Ytre Steinsund bru

Ring Nettsted Kontakt organisasjonen

Ytre Steinsund bru Bildeglimt og oppdateringar frå bygginga av fv. 606 Ytre Steinsund bru i Solund.

Då er vi i gang med asfaltering av Ytre Steinsund bru!👷‍♂️🛣️(Foto: Eirik Liljedahl/Vestland fylkeskommune)
08/10/2026

Då er vi i gang med asfaltering av Ytre Steinsund bru!👷‍♂️🛣️
(Foto: Eirik Liljedahl/Vestland fylkeskommune)

11/09/2026

🎥 Bruentreprenøren Skanska har laga ein flott film frå arbeidet med Ytre Steinsund bru.

Filmen tek oss med gjennom prosjektet i det vi går inn i dei siste og avsluttande månadane av bygginga. Her får du både spektakulære dronebilete og møte med fleire av dei som jobbar på og med brua, mellom andre prosjektleiaren vår Helge Follevåg
Dette er verkeleg verdt å få med seg! 🌉

01/09/2026

811 meter bru i havgapet vart støypt saman 31. august, i det største pågåande fylkesvegprosjektet i Vestland. Med dette kan brua opnast før 1. desember i år.

🌉 Eit av dei største høgdepunkta i prosjektet nærmar seg på Ytre Steinsund bru!I slutten av august skal skøyten midt på ...
20/08/2026

🌉 Eit av dei største høgdepunkta i prosjektet nærmar seg på Ytre Steinsund bru!

I slutten av august skal skøyten midt på brua fullførast. Då er heile brua kobla saman🙌

Dei nydelege augustdagane gir gode arbeidsforhold på anlegget, og arbeidet med støyping av kantdragarane går for fullt. 🚧☀️

🏗️ Ein merkedag for Ytre Steinsund bru!I dag nådde vi ein viktig milepæl – den første samankoblinga er i boks! Bruarmane...
02/07/2026

🏗️ Ein merkedag for Ytre Steinsund bru!
I dag nådde vi ein viktig milepæl – den første samankoblinga er i boks! Bruarmane mellom akse fem og seks vart støypt saman på undersida i ettermiddag.

Her er kva som skjer elles på prosjektet:
🔩 Akse 4 er berre ti meter unna kobling til akse 5 – om drøye to veker møtest dei to bruarmane!
🛣️ På Guridneset er vegen bygd opp og klar for siste avretting og asfaltering fram til brua.
📅 Dei to siste brukoblingane kjem i løpet av august.
🚧 Samstundes held arbeidet fram med vegen opp til brua på Hesteneset.

Følg med – det skjer mykje framover! 👀

For ein dag! For eit landskap! For ei bru!🤩Ytre Steinsund bru i Solund – opnar i november 2026.(Foto: Eirik Aafedt Lilje...
28/05/2026

For ein dag! For eit landskap! For ei bru!🤩
Ytre Steinsund bru i Solund – opnar i november 2026.

(Foto: Eirik Aafedt Liljedahl/Vestland fylkeskommune)

13/04/2026
Oppdatert:Redusert seglingshøgde under Rørdalsfjord bru⛵️ Sjøvegen under Rørdalsfjord bru blir stengd for båttrafikk ein...
08/04/2026

Oppdatert:
Redusert seglingshøgde under Rørdalsfjord bru⛵️

Sjøvegen under Rørdalsfjord bru blir stengd for båttrafikk ein periode grunna vedlikeholdsarbeid.

Det skal utførast inspeksjon og arbeid på brua, og for å komme til er det montert stillas under brua. Dette arbeidet må gjerast for å sikre at anleggstrafikken kan ferdast trygt over eksisterande bru når det skal byggjast ny bru.

Sjølve vegen vert open for biltrafikk, men det vil vere vanskeleg å passere under brua, også for små båtar.

Inspeksjonen skal i utgangspunktet ikkje ta alt for lang tid, men arbeidet er avhengig av vêrforholda og resultatet av inspeksjonen.

Vi ber om at folk følger med på 175.no framover då rivinga av stillaset kan krevje stenging av vegen i periodar mellom ferjerutene.

Vi er halvvegs! 🥳Støypinga av Ytre Steinsund bru passerte i dag 406 av totalt 811 meter. Byggeleiar Frode Hellebust er s...
10/03/2026

Vi er halvvegs! 🥳
Støypinga av Ytre Steinsund bru passerte i dag 406 av totalt 811 meter. Byggeleiar Frode Hellebust er svært nøgd med framdrifta.

– Det er god driv i arbeidet! Entreprenøren har sett inn eit eige nattskift, og det har gitt god effekt. Innan påske skal dei gjennomføre ytterlegare seks vognflytt og støype 30 nye meter. No ser vi fram til den første samankoblinga av aksane innan anlegget tek sommarferie.

Slik ser det ut i sundet i dag 👇 henta frå eit av Skanska sine byggekamera.

Hurtigruta Nordlys glir majestetisk gjennom Ytre Steinsund ein iskald februardag✨🛳️ (Foto: Andreas Flister/Vestland fylk...
13/02/2026

Hurtigruta Nordlys glir majestetisk gjennom Ytre Steinsund ein iskald februardag✨🛳️
(Foto: Andreas Flister/Vestland fylkeskommune)

Adresse

Daløy
Hardbakke
6924

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Ytre Steinsund bru legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ytre Steinsund bru:

Snarveier

Del