13/10/2026
Vi er inne i ei forsterkingsperiode der vi har fokus på å sette positive avtrykk etter oss fram til «Mot-til-å-glede-dagen» 21. november. I løpet av denne veka skal alle elevane ved skulen vår vere med på å sette eit positivt avtrykk i lokalsamfunnet vårt. Elevane har mange spennande planar- hemmelege enn så lenge. 😉🤩
I denne samanhengen passar det godt å trekke fram dei flotte 7. klassingane våre, som har ansvar for Leikepatruljen. Ei ordning som skal gjere friminutta endå kjekkare for alle. Elevane på 7. trinn bidreg slik til mykje positiv aktivitet. Ein skuletime og to friminutt i veka organiserer elevane aktivitetar for alle elevane på barnetrinnet. Takk for flott innsats, og for dei gode rollemodellane som de er! 🥰