Ørsta FrP

Nettsted Kontakt organisasjonen

Ørsta FrP Framstegspartiet sitt lokallag i Ørsta.

«Fremskrittspartiet er et liberalistisk parti som skal arbeide for sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep, og for ivaretagelse av innbyggerenes rettigheter og frihet slik Grunnloven forutsetter.»

🍎💙
19/09/2026

🍎💙

Møre-Nytt melder i dag om auka kostnadar for å bygge ut Fremre Mo. Kjøpesum er auka frå 12 MNOK til 18 MNOK etter handsa...
17/09/2026

Møre-Nytt melder i dag om auka kostnadar for å bygge ut Fremre Mo. Kjøpesum er auka frå 12 MNOK til 18 MNOK etter handsaming av skjøn i Tingretten. Dette forverrar økonomien i ei kommune som allereide er på ROBEK-lista.

Dette advara Framstegspartiet om då saka vart handsama i kommunestyret i november 2025. Framstegspartiet meiner at å byggje ut boligfelt ikkje er ei primæroppgåve for ei kommune.

Derfor fremja vi forslag om at Ørsta kommune skulle selje prosjektet til private entreprenørar, slik dei kunne ta over utbyggjinga av Fremre Mo og ta ansvar for grunnkjøp og avtalar mot private. Dette forslaget fell, sjølv om vi har eit blått fleirtal i kommunen.

Vi er for utvikling, men å byggje hus til private, er ikkje ei kommunal oppgåve!

28/08/2026

Det er med stor sorg vi har mottatt budskapet om at Kong Harald er død.

Hele Norges Konge. Folkekongen som har samlet nasjonen.

Kongen vokste opp som Prins på Skaugum i Asker sammen med sine eldre søstre, prinsessene Ragnhild og Astrid.

Da Tyskland invaderte Norge 9. april 1940 flyktet kongefamilien nordover og Kronprinsesse Märtha tok med seg barna over grensen til Sverige, før de reiste videre til USA etter invitasjon fra President Franklin D. Roosevelt. Etter at Norge igjen ble fritt kunne Prins Harald vende tilbake, sammen med Kong Haakon, sin mor og sine søstre. De gikk i land på Honnørbrygga i Oslo, der de ble møtt av Kronprins Olav og et stort menneskehav, som ønsket dem velkommen hjem.

Som åtteåring startet han på Smestad skole. Han fortsatte utdanningen på Oslo Katedralskole, før han fortsatte på krigsskolen. Etter plikttjenesten reiste Kronprins Harald til Oxford der han studerte statsvitenskap, økonomi og historie.

Da Kong Haakon døde i 1957 ble Prins Harald Norges kronprins. Ved Kong Olavs side fikk han stadig flere representasjonsoppdrag. Han måtte vente lenge på sin hustru og først i 1968 fikk han gifte seg med Sonja Haraldsen. De fikk to barn, Prinsesse Märtha Louise og Prins Haakon. Da hans far, Kong Olav døde i januar 1991, ble han kronet som Norges statsoverhode.

Kong Harald var hele folkets Konge. Han var morsom, varm og jordnær. Dette fikk alle som møtte ham på hans utallige besøk rundt i lokalsamfunn over hele landet oppleve.

Han var idrettskongen, som deltok i tre OL og vant VM. Han var selverklært sportsidiot, ivrig til stede på en rekke idrettsarrangementer. Han var friluftskongen som dro på jakt og laksefiske. Han var barnas konge. Barns oppvekstforhold ble en hjertesak for Kong Harald, som tok opp problemet med mobbing i en av sine mange taler.

Selv har jeg møtt Kong Harald mange ganger. Han har alltid utstrålt varme, raushet og omtanke for andre mennesker. Han har alltid sett hver enkelt av dem han har møtt og i sin trofaste gjerning alltid hatt glimt i øyet og plass til humor.

Våre tanker går til Dronning Sonja, Kronprins Haakon og resten av kongefamilien.

Hvil i fred. Og takk for at du ga alt for Norge!

Foto: Kimm Saatvedt, Det kongelige hoff

27/06/2026

Noen som sa ANSVARLIG STYRING? Er det kun FrP igjen som respekterer skattebetalernes penger, som greier å tenke helt vanlige tanker, og som evner å gjøre rasjonelle og fornuftige handlinger.

