren møtte me mellom anna familien Ødegård Furnes, som har funne seg godt til rette i Vikebygd.

No har me lyst til å bli kjent med fleire av dei som nyleg har valt Vindafjord som heimstad.

Har du flytta til Vindafjord – eller kjenner du nokon som har gjort det? 😊

📩 Send oss gjerne melding eller e-post til [email protected], eller tips nokon du kjenner.

Del gjerne innlegget vidare 🙌🏡🌅

Hjarteleg velkommen til alle nye innbyggjarar! ❤️

13/07/2026

🔗Lenke til undersøkinga: https://forms.office.com/e/CaJFub2Lk8

Er du fødd mellom 1997 og 2012 og er frå Etne eller Vindafjord? Då håpar me du tek deg tid til å svara på denne undersøkinga. Di stemme er viktig, og svara vil vera med på å forma framtidige tilbod og satsingar for unge i Vindafjord.

Takk for at du bidreg!💛

11/06/2026

⚠️ No er det viktig at folk møter opp!

Som kjent er FrP Vindafjord sterkt imot utbygging av vindkraft i kommunen vår. No startar ein viktig del av prosessen for både Bukkanibba og Slettene vindkraftverk, og då er det avgjerande at folk møter opp og seier meininga si.

Informasjonsmøte om Bukkanibba vindkraftverk:
Tysdag 16. juni
Kl. 19.00
Ølen kulturhus

Informasjonsmøte om Slettene vindkraftverk:
Onsdag 17. juni
Kl. 19.00
Skjold Arena

Dette er starten på ein prosess som kan få store konsekvensar for naturen, friluftslivet, bygdene våre og komande generasjonar.

FrP ønskte at innbyggjarane skulle få seie si meining gjennom ei folkerøysting. Det sa fleirtalet i kommunestyret nei til. Då er det viktigare enn nokon gong at folk møter opp og viser engasjement.

Om dei folkevalde ikkje ville spørje folket direkte, får folket møte opp og gi svaret sitt likevel.

Uansett om du stemmer FrP, Senterpartiet, Vindafjordlista, Høgre, Arbeidarpartiet, SV eller eit anna parti – og uansett om du er for eller imot vindkraft – er det viktig at du møter opp. Dette handlar ikkje om partipolitikk, men om at innbyggjarane skal bli høyrde i ei av dei største arealsakene Vindafjord har hatt på mange år.

Jo fleire som møter opp, desto tydelegare signal sender vi til politikarar, utbyggjarar og styresmakter om kva innbyggjarane i Vindafjord faktisk meiner om saka 👊

Samtidig ønskjer vi å oppmode alle til å halde debatten sakleg og respektfull. Det er heilt greitt å vere usamde, men vi må hugse at vi skal leve saman i dei same bygdene også etter at denne saka er avgjord. Vi er naboar, vener, kollegaer og familie – og det er viktigare enn nokon debatt.

Ingen er tente med personangrep, uthenging eller konflikt mellom folk som eigentleg vil det beste for bygda, sjølv om dei ser ulikt på løysinga. Vis respekt for at andre kan ha eit anna syn enn deg, og la oss diskutere saka utan å gå til angrep på personar ☺️

Bygdene våre er ikkje så store. Difor er det ekstra viktig at vi tek vare på samhaldet og respekten for kvarandre, også når meiningane er sterke.

Del gjerne innlegget slik at flest mogleg får det med seg 👏

Vindafjord FrP arbeider for ein enklare kvardag.

14/04/2026

Vil du vere med å påverke Vindafjord?🤩

Det blir teke viktige avgjerder i kommunen no – avgjerder som vil prege kvardagen vår i mange år framover.

Altfor mange sit på sidelinja.

Det vil vi gjere noko med 🥳👊

I Fremskrittspartiet Vindafjord treng vi fleire som seier meininga si – og som vil vere med der avgjerdene blir tekne.
Du treng ikkje vere politikar.
Du må berre bry deg.
👉 Meiner du folk bør få meir å seie?
👉 Vil du ha meir påverknad på det som skjer i kommunen?
👉 Er du lei av at avgjerder blir tekne utan at folk blir høyrde?
Då er det på tide å engasjere seg.

