19/09/2026
No nærmar det seg årets vaksinering i Vindafjord. Smittevernlege Iris D. Klage-Håheim oppmodar innbyggjarane om å bestille time i Helseboka.
Vaksineringa blir gjennomført på Kulturhuset i Ølen over fem dagar i november:
• Måndag 16.11.2026
• Tysdag 17.11.2026
• Fredag 20.11.2026
• Tysdag 24.11.2026
• Torsdag 26.11.2026
Alle dagane er opne kl. 08.00–15.30.
Bestiller du no får du valt eit tidspunkt som passar, og me kan gjennomføre vaksineringa trygt og effektivt.
Leveransar av influensavaksinen er noko forseinka i år. Smittevernlege Iris D. Klage-Håheim understrekar at innbyggjarane ikkje treng å uroa seg:
– Det kan tvert imot vere ein fordel at vaksineringa skjer nærare influensasesongen. Influensavaksinen gir vanlegvis best vern dei første tre månadene, og influensaen sirkulerer oftast mest frå desember og utover.
Folkehelseinstituttet tilrår influensavaksine innan byrjinga av desember.
– Innbyggjarane har god tid til å bestille time og nytte kommunen sitt tilbod på Kulturhuset. Det er ikkje nødvendig å skunde seg til apoteket, der vaksinen kostar meir, seier smittevernlegen.
Vaksinasjonsprogrammet for vaksne omfattar årleg influensavaksine for personar som har fylt eller fyller 65 år i løpet av året, og yngre personar i risikogrupper. Aktuelle grupper kan også få koronavaksine og pneumokokkvaksine.
Influensavaksinen kostar 310 kroner.
Bestill time i Helseboka: https://app.helseboka.no/booking/staff/4543424/treatment
Treng du hjelp til bestilling? Kontakt vaksinekontoret på telefon 913 03 842
måndag til torsdag kl. 09.00–15.00, eller [email protected].
For meir informasjon sjå nettsida til kommunen (lenkje i kommentarfeltet).