Bruk 3 minutter av din tid og lytt til Tor Mikkel Wara fra Stortingets talerstol.

👏👏
17/04/2026

👏👏

Fylkesstyret i Møre og Romsdal FrP samla til strategisamling i Kristiansund denne helga 😀🍎🥳 Vi laddar opp for å vinne valget i 2027😀🤩 Kjekt😀💪

Kor mange ulykker skal til før vi får tryggare vegar i Ørsta og Volda?Utviklinga i Ørsta/Volda området dei siste vekene ...
27/03/2026

Kor mange ulykker skal til før vi får tryggare vegar i Ørsta og Volda?

Utviklinga i Ørsta/Volda området dei siste vekene burde bekymre langt fleire enn dei som ferdast på vegane til dagleg.

Trafikkulykker skjer no så ofte at det ikkje lenger kan forklarast som enkeltståande hendingar. Det byrjar å teikne seg eit tydeleg bilete av eit system som ikkje fungerer godt nok.

Berre sidan starten av februar har det vore 16 trafikkhendingar i området. Dette inkluderer utforkøyringar, kollisjonar, påkøyrsler og hendingar knytte til rus i trafikken. Sjølv om ikkje alle ulykkene er like alvorlege, er omfanget i seg sjølv eit varselteikn.

Dette er ikkje berre tilfeldigheiter det er eit resultat av ein kombinasjon av auka trafikk, krevjande køyreforhold og vegar som i for liten grad er tilpassa belastninga dei faktisk har i dag.

Engasjementet rundt trafikksituasjonen i Ørsta/Volda har allereie byrja å gi respons. Aksjonar og auka fokus på situasjonen, mellom anna langs E39, har ført til at politikarar no i større grad ser problema som lenge har vorte peika på av lokalbefolkninga. Det er eit viktig signal det viser at press verkar.

Men dette er berre ein start.

For realiteten er at utfordringane har vore kjende i årevis. Vegstrekningar med høg trafikkbelastning, smale køyrefelt og manglande sikring har lenge vore ein del av kvardagen. Når både lokaltrafikk, tungtransport og gjennomgangstrafikk blir pressa inn på dei same vegane, seier det seg sjølv at risikoen aukar.

Samtidig ser vi at nødvendige tiltak stadig blir utsette. Prosjekt som kunne bidrege til betre flyt og auka tryggleik, blir skuva fram i tid, medan problema veks her og no. Resultatet er at folk må leve med ein trafikksituasjon som mange opplever som både uhaldbar og farleg.

For oss i Framstegspartiets Ungdom handlar dette om prioriteringar. Trygge vegar er ikkje eit luksusgode det er ei grunnleggjande oppgåve for styresmaktene. Likevel ser vi gong på gong at investeringar i veg taper mot andre prosjekt, samstundes som konsekvensane blir tydelege lokalt.

Det er også viktig å vere ærleg: Ja, sjåførar har eit ansvar. Rus, fart og uoppmerksamheit spelar ei rolle i fleire ulukker. Men gode vegar og godt vedlikehald er med på å redusere konsekvensane når feil først skjer. Dårlege vegar gjer marginane mindre og utfallet langt meir alvorleg.

Fleire av ulukkene den siste tida har skjedd på glatte vegar. Dette peikar direkte på behovet for betre vintervedlikehald. Strøing og brøyting er ikkje berre rutineoppgåver det er avgjerande trafikksikkerheitstiltak. Når ein fotgjengar, ei feilvurdering eller eit lite glipp kan vere nok til å utløyse ei ulukke, seier det noko om kor pressa situasjonen faktisk er.

Dette er ikkje eit teoretisk problem det er ein reell risiko kvar dag.

Spørsmålet er ikkje om noko må gjerast.

Spørsmålet er kor lenge vi skal vente.

Kor mange ulukker skal til før tryggare vegar blir prioriterte høgare?

Vi treng: betre og sikrare vegar, auka satsing på vedlikehald, og meir effektiv brøyting og strøing.

Dette handlar ikkje berre om asfalt og investeringar. Det handlar om menneske, om tryggleik i kvardagen og i verste fall liv og død.

Engasjementet lokalt har vist at folk bryr seg.

No er det opp til regjeringa og staten å vise at dei gjer det same.

