Aurland kommune

Aurland kommune

Del

Aurland kommune Om Aurland

Aurland har omlag 1800 innbyggjarar fordelt på dei fem bygdene Aurlandsvangen, Vassbygdi, Flåm, Undredal og Gudvangen.

Aurlandsvangen er kommunesenteret og der ligg dei fleste sørvisfunksjonane som lege, tannlege, NAV kontor, bank, eit utval av butikkar som driv detaljhandel, kino, symjehall, idrettshall, bibliotek og kulturhus. På Aurlandsvangen, i Flåm, Gudvangen og i Undredal er det daglegvarebutikkar. Bensinstasjon finn du både ved Aurlandsvangen og i Gudvangen. Alle grendene har eit eller fleire samfunnshus s

04/06/2026

Har du lyst til å bidra til eit godt oppvekstmiljø? 👨‍👧‍👦

Vi har ledig tre 100% faste stillingar frå komande barnehageår:
🔹barnehagelærar i Aurland barnehage
🔹pedagogisk leiar i Flåm barnehage
🔹barnehagelærar i Flåm barnehage

Søknadsfrist: 15 juni

Er du interessert, eller kjenner du nokon som kan vere det? Sjå meir informasjon og søk på stillinga her 👇
https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/302770/barnehagelaerar-og-pedagogisk-leiar-2-gongs-utlysing

01/06/2026

Er du omsorgsfull og likar å hjelpe andre?
Vi har ledig stilling som sjukepleiar i heimebaserte tenester. Vi har også ledig stilling som tilkallingsvikarar ved institusjonstenester.

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, og søker deg som:
🔹er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i faget
🔹er fleksibel og løysingsorientert
🔹er opptatt av gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Sjå våre ledige stillingar her 👇
https://www.jobbnorge.no/search/nn?OrderBy=Published&Period=All&employer=2747 #1

01/06/2026

Laurdag 6. juni 2026 kl. 15.00 i AIS. 🎻🎶

Orkesteret Fossegrimen inviterer til sommarkonsert i Aurland saman med aktørar i ulike aldrar, amatørar og profesjonelle musikarar frå mellom anna Bergen, Aurland og Sogndal! Vi kan love eit avvekslande program for ulike besetningar og i ulike sjangrar, frå klassisk til folkemusikk.

29/05/2026

Vestland fylkeskommune varslar arbeid i Bakkatunnelen FV 5623 i veke 23. Arbeidet er planlagt i perioden måndag 01.06 til torsdag 04.06, i tidsrommet 08.00 -17.00.

Arbeidet vil bli regulert med manuell dirigering og ledebil. Opning for gjennomkøyring kvar heile klokketime

Entreprenør tek hensyn til beredskap i området. Nødetatar kan passere ved behov.

28/05/2026

Skjenkestader kan søke om utvida skjenketid i samband med fotball-VM for herrar, sommaren 2026.

I perioden 11. juni til 19. juli 2026 kan det givast løyve til skjenking av alkoholgruppe 1 og 2, øl og vin, mellom klokka 03.00 og 06.00.

Les meir om korleis du søker 👇
https://aurland.kommune.no/nyhet/93adcedd-c37c-4db4-93c3-fe9b87310b59

Foto: Ida Kristin Vollum

27/05/2026

Miljøstasjonen vil vere open frå kl 12.00 til 20.00 i morgon, torsdag 28. mai.
Miljøstasjonen vil også vere open laurdag 30. mai frå kl 10.00 til 14.00.

♻️Vårsjau på gang? Kommunen ønskjer at alle får moglegheita til å rydde både ute og inne i vår, og sponser derfor utvida opningstid ved Aurland miljøstasjon siste veka i mai.

Torsdag 28. mai blir det utvida opningstid, slik at du kan levere avfall mellom kl. 12:00-20:00 denne dagen.

Laurdag 30. mai blir det ekstraordinær opning, frå kl. 10:00-14:00.

Hugs også at du kan bestille kompostjord til avhenting ved miljøstasjonen: https://www.simas.no/simaskompost

Foto: SIMAS

22/05/2026

Endra opningstider i morgon 23. mai.

Biblioteket vil vere ope frå kl 10.00 til 12.00 laurdag 23. mai.

Svømmehallen er stengt.

Vi har reduserte opningstider på grunn av pinseafta.

21/05/2026

Vil du bidra til gode pasientforløp på legekontoret? Vi har ledig vikariat i 100% stilling som helsesekretær / sjukepleiar frå snarast og ut 2026. Vikariatet kan bli forlenga.

Vi tilbyr:
🔹eit godt arbeidsmiljø med erfarne og støttande kollegaer
🔹varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
🔹6 år tilleggsansiennitet for fagbrev og høgskuleutdanning

Les meir og søk på stillinga her 👇
https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/301499/helsesekretaer-sjukepleiar-ved-legekontoret

20/05/2026

Legekontoret har for tida redusert kapasitet. Dette kan medføre lengre ventetid på telefon, timebestilling og behandling av førespurnader enn normalt.

Førespurnader vil bli prioriterte ut frå medisinsk behov.

Det er også redusert kapasitet ved laboratoriet, og enkelte prøvar og kontrollar kan derfor få lengre ventetid enn vanleg.

Vi oppmoda innbyggarar til å nytte digitale tenester der dette er mogleg. Ved behov for akutthjelp kontakt legevakten 116 117, eller ved fare for liv og helse kontakt medisinsk nødnummer 113.

Vi beklagar ulempene dette medfører og takkar for forståinga.

18/05/2026

♻️Vårsjau på gang? Kommunen ønskjer at alle får moglegheita til å rydde både ute og inne i vår, og sponser derfor utvida opningstid ved Aurland miljøstasjon siste veka i mai.

Torsdag 28. mai blir det utvida opningstid, slik at du kan levere avfall mellom kl. 12:00-20:00 denne dagen.

Laurdag 30. mai blir det ekstraordinær opning, frå kl. 10:00-14:00.

Hugs også at du kan bestille kompostjord til avhenting ved miljøstasjonen: https://www.simas.no/simaskompost

Foto: SIMAS

Vil du plassere din bedrift på toppen av Offentlig Tjeneste-listen i Aurland?

Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Sted

Adresse


Vangen 1
Aurland
5745

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00