Kinsarvik bibliotek

Ring Nettsted Kontakt organisasjonen

Kinsarvik bibliotek Kinsarvik bibliotek finn du i kommunehuset i Kinsarvik. Det er ope
måndag 12-16, tysdag 12-16, onsdag 12-19 (kl 17 i sommarferien), og fredag 12-16.

På biblioteket kan du låna bøker, lydbøker og filmar. I tillegg har du høve til å setja deg ned og nytta ein av dei tilgjengelege datamaskinane, lesa aviser og tidsskrift eller spela spel. Me har eit eige stillerom for dei som treng (arbeids)ro. På biblioteka finn du både populær, omdiskutert og meir smal litteratur og film. Dersom du er på jakt etter noko me ikkje har, vil me anten låna frå andre bibliotek eller kjøpa inn det du ynskjer. Av og til skipar me til arrangement som t.d. forfattarbesøk, språkkafé, Litterært pusterom med høytlesing teaterframsyning, og foredrag om aktuelle tema. Biblioteket er ikkje ansvarleg for eksternt innhald på denne Facebooksida. Innlegg med krenkande innhald eller som bryt lova vert fjerna. Biblioteket er for alle, velkomen skal du vera!

Komande måndag er det atter duka for Språkkafé på biblioteket kl 12.30-13.45! Velkomen til minoritetsspråklege, trufaste...
06/11/2026

Komande måndag er det atter duka for Språkkafé på biblioteket kl 12.30-13.45! Velkomen til minoritetsspråklege, trufaste og nye norske frivillige 🤗

Me gratulerer Sigbjørn Skåden med Nordisk råds litteraturpris 2026 🎉 Og stas med Nordisk råds musikkpris til Benedicte M...
20/10/2026

Me gratulerer Sigbjørn Skåden med Nordisk råds litteraturpris 2026 🎉
Og stas med Nordisk råds musikkpris til Benedicte Maurseth🎶

Norge gjør rent bord og stikker av med alle fem prisene fra Nordisk råd – og for første gang på 35 år vinner en samiskspråklig roman den høythengende litteraturprisen.

Me gratulerer Anne Carson med Nobelprisen i litteratur 2026🎉 Ho blandar poesi, essays og romanar, blandar klassisk litte...
08/10/2026

Me gratulerer Anne Carson med Nobelprisen i litteratur 2026🎉 Ho blandar poesi, essays og romanar, blandar klassisk litteratur med samtidslitteratur, og skaper sin eigen sjanger.

Den kanadiske forfattaren får den prestisjetunge prisen for sitt «modige og oppfinnsame» forfattarskap.

Litteratursumposiet har starta, og me har hatt gleda av å få besøk av fleire forfattarar til skulane, og Kokosbananassho...
01/10/2026

Litteratursumposiet har starta, og me har hatt gleda av å få besøk av fleire forfattarar til skulane, og Kokosbananasshow på biblioteket!
Litteratursymposiet er årets høgdepunkt med utruleg mykje spennande, interessant og artig å velja mellom. Og eit program med mykje som passar for alle mellom 3 og 100 år!
Ta turen til Odda og møt forfattarar i gode samtalar og få eit anneleis djupdykk i forfattarlivet! Eller kva med figurteater med Jakob og Neikob for dei minste (4-9 år) på biblioteket i Kinsarvik laurdag kl 12? Me berre nemner det ;-)

Har du lyst til å vera med på boktober og lesa ei bok på ein annleis måte?Meld deg på, då vel =)
24/09/2026

Har du lyst til å vera med på boktober og lesa ei bok på ein annleis måte?
Meld deg på, då vel =)

Bli med på Boktober, og les én bok i løpet av oktober.

Start haustferien med ei teateroppleving for familiar, ikkje minst for dei med born 3-8 år!Jakob og Neikob og tidsmaskin...
23/09/2026

Start haustferien med ei teateroppleving for familiar, ikkje minst for dei med born 3-8 år!

Jakob og Neikob og tidsmaskinen som figurteater med Adele Lærum Duus kjem til Kinsarvik bibliotek (heradsstyresalen) laurdag 3. oktober kl 12.00!

Møt dei to gode venene Jakob og Neikob, frå Kari Stais biletboksuksess. Jakob seier ja til alt og Neikob seier nei til alt. Kva gjer dei to når dei mister tida? Bli med dei på reisa for å få den tapte tida tilbake i denne oppfinnsame og artige figurframsyninga.