Aurora Iren Brekke Nytun.
Styremedlem/Studieleiar - Sunnmøre FpU
Styremedlem Ørsta FrP

Ei god nyheit å dele
26/03/2026

Ei god nyheit å dele

I dag fikk endelig FrP gjennomslag for å redusere drivstoffavgiftene for folk og bedrifter. Jeg er glad for at vi sammen med et flertall sørger for økt økonomisk handlefrihet, og at Arbeiderpartiet blir overkjørt.

Vi kan ikke lenger følge situasjonen nøye vi må handle🍎

NEI til auka eigedomsskatt i Ørsta.På tide med ansvarleg styringDagens styre i Ørsta kommune har:• Auka Eigedomsskatten ...
08/02/2026

NEI til auka eigedomsskatt i Ørsta.
På tide med ansvarleg styring

Dagens styre i Ørsta kommune har:
• Auka Eigedomsskatten kraftig
• Tømt disposisjonsfondet
• 3 år på rad med kjempe underskudd

Stem FrP!

Ørsta FrP legg fram alternativt budsjett for 2026 med nær 30 millionar i overskot, utan å auke eigedomskatten.
Det handler om rett prioritering og å stoppe ‘kjekt å ha’ investeringer og oppgaver.
NEDSTEMT Ørsta kommunestyre 11.12.2025

Nå kom regninga!
Innbyggjarane skal ikke betale regninga for dårlige prioriteringer og styring til underskot.

Meld deg inn og gjør en forskjell:
https://fremskrittspartiet-groups.membersite.no/Membership/Register

🚀 NYTT STYRE OG KLAR KURS FOR ØRSTA FrP! 🚀Vi har lagt bak oss eit inspirerande årsmøte på Strømpeneset! Med nytt mannska...
04/02/2026

🚀 NYTT STYRE OG KLAR KURS FOR ØRSTA FrP! 🚀

Vi har lagt bak oss eit inspirerande årsmøte på Strømpeneset! Med nytt mannskap og friske krefter er vi klare for å brette opp ermane for heile Ørsta kommune. 🇳🇴

Odd Magne Vinjevoll er vald til ny leiar, og tek over stafettpinnen etter Tore Thon. Med seg i leiinga har han nestleiar Roy-Magne Mo.

– Vi skal ta vare på og utvikle heile kommuna, og vi skal jobbe for at det skal vere godt å bu her, seier Roy-Magne Mo. 🏠✨

Kva vil Ørsta FrP prioritere framover? 📈 Nøysemd og kloke prioriteringar: Vi skal styre økonomien med fornuft. Vi har allereie vist at det er mogleg å levere eit budsjett med 29,5 millionar i overskot – utan å auke eigedomsskatten! ✅ Gode tenester: Vi kjempar for lokale institusjonskjøkken på Vartdal og i Hjørundfjorden, skulen på Dalane og skyssbåten. 💡 Nye løysingar: Vi kan ikkje løyse dagens utfordringar med gårsdagens politikk. Det er på tide å tenke nytt!

Helsing frå Sylvi og Hans Andreas 🎥 Det var stor stas med videohelsing frå partileiar Sylvi Listhaug og nestleiar Hans Andreas Limi! Dei takka spesielt Lars Oscar Fossen for den utrøyttelege kampen hans mot formuesskatten på arbeidande kapital gjennom tre år. Denne kampen skal vi vinne saman! 👊

Her er det nye styret i Ørsta FrP:
* Leiar: Odd Magne Vinjevoll
* Nestleiar: Roy-Magne Mo
* Økonomi: Magnar Enerhaug
* Studieansvarleg: Monica Kipperberg
* Medlemsansvarleg: Idar Henning Vatne
* Styremedlemar: Tore Thon, Per Olav Sandbakk, Caroline Rudi og Anne-Birthe Roth Myklebust.
* FpU-representant: Aurora Iren Brekke Nytun
* Kommunestyregruppa: Hans Olav Myklebust
* Vara: Asgeir Standal, Eilis Mari Grinde og Sverre Ytterstad.

Vi gler oss over breidda i laget, frå ungdomen sin energi til veteranane si erfaring. No gler vi oss til å levere dei beste løysingane for Ørsta! 💙

Del gjerne innlegget! 👇

Adresse

Sætrebakkane 19
Ørsta
6152

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Ørsta FrP legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ørsta FrP:

Snarveier

Del

Kategori