Vatn i Ålesund

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Vatn i Ålesund Vatn i Ålesund gir reint vatn til folk og fjord.

💧Tirsdag 27. oktober er det planlagt legging av sjøleidning frå Tørla til Stafsethneset. ❗OBS for at legging kan kome i ...
24/10/2026

💧Tirsdag 27. oktober er det planlagt legging av sjøleidning frå Tørla til Stafsethneset. ❗OBS for at legging kan kome i konflikt med fiskereiskap, og vi ber fiskarar vere spesielt merksame. 🐟
For å få slept leidninga på plass er vi avhengig av godt og lagleg vêr, og det kan bli endringar i kva dag det blir slep og seinking dersom det blir mykje vind, bølger eller anna. 🌊🌬️Dersom leidninga ikkje kan leggast som planlagt, kjem vi tilbake med oppdatert informasjon. Følg med på heimesida til Blå fjordar og her på Facebook.
Meir info finn du i lenka i kommentarfeltet 🔗👇

Kinder-egg til Sandøya 🤩VA har lagt ny vassleidning i Linningsvegen, Gardsvegen og Kyrkjevegen. 💧Samtidig la Nordvestnet...
23/10/2026

Kinder-egg til Sandøya 🤩VA har lagt ny vassleidning i Linningsvegen, Gardsvegen og Kyrkjevegen. 💧Samtidig la Nordvestnett ny høgspent til Sandøy-kyrkje-kretsen og fornya nettstasjon. 🔌Og etter at grøfta var fylt igjen, så asfalterte fylkeskommunen vegane 🚗 💧

🚧Vi jobbar og må dessverre halde vegen over Vestmoa stengt. 🚗Akkurat no er det strekket langs gravplassen til til parker...
22/10/2026

🚧Vi jobbar og må dessverre halde vegen over Vestmoa stengt. 🚗Akkurat no er det strekket langs gravplassen til til parkeringsplassen ved Spjelkavik kyrkje.
Når vi først graver og stenger veg, så samarbeider vi med Tafjord fjernvarme 🤝 som legg rør samtidig og vi slepp vi meir styr seinare.
Vi jobbar også slik at vi tek kortare etappar og gjer dei heilt ferdig slik at det berre er korte område som er stengt i kort tid.
Grøfta og prosjektet er ein del av overføringsnettet til Kongshaugen reinseanlegg. 💧Arbeidet langs Vestmoa er venta å vere ferdig før jul 🎄dersom det ikkje dukkar opp uventa hindringar i bakken.
Omkøyring er skilta og det er tilrettelagt for at gåande 🚶kan passere.
Meir informasjon finn du i lenka i kommentarfeltet 🔗👇

Brann👨‍🚒+vann💧=❤️‍🔥 Takk for besøket til vaktlaget frå brannstasjonen i Spjelkavika som gjorde seg kjent med det nye vas...
19/10/2026

Brann👨‍🚒+vann💧=❤️‍🔥 Takk for besøket til vaktlaget frå brannstasjonen i Spjelkavika som gjorde seg kjent med det nye vassbehandlingsanlegget i Fremmerholen 🤩 Og vi er glade både for besøket og at vi kan får betre vassforsyning som også sikrar sløkkevatn til brann. og brannsløkkevatn 🚒

🤩 Velkomen til Jørn Agersborg som ny verksemdsleiar 👐 Jørn Agersborg kjem frå stilling som kommunalsjef i Sula kommune o...
19/10/2026

🤩 Velkomen til Jørn Agersborg som ny verksemdsleiar 👐 Jørn Agersborg kjem frå stilling som kommunalsjef i Sula kommune og har vore konstituert verksemdsleiar i Vatn og avløp i Ålesund sidan nyttår. Jørn var mellom søkarane til stillinga då ho vart lyst ut, og har no takka ja til stillinga. 💧

💧OPPDATERING‼️ Det blir legging MANDAG av sjøleidning langs Åsestranda pga vermeldingane utover veka og ikkje tirsdag 13...
12/10/2026

💧OPPDATERING‼️ Det blir legging MANDAG av sjøleidning langs Åsestranda pga vermeldingane utover veka og ikkje tirsdag 13. oktober som planlagt. Arbeidet vil påverke båttrafikken i området og i ein kortare periode kan det bli stengt for trafikk.
🦞Sidan leidninga blir liggande langs land og det er hummarsesong, gjer vi også merksam på at leidninga kan kome i konflikt med teiner og anna fiske-reiskap.
🌊For å få slept leidninga på plass er vi avhengig av godt og lagleg vêr, og det kan bli endringar i kva dag det blir slep og seinking dersom det blir mykje vind, bølger eller anna. Dersom leidninga ikkje kan leggast som planlagt, kjem vi tilbake med oppdatert informasjon.
Meir informasjon i artikkel som du finn i lenke i kommentarfeltet 🔗👇

