Aukra frivilligsentral

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Aukra frivilligsentral Møte mellom menneske

Ekko Aureosen IL G2015 inviterer til søndagskafé 8. november kl. 12-15 - på sjølvaste farsdagen. Dei sel kaker, bakst, k...
05/11/2026

Ekko Aureosen IL G2015 inviterer til søndagskafé 8. november kl. 12-15 - på sjølvaste farsdagen. Dei sel kaker, bakst, kaffi og saft. Perfekt for å feire pappa eller berre treffe sambygdingar for ein prat, ta turen innom 🍰 ☕

Hugs å nominer din kandidat til frivilligprisen 2026 - innan 1. desember 👇
02/11/2026

Hugs å nominer din kandidat til frivilligprisen 2026 - innan 1. desember 👇

Nominer din kandidat til frivilligprisen 2026 - innan 1. desember 🏆

Prisen vert delt ut til den personen, laget eller organisasjonen som har gjort ein spesiell inkluderingsinnsats i kommunen. Med utdeling av frivilligprisen ønskjer Aukra kommune å heidre enkeltpersonar eller lag og organisasjonar som har gjort ein forskjell - til glede for mange. Vi ønskjer at alle skal kjenne at dei høyrer til i Aukra. Alle veit kor mykje det betyr for oss å høyre til i eit fellesskap, og å få vere engasjert i noko ein syns er kjekt å halde på med på fritida. Det å føle seg velkommen, ha nokon å snakke med og føle seg inkludert. Alt dette vert lagt til grunn når vinnaren skal kårast. Frivilligprisen skal vere eit synleg bevis på at Aukra kommune verdset det frivillige bidraget som er med på å gjere kommunen vår til den beste kommunen å bu i.

Du finn lenkje til digitalt skjema for å registrere din nominasjon på nettstaden til Aukra frivilligsentral og Aukra kommune.

Du kan òg levere ein skriftleg nominasjon til kulturavdelinga - i Aukra kulturhus sine opningstider.

Tidligare vinnarar av frivilligprisen:

2018 Gossen motorklubb
2019 Aukra husflidslag
2020 Løvik kystfortforening
2021 Sverre Søreide
2022 Gossen bygdekvinnelag
2023 Matombringarane
2024 Svenn W***y Tollefsen
2025 Inger Lyngvær

Søndagskafé 1. november kl. 12–15 i Julsundet fleirbrukshus. Arrangør er 10. klasse ved Julsundet skole, velkommen! 🍰 ☕
29/10/2026

Søndagskafé 1. november kl. 12–15 i Julsundet fleirbrukshus. Arrangør er 10. klasse ved Julsundet skole, velkommen! 🍰 ☕

Laurdagskafé våren 2027 Alle frivillige lag- og organisasjonar i Aukra kan no melde inn ønskjer om datoar for laurdagska...
26/10/2026

Laurdagskafé våren 2027

Alle frivillige lag- og organisasjonar i Aukra kan no melde inn ønskjer om datoar for laurdagskafé våren 2027 🍰

Tilgjengelege datoar:

Januar: 9. januar, 16. januar, 23. januar, 30. januar

Februar: 6. februar, 13. februar, 20. februar, 27. februar

Mars: 6. mars, 13. mars, 20. mars, 27. mars

April: 3. april, 10. april, 17. april, 24. april

Mai: 8. mai, 15. mai, 22. mai, 29. mai

Juni: 5. juni

Send inn ønskjer innan 1. desember, på e-post til: [email protected]

FN-dagen er 24. oktober og tema i år er «Verdas største lagarbeid» Samarbeid 🧩 Solidaritet 🌎 FellesskapFrivilligsentrala...
23/10/2026

FN-dagen er 24. oktober og tema i år er «Verdas største lagarbeid»

Samarbeid 🧩 Solidaritet 🌎 Fellesskap

Frivilligsentralar med frivillige over heile landet bidreg til nettopp dette gjennom sosiale møteplassar, frivillig innsats og som bindeledd i lokalsamfunna. Gjennom samarbeid og felles innsats viser dei kva årets tema for FN-dagen betyr i praksis.

