Bypakke Ålesund

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Bypakke Ålesund Ålesund skal ruste seg for framtida med miljøvennlege og effektive samferdselsløysingar. Målet er ein betre by for alle. I så fall vil vi gi beskjed om det.

Bypakke Ålesund er eit samarbeid mellom Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen. 💚 Bypakke Ålesund skal legge til rette for miljøvennleg transport ved å frigjere vegkapasitet til buss, og legge til rette for fotgjengarar og syklistar. Prosjekta våre skal betre framkomsten, redusere reisetida og betre trafikktryggleiken. Bypakken vart vedteken av bystyret i Ålesund og Møre og Romsdal fylkesting i juni 2019, og i Stortinget i mai 2021. På denne sida finn du nyttig informasjon frå Bypakke Ålesund. All viktig informasjon frå oss finn du i tillegg alltid på heimesida vår www.bypakkealesund.no.

✏️ Sida blir administrert av kommunikasjonsrådgivarar i Bypakke Ålesund innanfor normal arbeidstid. Du kan forvente å få svar på spørsmål innan to arbeidsdagar. Nokre gongar treng vi hjelp frå fagfolka i prosjekta våre til å svare, og då kan det ta lenger tid. Saker som krev saksbehandling må du melde inn på e-post til [email protected], eller direkte til ein av partane i Bypakke Ålesund. Du finn kontaktinformasjon på nettsida vår.

❗️ Vi forventar at alle vil bidra til å halde ei god tone og vise respekt for kvarandre på denne sida. Vi sett pris på alle saklege kommentarar og innlegg – inkludert konstruktiv kritikk. Det er sjølvsagt heilt greitt å vere ueinig med oss eller kvarandre, eller det politiske vedtaket som ligg bak Bypakke Ålesund. God debatt og ueinigheit høyrer til demokratiet.

❌ Nokre gangar må vi likevel slette innlegg. Vi slettar innlegg som har upassande språk, som angrip person i staden for sak, som kan opplevast som krenkande eller som bryt med norsk lov. Vi slettar også kommentarar med personlege eller sensitive opplysningar, samt spam, verving og reklame. Enkelte innlegg med upassande språk blir stoppa direkte av Facebook. Gjentatte brot på desse retningslinjene kan føre til utestenging frå kommentarfelta våre. Takk for at du bidreg til ein sakleg og trygt kommentarfelt! 😊

Helsing oss i Bypakke Ålesund 💚

🚧 Informasjonsmøte om Blindheim–FlisnesRundt 70 personar deltok denne veka på informasjonsmøte om vidare framdrift i veg...
18/09/2026

🚧 Informasjonsmøte om Blindheim–Flisnes
Rundt 70 personar deltok denne veka på informasjonsmøte om vidare framdrift i vegprosjektet.

🚶‍♀️🚲🚗 Aco Anlegg AS er godt i gang med arbeidet. På møtet blei det informert om dei ulike fasane framover, og kva byggeperioden vil bety for dei som bur og ferdast i området.

Les heile saka og sjå presentasjonen frå møtet på nettsida vår: https://www.bypakkealesund.no/aktuelt/informerte-om-vidare-arbeid-pa-blindheim-flisnes.75536.aspx

🚧 No er ny hovudentreprenør på plass på Blindheim-Flisnes, og arbeidet er godt i gang att. 👷‍♂️Samtidig fører konkursen ...
14/09/2026

🚧 No er ny hovudentreprenør på plass på Blindheim-Flisnes, og arbeidet er godt i gang att. 👷‍♂️

Samtidig fører konkursen til store ekstrakostnader for prosjektet. Foreløpige berekningar viser at det kan bli behov for inntil 118 millionar kroner i ekstra finansiering for å fullføre prosjektet.

– Dette er eit øvre estimat som inkluderer både kjende kostnader og usikkerheit i prosjektet. Det faktiske behovet kan bli lågare, mellom anna dersom vi får dekka delar av merkostnadene gjennom konkursbuet eller garantisten, seier prosjektleiar Eduardo Martinez Gutierrez.

