Flatraket barnehage

Nettsted

Flatraket barnehage Kommunal barnehage på Flatraket

21/10/2026

Har du ledig tid og kan tenkje deg å skape gode dagar for barn? 💛 Barnehagane i Stad treng fleire tilkallingsvikarar! Send inn open søknad i dag 🤗

Gjerdane barnehage 🔸 Golvsengane barnehage 🔸Stårheim barnehage 🔸Flatraket barnehage 🔸 Leikvang barnehage 🔸Selje barnehage

Vi har ledig stilling som fagarbeider i Flatraket barnehage, og vi er på leiting etter akkurat deg som ønsker å jobbe i ...
14/10/2026

Vi har ledig stilling som fagarbeider i Flatraket barnehage, og vi er på leiting etter akkurat deg som ønsker å jobbe i barnehagen vår.
Ta kontakt eller tips ein venn, vi tek og gjerne i mot søknad frå deg som ønsker å ta fagbrev eller har anna relevant utdanning! Søknadsfristen er 25.10.26.
Har du spørsmål til stillinga, ta gjerne kontakt med Helena (tlf. 91187136) for ein prat!

Flatraket barnehage har ledig stillling som barne- og ungdomsarbeidar: 60 % fast stilling, samt 40 % vikariat t.o.m. 14.08.2027. Oppstart snarast råd. Barnehagen ligg sentralt på Flatraket med gangavstand til skule, butikk, industri, gard, fotballbane og ein nydeleg natur med både skog ...

10/07/2026

VM-feberen har nådd barnehagen og vi ror oss inn i helga! 🤩
Vi ynskjer Noreg lukke til i kampen mot England i morgon! 🇳🇴🏴󠁧󠁢󠁥󠁮󠁧󠁿🥰

For ei stund tilbake fekk vi eit foreldrepar til å lage oss eit nytt sølekjøkken, sidan det vi hadde var blitt gammalt/ø...
29/05/2026

For ei stund tilbake fekk vi eit foreldrepar til å lage oss eit nytt sølekjøkken, sidan det vi hadde var blitt gammalt/ødelagt og måtte fjernast.
Den siste tida har vi hatt mange flittige kokkar i barnehagen, både på dagtid og ettermiddagstid. Det er kjekt å sjå at ungane leikar fint i barnehagen, også på ettermiddagen!
Vi ser at vi manglar litt utstyr til å røre i alle dei flotte pannene vi har arva.
Er det nokon i bygda som treng å rydde i kjøkkenskuffene sine og som ønskjer å gi oss ei ause, ei sleiv, ein steikespade eller liknande? Vi tek imot (etter avtale) med stort takk!! 🤩

Birgitte Drabløs Rekdal har laga ei kjempefin fane til Flatraket barnehage!No er vi klare til å få vise den fram i barne...
11/05/2026

Birgitte Drabløs Rekdal har laga ei kjempefin fane til Flatraket barnehage!
No er vi klare til å få vise den fram i barnehagetog på Nordfjordeid 🇧🇻

03/05/2026

👶 Ledige stillingar som barnehagelærarar i Flatraket barnehage, frist komande onsdag 6. mai! 👇

Vi har dei siste vekene arbeida med tema trafikk! 🚦🦺Saman med Tarkus og Lyset har vi hatt samlingar om tema, gått turar ...
25/04/2026

Vi har dei siste vekene arbeida med tema trafikk! 🚦🦺
Saman med Tarkus og Lyset har vi hatt samlingar om tema, gått turar i nærmiljøet og arrangert sykkeldagar for barna! 🚲🥰

☺️
25/04/2026

☺️

Vi har fleire ledige stillingar som barnehagelærarar i Flatraket barnehage, og vi er på leiting etter akkurat deg som øn...
24/04/2026

Vi har fleire ledige stillingar som barnehagelærarar i Flatraket barnehage, og vi er på leiting etter akkurat deg som ønsker å jobbe i barnehagen vår.
Ta kontakt eller tips ein venn, vi tek og gjerne i mot søknad frå deg som ønsker å ta barnehagelærarutdanning eller har anna relevant utdanning! Søknadsfristen er 06.05.26.
Har du spørsmål til stillinga, ta gjerne kontakt med Helena (tlf. 91187136) for ein prat!

Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?Flatraket barnehage har ledig inntil 200 % faste stillingar som barnehagelærar. Den som blir tilsett vil det fyrste året gå inn i eit vikariat som pedagogisk leiar. Tilsetting frå ...

Som orientert om på foreldremøtet 10. mars 2026 viser resultata frå foreldreundersøkinga i barnehagane 2026 svært gode r...
11/03/2026

Som orientert om på foreldremøtet 10. mars 2026 viser resultata frå foreldreundersøkinga i barnehagane 2026 svært gode resultat for vår barnehage.

Med ein svarprosent på 63 prosent ser vi at mange foreldre har prioritert å delta i undersøkinga. Denne svarprosenten gjer at resultata i stor grad kan reknast som representative for foreldra i barnehagen. Vi set stor pris på at så mange har teke seg tid til å gi tilbakemeldingar.

Resultata viser at Flatraket barnehage i gjennomsnitt skårar høgare enn kommunen, fylket og landet på alle hovudområda i undersøkinga. På enkelte underpunkt, når ein går ned på meir detaljert nivå, finn vi nokre område der skåren er noko lågare enn hos samanliknbare einingar. Dette gir oss samtidig nyttig informasjon om kva vi kan arbeide vidare med i utviklinga av tilbodet vårt.

Det mest gledelege er likevel at resultata samla sett viser at foreldra opplever høg trivsel og eit godt barnehagetilbod for barna sine i Flatraket barnehage. Det er ei viktig stadfesting på arbeidet som blir lagt ned kvar dag.

Vi vil halde fram med å arbeide målretta for å utvikle og styrkje kvaliteten i barnehagen, slik at barna også i framtida skal oppleve ein trygg, inkluderande og utviklande barnehagekvardag.

Adresse

Fv618 220
Flatraket
6717

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Flatraket barnehage legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del