Askvoll bibliotek

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Askvoll bibliotek Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, vurderinger, bilder, videoer og kunngjøringer fra Askvoll bibliotek, Bibliotek, "Gamle bankbygget", Askvollvegen 425, Askvoll.

WOW! Tusen takk til alle som kom innom Haustverkstad på Askvoll Bibliotek 🍂 i dag!🤎 For ei glede det er å kunne samlast,...
08/10/2026

WOW! Tusen takk til alle som kom innom Haustverkstad på Askvoll Bibliotek 🍂 i dag!🤎 For ei glede det er å kunne samlast, prate, skape og sjå kvarandre. Heile biblioteket og gamle bankplassen var fylt med liv, og det var så utrulig godt å sjå.

Vi vil også takke Røde Kors Askvoll, men spesielt Vigdis og Ingunn som sto for vafler, sylte og rømme. Ingunn stekte vafler til den store gullmedaljen!

Tusen takk til Magne Leon og Jean som sto for litervis med kakao 🙌🏻

Tusen takk til volontørene, Siri og Zuzanna, som sto for kreativ ansiktsmaling og bidrog før og etter tilstelninga 🫶🏽

Igjen, for eit oppmøte! Vi har virkelig kosa oss saman i dag 🤎 Og vi gler oss til gjentaking!

Har du lyst til å vere kreativ, lære nye teknikkar og ha ei koseleg stund saman med andre?Bli med på Kreativ aften på bi...
03/10/2026

Har du lyst til å vere kreativ, lære nye teknikkar og ha ei koseleg stund saman med andre?

Bli med på Kreativ aften på biblioteket! Kvar torsdag møtest for å utforske ulike former for kunst og handverk. Du treng ikkje vere flink frå før – her er det plass til både nybyrjarar og deg som har mykje erfaring.

Vi prøver oss på mellom anna leire, modellering, teikning, maling, bokbinding, nålefilting, papirskulpturar og ulike sesongbaserte prosjekt. Du treng ingen forkunnskapar – her er det plass til alle nivå.

Torsdagar kl. 18.30–19.30
📍 Biblioteket
📅 Første gong: 22. oktober – fram til ca. midten av desember
💰 265 kr per økt
🎟️ Påmelding til biblioteket – 8 plassar per økt

Kom som du er, og bli med på ein kreativ torsdagskveld! Ta gjerne kontakt med Charlotte Rintler ved spørsmål.

Har du lyst å bidra til å skape ein koseleg bibliotekkafe? 😍👇
22/09/2026

Har du lyst å bidra til å skape ein koseleg bibliotekkafe? 😍👇

Vi skal starte opp bibliotekskafé i Askvoll! 🥳

Med støtte frå Sparebankstiftinga er Askvoll Frivilligsentral, i samarbeid med biblioteket og Mana Studio, i gang med å skape ein ny møteplass på biblioteket.🫶

I første omgang ønskjer vi å starte med ein enkel kaffikrok/kaffibar – ein lun stad for god kaffi, ein prat og litt meir liv i sentrum!
Og på sikt håpar vi at dette kan vekse
til endå meir.🌱

Har du lyst til å bidra?
Vi tek gjerne imot gode idear, og praktisk hjelp til å gi brukte møblar nytt liv!🌟
Så er vi på jakt etter møblar som; små bord, gode stolar, lamper og anna interiør som kan passe i ein lun kafékrok.☺️

Hjelp oss gjerne med å spreie ordet – og ta kontakt her, eller på tlf til enten;
Stina - 908 48 627 eller June - 57 73 33 33
om du vil bidra, eller har møblar du trur kan passe inn og som du ønskjer å gi vidare!💛

Meir informasjon kjem snart.

