13/08/2026
Aksjon Liaflui 🚨⛰️
I går kveld kl. 22.22 var det ny aksjon og nytt utkall. Denne gongen ved Liaflui, mellom Stølsdalen og Nørdstedalseter i Breheimen. 🏔️
Ein person hadde lagt frå seg sekken for å fylle vatn, og fann etter dette ikkje att sekken. Utruleg, vil nokon seie, men i dette terrenget er det fullt mogleg. Terrenget ser ut til å vere skapt av ein med dårleg humør og ei sløv øks. 😅 Det er fullt av hamrar og skrentar, og temmeleg kronglete å ta seg fram i.
I alle fall – utan sekk var både ekstra klede, mat og lykt borte vekk. Sistnemnde blir fort eit problem når mørket fell på og ein er åleine i Breheimen. 🌙🔦 Det einaste rette var difor å ringe etter hjelp.
Det har vore mange aksjonar den siste tida for vår del – heile 10 sidan 1. juli. Operativ leiar var difor noko spent på kor mange som kunne stille. Vi kalla ut Luster- og Hafslo Røde Kors Hjelpekorps, og overraskinga var stor då heile 12 mannskap ville hive seg rundt, avlyse nattesøvn og reise på aksjon igjen! ❤️👏
Med såpass god respons vart det fort avgjort at vi burde setje att mannskap også til å bemanne KO. Dette vart nok ein gong i Turtagrø servicebygg.
Resterande mannskap møttest i Turtagrø og reiste til fjells i to puljar. Det vart køyrt til Skålabotn, og ferda gjekk vidare til fots mot Stølsdalen, opp mot Skreddarhammaren og Liaflui. Vi hadde ganske nøyaktig posisjon på vedkommande som trong hjelp, og denne stemde veldig bra. 📍
Dei første mannskapa tok seg opp med ekstra klede, mat og rikeleg med lys. Turen gjekk deretter tilbake til Stølsdalen, der det allereie var folk og behageleg temperatur i hytta – flaks! 🏡🔥
Etter litt kvile og matpause utpå morgonkvisten gjekk turen tilbake mot bilane, før retur til Turtagrø. Der venta vaflar og kaffi! 🧇☕️
Undervegs fekk diverre eitt av mannskapa problem med ein ankel. Dette var ikkje noko akutt, men problematisk nok når ein er langt frå bilveg. Då dagslyset kom og det var fint flyvêr, fekk vi rekvirert våre gode vener i Norsk Luftambulanse i Førde. 🚁 Dei henta mannskapet vårt og flaug til Turtagrø. Litt tidleg på morgonen, men vi hadde vaflar og kaffi til helikoptercrewet også, så då var det meir enn verdt turen til Luster! 😄🧇☕️
Natt vart blitt til morgon og føremiddag. Så var det oppsummering og debrief, rydding og lading av lykter, GPS-ar og anna utstyr. 🔦📡🔋
Og så er vi klare til ny aksjon … igjen … 😅🚨
Takk til alle som stiller opp – uansett tidspunkt på døgnet. ❤️💪