Suldal kommune

Ring Nettsted Kontakt organisasjonen

Suldal kommune Suldal kommune si offisielle Facebook-side Velkomen til Suldal kommune si Facebook-side. Her får du nyttig informasjon og kvardagshistoriar frå Suldal kommune.

Det aller meste av informasjonen blir delt på nettsidene våre, difor treng du ikkje Facebook for å halda deg oppdatert på det me informerer om. Du finn svar på dei fleste spørmål om kommunen på nettsidene våre www.suldal.kommune.no
Me vil gjerne svara på enkle henvendingar på facebook, men spørsmål som gjeld sakshandsaming eller politikk må du ta i andre kanalar. Me svarar så fort me kan, innan arbeidstid måndag - fredag 08:00 - 15:30. Personvern
Du styrer sjølv kva du deler og kven du besøker på Facebook. Difor er din eigen policy like viktig som kommunen sin. Når du følgjer, likar eller kommenterer noko på Facebook-sidene våre, får Facebook tilgang og vil bruka opplysningane og spora du legg igjen etter deg. Deler du noko med status "offentleg» gir du alle tilgang og tillating til å nytta informasjonen og å knyta den til deg. I Facebook sine retningsliner står det at «offentleg informasjon er tilgjengeleg for alle i eller utanfor tenestene våre, og kan sjåast eller få tilgang til gjennom søkemotorar på internett, API `ar eller media mv.» Det vil seie at spørsmåla du stiller, reaksjonane dine og det du kommenterer på Facebook-sidene våre kan lesast og brukast av andre. Spørsmål, eller kommentarar? Ja takk! Me set pris på at du engasjerer deg i innhaldet vårt. Me er på Facebook som ein service for innbyggarane våre og svarer gjerne på spørsmål og tek i mot innspel. Innspel som er arkivverdige blir lagra i arkivsystemet vårt og vil koma i postlistene våre som også er offentlege. Dersom du har feilmeldingar på blant anna veg, vatn og avlaup kan du varsla om det her: https://www.suldal.kommune.no/sd/skjema/SKO074/. Dersom du ønskjer å melda om feil ved vatn eller avlaup som hastar, kan du også ringa vakttelefonen vår 474 58 928. Me sakshandsamar ikkje på Facebook. Slike meldingar kan du senda til [email protected] eller til den enkelte sakshandsamar. Kontaktinformasjon til dei tilsette finn du på nettsidene våre. Blei det du skreiv fjerna? Det er sjølvsagt heilt ok å vera ueinig med oss. Me tar også i mot sakleg og konstruktiv kritikk. God debatt og diskusjon er bra for lokaldemokratiet. Facebook slettar innlegg som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Me fjernar også innlegg med upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Me kan også velje å sletta feilinformasjon som blir spreidd, som eit bidrag i kampen mot styresmakter og medium står i for å stansa villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Me slettar også innlegg eller kommentarar der me meiner forfattar utleverer seg sjølv eller andre og som bryt med personvern eller teieplikt. Kommentarar som ikkje har med saka å gjere eller som inneheld reklame for kommersielle produkt og teneste, blir også fjerna.

🏆 Kven fortener heider i 2026?Suldal kommune deler årleg ut prisar til dei som gjer ein ekstra innsats for lokalsamfunne...
07/10/2026

🏆 Kven fortener heider i 2026?

Suldal kommune deler årleg ut prisar til dei som gjer ein ekstra innsats for lokalsamfunnet vårt. No kan du vera med og løfta fram dei som fortener det!

🏡 Byggeskikkprisen 2026
Prisen går til prosjekt som viser god byggeskikk, bygningsvern og landskapstilpassing. Me ser etter gode døme frå heile kommunen, både store og små tiltak innan: rehabilitering/restaurering, nybygg og terrengtiltak (som t.d. vegar).

Kommunen held fram med å dela ut ein byggeskikkpris som skal vera døme for andre. Det kan delast ut pris i tre kategoriar:

• Rehabilitering/restaurering
• Nybygg
• Terrengtiltak som t.d. vegar

Kommunen har ein eigen komité som står for utveljinga av kandidatar, og det er LMT-utvalet som står for utdelinga.

Frist 01.11

🌾 Landbruksprisen 2026
Denne prisen går til ein bonde/bønder som har utmerka seg på ein særskilt positiv måte – gjennom drift, utvikling eller engasjement i landbruket. Alle kan førelså kandidatar til prisen. Det er LMT-utvalet som står for utdelinga.

Frist: 01.11

💬 Har du forslag?
Send til: [email protected].

Me ønskjer forslag frå bygd, grend, hei og fjord – og håpar du vil vera med og løfta fram dei som gjer Suldal til ein god plass å bu💚

Les meir om prisane på Suldal kommunes heimeside:

Byggeskikkspris: https://www.suldal.kommune.no/tenester/bygg-eigedom-og-teknisk/bygg-og-eigedom/byggeskikkspris/

Landbrukspris: https://www.suldal.kommune.no/tenester/naring/skog-og-landbruk/landbrukspris/

Foto: Oskar Puschmann

Me har fleire ledige stillingar i oppvekstsektoren: 📚Lærar - fjernundervisning📚Pedagogisk leiar - Sand barnehage📚Pedagog...
07/10/2026

Me har fleire ledige stillingar i oppvekstsektoren:

📚Lærar - fjernundervisning
📚Pedagogisk leiar - Sand barnehage
📚Pedagogisk leiar - Vinjar barnehage
📚Pedagogisk leiar - Kjølvikstølen barnehage
📚Fagarbeidar - Erfjord skule

Les meir på heimesida vår under «Ledige stillingar» eller på suldal.easycruit.com

Høyringsinnspel: Statens vegvesen har i samråd med Suldal kommune utarbeidd forslag til reguleringsplan for rv. 13 Førla...
06/10/2026

Høyringsinnspel:

Statens vegvesen har i samråd med Suldal kommune utarbeidd forslag til reguleringsplan for rv. 13 Førland bru.