👉 Meld deg inn i FrP her:

https://fremskrittspartiet-groups.membersite.no/Membership/Register

Bli med på laget.

🥳👏👏
10/04/2026

🥳👏👏

For andre gong på kort tid går eit breitt fleirtal på Stortinget imot regjeringa. No tvingar dei staten til å trekkje seg attende i plansaker over heile landet.

16/03/2026

𝐕𝐢𝐬𝐬𝐭𝐞 𝐝𝐮 𝐝𝐞𝐭𝐭𝐞 𝐨𝐦 𝐝𝐢𝐞𝐬𝐞𝐥𝐩𝐫𝐢𝐬𝐞𝐧 𝐢 𝐍𝐨𝐫𝐠𝐞?

Hvis diesel koster 25 kroner per liter, går omtrent 11–12 kroner rett til staten.

Slik kan det grovt se ut:

• Veibruksavgift: ca. 2,28 kr
• CO₂-avgift: ca. 4,42 kr
• Moms (25 %): ca. 5 kr

➡️ Totalt til staten: rundt 11,7 kr per liter

Det betyr at nesten halvparten av prisen på pumpa er avgifter og moms.

Resten av prisen går til:
• råolje og raffinerte drivstoffprodukter
• biodrivstoff som må blandes inn
• transport og lagring
• drift av stasjonen

𝐄𝐧 𝐥𝐢𝐭𝐭 𝐢𝐧𝐭𝐞𝐫𝐞𝐬𝐬𝐚𝐧𝐭 𝐝𝐞𝐭𝐚𝐥𝐣:

Når drivstoffprisen øker, ttjener staten automatisk mer i moms – fordi momsen beregnes av hele prisen.

💰 𝐁𝐥𝐢𝐫 𝐎𝐥𝐣𝐞𝐟𝐨𝐧𝐝𝐞𝐭 𝐫𝐢𝐤𝐞𝐫𝐞 𝐚𝐯 𝐡ø𝐲 𝐨𝐥𝐣𝐞𝐩𝐫𝐢𝐬?

Kort sagt: ja – men ikke direkte.

• Høy oljepris gjør oljeselskaper mer lønnsomme → Oljefondet eier aksjer i mange av dem globalt → verdien kan stige.
• Staten får mer inntekter fra olje, som kan settes inn i fondet.

⛽ Kort sagt:
Av en liter diesel til 25 kr går omtrent hver andre krone til staten.

💡 𝗘𝗻 𝗹𝗶𝘁𝘁 𝗶𝗿𝗼𝗻𝗶𝘀𝗸 𝗱𝗲𝘁𝗮𝗹𝗷:

Norge er en av verdens største oljeeksportører, men pumpeprisen styres likevel av det globale markedet, ikke av hva oljen koster å produsere her.

🚛 𝐊𝐨𝐫𝐭 𝐨𝐩𝐩𝐬𝐮𝐦𝐦𝐞𝐫𝐭

Hvis dieselprisene fortsetter å øke uten tiltak fra Stortinget og regjeringen, kan konsekvensene bli:

• Flere konkurser i transportbransjen
• Dyrere varer i butikk
• Hardere konkurranse for norske transportører
• Færre lastebiler og dårligere kapasitet – særlig i distriktene

Når transportkostnadene øker, sprer kostnadsøkningen seg gjennom hele verdikjeden – og ender ofte hos forbrukeren.

Heisann alle i Vindafjord, vist du har eit par ekstra minuttar så sette stor pris på om du bruke di på denna undersøkels...
05/03/2026

Heisann alle i Vindafjord, vist du har eit par ekstra minuttar så sette stor pris på om du bruke di på denna undersøkelsen om nytt omsorgssenter 😊👍

Kva tenkjer du er viktig ved plassering av nytt omsorgssenter? Me ønskjer di meining gjennom ei spørjeundersøking

Adresse

Ølen
5580

Telefon

+4799398320

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Vindafjord FrP legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vindafjord FrP:

Snarveier

Del

Kategori