Mot slutten av året er planen å flytte fylkesvegen tilbake til normal trase. Då kan dagens omkøyring fjernast, og den nye vegen mellom Blindheimshallen og Puskhola opnast for trafikk. 🚗

Les meir på nettsida vår: https://www.bypakkealesund.no/aktuelt/blindheim-flisnes-treng-meir-pengar-etter-entreprenorkonkurs.75444.aspx

Inviterer til dialog 👩‍🦽‍➡I Korsegata vart det etablert tre parkeringsplassar for forflytningshemma i samband med det ny...
11/09/2026

Inviterer til dialog 👩‍🦽‍➡

I Korsegata vart det etablert tre parkeringsplassar for forflytningshemma i samband med det nye kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum.

Desse har vist seg å vere vanskelege å nytte for køyretøy med sidemontert rullestolheis, og Bypakke Ålesund ønskjer å finne ei løysing som kan betre tilgjengelegheita for denne brukargruppa.

– Dette har vore ei krevjande sak. Vi ønskjer å finne ei god løysing, og har derfor bedt fylkeskommunen gå i dialog med råda for menneske med nedsett funksjonsevne, slik at innspela deira blir tekne omsyn til før vi tek ei avgjerd, sa Øystein Tvedt, leiar for styringsgruppa.

Les meir på nettsida vår: https://www.bypakkealesund.no/aktuelt/foreslar-endring-for-hc-parkering-i-sentrum.75382.aspx

🚌 Klarsignal til nye busslommer ved Color Line stadionNo lyser Statens vegvesen ut arbeidet med å bygge nye busslommer l...
01/09/2026

🚌 Klarsignal til nye busslommer ved Color Line stadion

No lyser Statens vegvesen ut arbeidet med å bygge nye busslommer langs E136 ved Color Line stadion.

Tiltaket vil gi eit betre kollektivtilbod til eit område med mange bustader, fritidsaktivitetar og viktige møteplassar, og gjere det enklare å velje bussen i kvardagen.

Dei nye haldeplassane får universelt utforma plattformer, leskur og trygg tilkomst via gang- og sykkelveg. Samtidig blir det bygd nye fortau og gjennomført fleire trafikksikringstiltak som skal gjere området tryggare for alle trafikantar.

👉 Les meir her: https://www.bypakkealesund.no/aktuelt/klarsignal-til-busslommer-ved-color-line-stadion.75012.aspx

20/08/2026

🎊I juni feiret vi åpningen av en ny og trygg skoleveg for barna på Hessa skole.

✅Her har Bypakke Ålesund ferdigstilt 550 meter med nytt fortau, nytt gangfelt og oppgraderte bussholdeplasser.

🚴‍♀️Nå er skolevegen tryggere, slik at flere barn kan gå, sykle og krysse veien på egen hånd.

God skolestart!

🪏Nå ferdigstilles arbeidet i Prestegata og Giskegata, med unntak av mindre arbeider som oppmerking og tilstelling. Når g...
19/08/2026

🪏Nå ferdigstilles arbeidet i Prestegata og Giskegata, med unntak av mindre arbeider som oppmerking og tilstelling. Når gatene er asfaltert vil de åpnes, og trafikk vil kunne gå som normalt.

🚧Vann og avløp i Ålesund kommune fortsetter med nye overvannsrør i Øwregata og krysset til Latinskolegata, med oppstart i løpet av denne uka. Her vil deler av strekket sperres av for både gjennomkjøring og parkering i anleggsperioden. Byggeperioden vil strekke seg ut i September.

✅Når arbeidet er fullført vil området ha fått et stort løft i overvannshåndtering, i tillegg til bedre belysning og nye overflater.

Signert kontrakt for fv. 60 Blindheim–Flisnes! ✍️ Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått kontrakt med den lokale entr...
06/08/2026

Signert kontrakt for fv. 60 Blindheim–Flisnes! ✍️

Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått kontrakt med den lokale entreprenøren ACO Anlegg AS for å ferdigstille vegarbeidet på fv. 60 Blindheim–Flisnes. Anleggsarbeidet startar opp i løpet av august, og skal etter planen stå ferdig hausten 2027. 👷

- Dette er ein svært viktig dag for prosjektet. Etter ein krevjande vår med konkurs og ny anbodsutlysing, er vi no klare til å gå vidare saman med ACO Anlegg seier prosjektsjef Torbjørn Vatnehol.

Les meir på nettsida vår: https://www.bypakkealesund.no/aktuelt/signerte-kontrakt-med-lokal-entreprenor-pa-fv-60-blindheim-flisnes.73272.aspx

Adresse

Keiser Wilhelmsgate 11
Ålesund
6003

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4770162000

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Bypakke Ålesund legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Bypakke Ålesund:

Snarveier

Del