Frist for innspel: 16.11.2026

Reguleringsplanen er no lagt på offentleg høyring og ettersyn. Statens vegvesen ber med dette om innspel til arbeidet.

Vegvesenet inviterer også til open kontordag på kommunehuset på Sand den 15. oktober 2026 mellom kl. 1300 og 1800 der de kan stille spørsmål og høyre meir om prosjektet.

Les meir om prosjektet på Suldal kommunes heimeside: https://www.suldal.kommune.no/demokrati-og-politikk/dette-onskjer-me-tilbakemelding-pa-no/innspel-og-hoyringar/rv-13-forland-bru-planid-201803-til-offentleg-ettersyn.72460.aspx

Bilete: Reguleringsplankart - Rv 13 - Førland Bru

06/10/2026

Jobbar du med barn og unge og treng påfyll når det gjeld å forstå utfordrande åtferd, bygge gode relasjonar og skape trygge og inkluderande miljø? Les meir om studietilbodet her ☺️

👏👏👏👏
06/10/2026

👏👏👏👏

Arbeidet med å utvikle ei ny og meir samlande merkevare for Suldal er i gong. Dette kan de lese om på heimesida vår.
05/10/2026

Arbeidet med å utvikle ei ny og meir samlande merkevare for Suldal er i gong.

Dette kan de lese om på heimesida vår.

Arbeidet med å utvikle ei ny og meir samlande merkevare for Suldal er i gang. Gjennom brei involvering av næringsliv, reiseliv, grendautval og innbyggjarar skal kommunen saman med Play Design finne fram til ei truverdig forteljing om Suldal, med Suldalskrafta som ein sentral del av identiteten.

Bli med på lunsjkonsert 14. oktober! 🎵🙌
04/10/2026

Bli med på lunsjkonsert 14. oktober! 🎵🙌

Tusen takk for kjærkomen støtte til skulehagen på Sand skule!Skulehagen vår har fått eit verdifullt tilskot i form av ei...
03/10/2026

Tusen takk for kjærkomen støtte til skulehagen på Sand skule!

Skulehagen vår har fått eit verdifullt tilskot i form av eit lastebillass med grus, sponsa av Mibau Stema og frakta gratis av Ola Fisketjøn AS.

Dette bidreg til å gjera skulehagen vår, vårt grøne klasserom, endå betre som læringsarena og som møteplass for elevane. Me set stor pris på det lokale engasjementet og støtta frå lokalt næringsliv.

Tildeling av Suldal kommunes kulturpris for 2026🏆Suldal kommunes kulturpris for 2026 skal tildelast og innbyggarane blir...
02/10/2026

Tildeling av Suldal kommunes kulturpris for 2026🏆

Suldal kommunes kulturpris for 2026 skal tildelast og innbyggarane blir invitert til å senda inn forslag på kandidatar.

Skriftleg forslag og grunngjeving på kandidatar kan sendast på e-post eller brev til [email protected]

Frist er 25. oktober 2026

Bli med på dugnaden: Refleksdagen torsdag 15. oktoberKvar tredje torsdag i oktober blir Refleksdagen markert over heile ...
01/10/2026

Bli med på dugnaden: Refleksdagen torsdag 15. oktober

Kvar tredje torsdag i oktober blir Refleksdagen markert over heile landet. Dette er ein nasjonal dugnad for auka trafikktryggleik, der kommunar, skular, barnehagar, organisasjonar, næringsliv og offentlege aktørar bidreg til å gjere fleire synlege i trafikken.

Vi veit at refleks verkar, men mange av oss gløymer framleis å bruke han. I reflekstellinga i Rogaland 2025 vart berre 46 prosent av dei vaksne observerte med refleks. Det betyr at over halvparten går usynlege i mørket.

For å få fleire til å bruke refleks må vi både forstå kvifor han er viktig og skape gode vanar. Derfor oppmodar vi alle til å finne fram refleksane allereie no og leggje dei på stader der dei er enkle å hugse i kvardagen.

Kvifor er refleks viktig?
• Utan refleks blir du først oppdaga på 25–30 meters avstand.
• Med refleks kan du vere synleg på opptil 140 meter.
• Bilføraren får vesentleg betre tid til å oppdage deg og reagere.

Saman kan vi gjere bruk av refleks til ein naturleg del av kvardagen. Ein refleks som ligg i skuffa, reddar ingen. Finn han fram, ha han lett tilgjengeleg og bruk han når mørket kjem. 🚶‍♀️✨

I år skal Trygg Trafikk Rogaland markere dagen saman med ulike lokale frivilligsentralar i Rogaland ved å dele ut den nye designerrefleksen. Årets refleks er designa av Victor Sotberg og Odin Helgheim, som saman har skrive og illustrert bokserien Edelmot. I Edelmot handlar det om å bli sett for den ein er, om å høyre til, finne styrke og ikkje bli ståande usynleg i sitt eige liv. I trafikken handlar det om å bli sett heilt konkret, særleg i mørkret når synlegheit er avgjerande.

Suldal frivilligsentral skal markere dagen og dele ut refleksane på Sand skule.

Adresse

Eidsvegen 7
Suldalsosen
4230SAND

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Suldal kommune legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Suldal kommune:

Snarveier

Del