24/03/2025
Flott dag på Seimsåsen saman med Vaksenopplæringa på fredag. Det vart fyrt bål og kokt kaffi, nokon fekk prøvd ski for fyrste gang, og det vart èin gjennomgang av både sporlaus ferdsel og allemannsretten. Takk for ein flott dag på Seimsåsen! Stor takk til Årdal bibliotek for god service på utleie av utstyr.
26/02/2025
Saman med Tilflyttarkontoret i Årdal og Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter. Frivilligsentralen i Årdal arrangerte me informasjonskveld om lag og organisasjonar sine tilbod i Årdal. Tusen takk for alle lag og organisasjonar som ville kome å presentere sine aktivitetar, og tusen takk til alle som tok turen innom i Teknologiparken.
Me tek med oss tilbakemeldingane og håpar at dette er noko me kan gjenta ved èin seinare anledning.