22/05/2026
Venstre-framlegg vann fram under handsaming av miljø- og landskapsplan for Nye Tussa kraftverk på Bjørke.
Då Volda kommunestyre sist veke handsama anleggskonsesjonen og detaljplanen for miljø- og landskap for Nye Tussa kraftverk på Bjørke, fekk Venstre og Stig Helland full tilslutning for to tilleggsforslag. Dei to framlegga omfatta punkt 7 og 8 der høyringsvedtaket (K-sak 36/26) vart slik:
Punkt 7 – «Kommunen vil peike på at viss massetransporten frå Bjørke gjennom Sjåstaddalen vil påføre vegen belastningar den ikkje er dimensjonert for, må vegen oppgraderast. Sidan desse belastningane må sjåast som ein del av anlegget – men òg for Fv60 – er det bra at Tussa, fylkeskommunen og grunneigarane er i dialog om korleis dette skal handterast og dekkast.
Trass i at det er viktig at Fv60 får massane som trengst, vil kommunen oppmode om at så mykje masse som mogleg blir frakta sjøvegen, både utifrå støy, trafikkmengde, tryggleik , miljø m.m.»
Punkt 8 – «Kommunen vil oppmode både Tussa og NVE om å bruke kabel og ikkje fjordspenn. Både visuelt og i forhold til tryggleik og beredskap, er kabel å føretrekkje. Visuelt er det òg viktig at trafostasjonen ved Tyssefossen vert trekt eit stykke vekk. Det visuelle er viktig både for lokalbefolkninga og turistar, og må takst på høgste alvor, sidan Hjørundfjorden er registrert som «utvald kulturlandskap».
Derimot fekk ikkje Venstrerepresentant Helland støtte for eit tilleggsforslag til punkt 9:
«Kommunen kan fråfalle forslaget om dagsturhytte/gapahuk på Åsen, viss dette ikkje let seg kombinere med utmark og beite. Kommunen stiller seg positivt til at det blir opparbeidd anlegg for fellesaktivitetar og rekreasjon på Bjørke. Desse tiltaka kan Bjørke grendalag, kommunen og Tussa vurdere i lag.»
Dette punktet vart ikkje vedteke sidan kommunestyret meinte det ikkje var relevant eller naudsynt å ta med.
Då Volda kommunestyre sist veke handsama anleggskonsesjonen og detaljplanen for miljø- og landskap for Nye Tussa kraftverk på Bjørke, fekk Venstre og Stig Helland full […]