Med konkrete, lokale handlingar viser dei kva FN sine berekraftsmål kan bety i kvardagen. Ei god verd blir bygd gjennom gode lokalsamfunn! 🙌

Takk til alle frivillige som gjer ein innsats for samarbeid, solidaritet og fellesskap 💚

Søndag 25. oktober er det ikkje søndagskafé i Julsundet fleirbrukshus grunna utleige.
22/10/2026

Søndag 25. oktober er det ikkje søndagskafé i Julsundet fleirbrukshus grunna utleige.

Nominer din kandidat til frivilligprisen 2026 - innan 1. desember 🏆Prisen vert delt ut til den personen, laget eller org...
20/10/2026

Nominer din kandidat til frivilligprisen 2026 - innan 1. desember 🏆

Prisen vert delt ut til den personen, laget eller organisasjonen som har gjort ein spesiell inkluderingsinnsats i kommunen. Med utdeling av frivilligprisen ønskjer Aukra kommune å heidre enkeltpersonar eller lag og organisasjonar som har gjort ein forskjell - til glede for mange. Vi ønskjer at alle skal kjenne at dei høyrer til i Aukra. Alle veit kor mykje det betyr for oss å høyre til i eit fellesskap, og å få vere engasjert i noko ein syns er kjekt å halde på med på fritida. Det å føle seg velkommen, ha nokon å snakke med og føle seg inkludert. Alt dette vert lagt til grunn når vinnaren skal kårast. Frivilligprisen skal vere eit synleg bevis på at Aukra kommune verdset det frivillige bidraget som er med på å gjere kommunen vår til den beste kommunen å bu i.

Du finn lenkje til digitalt skjema for å registrere din nominasjon på nettstaden til Aukra frivilligsentral og Aukra kommune.

Du kan òg levere ein skriftleg nominasjon til kulturavdelinga - i Aukra kulturhus sine opningstider.

Tidligare vinnarar av frivilligprisen:

2018 Gossen motorklubb
2019 Aukra husflidslag
2020 Løvik kystfortforening
2021 Sverre Søreide
2022 Gossen bygdekvinnelag
2023 Matombringarane
2024 Svenn W***y Tollefsen
2025 Inger Lyngvær

20/10/2026

Vil nokon arrangere laurdagskafé no førstkommande laurdag 24. oktober kl. 11–15?

Vi har fått inn eit avbud og søkjer derfor ein arrangør, ta kontakt om de er interessert 🍰

Tlf: 909 86 251
E-post: [email protected]

17/10/2026

Vi treng fleire som kan bidra som natteravn! 💛
Det er ingen som er sett opp fram til jul.

Kvar fredagskveld er det 50–60 ungdommar på Open kveld ved Aukra kulturhus, og det trengst trygge vaksne som kan bidra til at uteområdet også er ein trygg stad å vere. Det er ein fin moglegheit til å bli kjend med ungdommane, ungdomsmiljøet og andre foreldre og vaksne. Har du ein ungdom som er til stades, er det fint om du kan bidra.

Du treng ikkje binde deg til mange kveldar, ta den fredagen eller laurdagen som passar for deg. Om fleire bidreg, blir det mindre på kvar enkelt.

Ungdommane våre fortener at vi vaksne stiller opp, og akkurat no treng vi fleire som kan gjere det 💛 Ikkje tenk at nokon andre stiller opp, vi treng alle!

Meld deg som natteravn! Send ei melding på tlf: 965 15 043 så får du tilsendt ei personleg lenke der du kan velge dag ☺️ Takk!

Adresse

Aukraringen 3
Aukra
AUKRA

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Aukra frivilligsentral legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Aukra frivilligsentral:

Snarveier

Del


Andre Offentlige og statlige tjenester i Aukra

Vis Alle