08/10/2026
Oppdatering klokka 19.52:
No skal problema vere løyst.
————————————————-
Telefonnummeret til Hallingdal Legevaktsentral, 116 117, er midlertidig ute av drift.
For livstrugande sjukdom, ring 113.
Dersom du ikkje kjem gjennom på 113 - møt opp på legevakta.
Det kan og vere utfordringar med dei andre nødnumra akkurat no, ifølge politiet.
Brannvesenet står med bil på legevakta på Ål.
Er det behov for hjelp frå politiet, må dei oppsøkast på Gol.
Midtre Hallingdal politidistrikt er oppbemanna.
Innbyggjarar kan komme i kontakt med politiet i Sør-Øst på telefonnummer 3334 4400
Informasjon om situasjonen blir også delt på www.politiet.no
Følg med på situasjonen i riksdekkande media.