I sommar blir biblioteket feriestengt 2 juli til 31 juli 😎 Siste dag med ope er onsdag 1 juli, og første dag etter ferie...
24/06/2026

I sommar blir biblioteket feriestengt 2 juli til 31 juli 😎 Siste dag med ope er onsdag 1 juli, og første dag etter ferie er laurdag 1 august 🎉

Biblioteket og Askvoll og Fjaler Hagelag l***r til stiklingsbyttedag på biblioteket 23 april 😍🪴🌻 Har du planter (utandør...
08/04/2026

Biblioteket og Askvoll og Fjaler Hagelag l***r til stiklingsbyttedag på biblioteket 23 april 😍🪴🌻 Har du planter (utandørs eller innandørs) du vil beskjære? Lyst på fleire? Lever inn stiklingar på biblioteket frå 12.00, og kom for å byte fra 17.30!

Det er endeleg vår og tid for å arbeide i hagen. Ein fin måte å få nye planter på er ved å bytte stiklingar med andre.

Biblioteket har fått fleire nye bøker for både voksne og barn til påske, og held ope tysdag og onsdag neste veke som nor...
25/03/2026

Biblioteket har fått fleire nye bøker for både voksne og barn til påske, og held ope tysdag og onsdag neste veke som normalt 🌼💛 Tysdag 12.00 - 14.30 er alle velkomne innom til påskeverkstad der du kan lage påskedekorasjonar av eggekartongar, farga ark og anna kreative ting.

Biblioteket har ope som normalt i vinterferien 💐 Velkommen innom for ein prat, ein kopp kaffe eller for å låne nokre bøk...
10/02/2026

Biblioteket har ope som normalt i vinterferien 💐 Velkommen innom for ein prat, ein kopp kaffe eller for å låne nokre bøker. Tysdag 13.00-15.00 og torsdag 17.00-19.00 er det, i samarbeid Askvoll frivilligsentral, kreativ stund på biblioteket 🎉🎨🖌️ Det blir lagt fram diverse kjekt for at alle kan male, klippe eller lage andre kreative ting. Velkommen innom 😍

Bokanbefalingar - januar ☕📚💙Kva bøker les vi for tida? Vaksenbøker, barnebøker, teikneseriar, diktbøker, har du er bok d...
21/01/2026

Bokanbefalingar - januar ☕📚💙

Kva bøker les vi for tida? Vaksenbøker, barnebøker, teikneseriar, diktbøker, har du er bok du likte kjempe godt? Legg gjerne igjen ein kommentar om bøker du vil tipse andre om 😍

Eg startar med å tipse om fleire bøker:

"Delås Gård - Tilbake til framtiden" 🌱Som ei bok ikkje berre om dyrking, mattradisjonar og gårdsdrift, men også om livsfilosofi og ulike livsvalg. Og ekstra stas at Askvoll var eit dei første biblioteka i Norge som fekk denne i hylla!

Krim-triologien til Øystein Bogen, med "Zetaviruset" som bok 1, er dagsaktuell og super spennande, med spionasje og etterretning som gjennomgåande tråd. Med bøkene som lydbok gjekk husvask, bretting av klær og middagslaging unna fort 💯

"Keramikk for nybegynnere" er ein bok eg gleder meg til å nyte og senke skuldrane med🧘🏼‍♀️ Boka tilhøyrer ein nyoppstått sjanger frå Japan og Korea: "Healing Fiction".

Velkommen innom årets første (og hakket rebelsk ved å vike frå "kvar første laurdag i mnd") laurdsgsope på biblioteket i...
09/01/2026

Velkommen innom årets første (og hakket rebelsk ved å vike frå "kvar første laurdag i mnd") laurdsgsope på biblioteket i morgon 🎉💛

2025 var eit herleg år, med mange fine arrangement, besøk, skule- og barnehagebesøk, og gode samtaler eg tek med meg inn...
02/01/2026

2025 var eit herleg år, med mange fine arrangement, besøk, skule- og barnehagebesøk, og gode samtaler eg tek med meg inn i minneboka! Tusen takk til alle dåke som gjorde året som var til eit nydeleg år! Med auke i både utlån og besøk på biblioteket! Eg ser fram til 2026 og fleire gode samtaler og fleire besøk!

Adresse

"Gamle Bankbygget", Askvollvegen 425
Askvoll
6980

Åpningstider

Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 12:00 - 19:00

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Askvoll bibliotek legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Askvoll bibliotek:

Snarveier

Del

Kategori