Lillevatnet er eit sårbart naturområde, så det gjeld å passe godt på. 💧Vi har difor lagt ut siltgardin som skal sørge fo...
08/10/2026

Lillevatnet er eit sårbart naturområde, så det gjeld å passe godt på. 💧Vi har difor lagt ut siltgardin som skal sørge for at ikkje grus og andre partiklar fer ut i vatnet dersom det blir overløp frå avløpsleidninga som er i dårleg stand. Dette er gjort i samband med grøftegraving og leidningsfornying i området ved Nylandvegen.
🌱Nokre har sett at det har vakse fram noko grønt innanfor siltgardina. Ferskvassøkologar har sett på dette, og fortel at det er ein ferskvassplante, truleg Klovasshår. Det er ein uproblematisk art som har funne seg til rette innanfor siltgardinen sidan her er det rolegare og lunare strøymingsforhold enn ute i vatnet.
🌱Ferskvassøkologane vurderer at det ikkje er behov for noko vidare tiltak og at siltgardina fortsatt bør stå ute som eit beredskapstiltak for å beskytte mot eventuelle forureinande utslepp.
💧Overløpet er tetta og det kjem ikkje noko ut av røret og ut i vatnet innanfor siltgardina no, men gardina står der som ein beredskap i tilfelle det trengst å åpne overløpet i løpet av anleggsarbeidet som skal pågå i området i om lag eit år.
Du kan lese meir om arbeidet i Nylandvegen i sak som du finn lenke til i kommentarfeltet 🔗👇

Kongshaugen reinseanlegg blir ferdig i 2028 og Ålesund kommune kan difor no  mjukne opp praksisen med at ein må etablere...
02/10/2026

Kongshaugen reinseanlegg blir ferdig i 2028 og Ålesund kommune kan difor no mjukne opp praksisen med at ein må etablere privat reinseløysing før påslepp i område som skal over til Kongshaugen 💧Meir informasjon i artikkelen du finn i lenke til i kommentarfeltet. 🔗👇

Takk for besøket 🤩  Leiar for det nest største "vass-området" i Ghana med over fem millionar innbyggarar har vore i Åles...
24/09/2026

Takk for besøket 🤩 Leiar for det nest største "vass-området" i Ghana med over fem millionar innbyggarar har vore i Ålesund og mellom anna på besøk hos VA, for å lære om korleis vi sikrar reint vatn på ulike måtar som digitalisering og automatisering💧
F.v.: Lars Andreas Slyngstad Lågeide: Ålesund VA, Prof Razak Seidu: NTNU Ålesund, Arve Olav Bang: Ålesund VA, Dr. Hanson Akuetei, Ghana Water Limited, Ghana, Ghana Water Limited, Ghana, Themba Baloyi: PhD student, NTNU Ålesund, Andreas Relling: Ålesund VA,
Di Wu: Associate Professor, NTNU Ålesund og Mohammad Hosseini: Smart Water Management Supplier, Neovest AS NTNU i Ålesund

‼️UTSETT TIL ONSDAG ‼️Planlagt seinking av sjøleidning tirsdag 22. september er utsett til onsdag pga for mykje vind. Vi...
22/09/2026

‼️UTSETT TIL ONSDAG ‼️Planlagt seinking av sjøleidning tirsdag 22. september er utsett til onsdag pga for mykje vind. Vi sleper frå Giørtz- tomta på Sjukenesstranda, via Vegsundet og under Tjørsundbrua. Leidninga skal fram til den nye pumpestasjonen ved Åse reinseanlegg og ligge derifrå og til Stafsethneset.
💧Arbeidet vil påverke båttrafikken i området og i ein kortare periode kan det bli stengt for trafikk. Det er stilt krav til entreprenør om at det skal vere fartøy som skal halde vakt, og vi oppmodar båtførarar og andre som ferdast på sjøen om å vere merksame og varsame.
💧For å få slept leidninga på plass er vi avhengig av godt og lagleg vêr, og det kan bli endringar dersom det blir mykje vind, bølger eller anna. Dersom leidninga ikkje kan leggast som planlagt, kjem vi tilbake med oppdatert informasjon.
📷frå slep i Vegsundet og legging av andre sjøleidningar sist vinter.
Meir informasjon finn du via lenka 🔗i kommentarfeltet 👇

Adresse

Storgata 25
Ålesund
6002

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4770162000

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Vatn i Ålesund legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vatn i Ålesund:

Snarveier

Del