Forestillingen er basert på Kari Stai si bok og varer omlag 40 minutt.

Arr. er i samarbeid med Litteratursymposiet i Odda, og er gratis =)

Sommarles er som kjent over, og det har vore flott deltaking i år, òg!Til alle som har delteke i Sommarles og ikkje har ...
21/09/2026

Sommarles er som kjent over, og det har vore flott deltaking i år, òg!
Til alle som har delteke i Sommarles og ikkje har henta preimiane sine: Siste frist er 30. september! For dei som er registrerte på austsida av fjorden, er 171 premiar henta, og det er 39 premiar som ikkje er henta... Kom og hent =)
Me har ope til kl 19 på onsdagar.

Det er stor grunn til uro! Men tenk om fleire kunne sjå den viktige rolla folkebibliotek og skulebibliotek har for å få ...
08/09/2026

Det er stor grunn til uro! Men tenk om fleire kunne sjå den viktige rolla folkebibliotek og skulebibliotek har for å få ungar til å lesa meir og betre! I staden for å jamleg skjæra ned på budsjetta, kan ein satsa LITT meir og oppnå MYKJE meir!!
Ungar treng bøker og tilrettelegging for lesing både heime og på skulen📚❣️

Pisa-undersøkelsen 2025 viser en betydelig tilbakegang for norske tiendeklassinger i lesing og regning.

Sommaren er for det meste over, skule, jobb og frukthausten i gang, og biblioteket har ordinære opningstider att. Her kj...
02/09/2026

Sommaren er for det meste over, skule, jobb og frukthausten i gang, og biblioteket har ordinære opningstider att.
Her kjem litt informasjon:

* Sommarles 2026 er avslutta, og ein kan ikkje registrera fleire bøker. Premiar som ikkje er henta, må hentast innan 1. oktober! Imponerande oppslutnad i år òg!!
* "Hangout", tilbodet for barnetrinnet etter skuletid kvar onsdag, er i samarbeid med frivilligsentralen og har starta opp
* Aktivitetar med Manuela etter skuletid siste måndag kvar månad, er i samarbeid med Ullensvang kyrkjelege fellesråd, og har òg starta opp
* Språkkafé for minoritetsspråklege og norsktalande frivillige måndag i partalsveker, er i samarbeid med Vaksenopplæringa og startar opp 14. september
* Fleire arr. vil koma utover hausten

* På nettsida vår, https://ullensvangbibliotek.no kan du sjå
dei nyaste bøkene me har fått inn til barn, unge og vaksne, opningstider, arrangement, og anna relevant informasjon. Med bibliotekkort eller registrert e-postadresse kan du logga deg inn på Min side og sjå låna dine, tinga bøker og forlenga lånefristen for lån
* Lastar du ned app'en Axiell Libraries, kan du òg sjå låna dine, tinga bøker og forlenga lånetida, og du kan registrera nye lån direkte i app'en når du er i biblioteklokalet
* App'en biblio kan du lasta ned og registrera deg i med lånekortet ditt, og låna e-bøker og lydbøker
* Utlånsautomaten som står ved skranken, er sjølvbetjent og den kan nyttast til å søkja etter bøker på biblioteket, og låna ved å skanna lånekortet og skriva pin-kode. Instruksjon ligg under skjermen

Er det noko du lurer på, er det berre å ta kontakt med oss!
Mobil: 476 86 145
E-post: [email protected]

Velkommen til biblioteket!

Vil du skriva ei helsing i høve Kong Harald sin bortgang, finn du kondolanseprotokoll i skranken til biblioteket
31/08/2026

Vil du skriva ei helsing i høve Kong Harald sin bortgang, finn du kondolanseprotokoll i skranken til biblioteket

Adresse

Sandvikevegen 11
Kinsarvik
5780

Åpningstider

Mandag 12:00 - 16:00
Tirsdag 12:00 - 16:00
Onsdag 12:00 - 19:00
Fredag 12:00 - 16:00

Telefon

+4747686145

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Kinsarvik bibliotek legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Kinsarvik bibliotek:

Snarveier

Del

Kategori

Offentlige Tjenester i nærheten


Andre offentlige tjenester i Kinsarvik

Vis Alle