16/10/2026
👉 Kva skjer når ein vel ein annan veg enn den mest opplagde – og tør å følgja ein draum?
👉 Forfattar Lise Kristine Viken er aktuell med si fjerde bok, Mordet på Norskeplassen, og inviterer saman med «Loffedamene» – representert av Bente Semmingsen Fivelsdal – til ein uhøgtidleg, personleg og inspirerande kveld på Austrheim bibliotek, på kommunehuset torsdag 22. oktober klokka 19.00.
👉 Lise fortel om vegen inn i forfattarlivet – frå den første boka og fram til dagens forfattarskap, med fleire utgjevingar og eige forlag. Ho deler erfaringar frå det å satsa sjølvstendig, læra undervegs, møta motgang og stadig våga å tru på at det går an å skapa sin eigen veg. Ho presenterer også bøkene sine og fortel om livet som forfattar og forleggar.
👉 Loffedamene har på si side gjort det til en årleg tradisjon å pakka «snippen», forlata mann, barn og barnebarn og leggja ut på loffe-eventyr langs norskekysten. Ei god veke med vennskap, fridom, impulsivitet og nye opplevingar – gjerne utan at alt er planlagt på førehand. Og når tre sprudlande damer legg ut på tur, oppstår det ikkje sjeldan det dei sjølve kallar «Loffemagi».
👉 No skal historiene, opplevingane og menneskemøta frå desse turane bli til bok. Lise og Loffedamene har inngått et samarbeid der Fjellgeita forlag skal vera med på å utvikla og gi ut boka om ti år på loffen.
👉 På biblioteket får publikum bli med bak kulissane i dette samarbeidet, og inn i to ganske forskjellige reiser. Det blir forteljingar om forfattarskap og forlagsliv, loffeturar og eventyr, vennskap og fridom – men også om motet til å gjera noko annleis og følgja ein draum.
👉 Med humor, alvor, historier og glimt frå livet håpar Lise og Loffedamene å inspirera publikum til å våga litt meir – anten det handlar om å skriva ei bok, leggja ut på eventyr eller ganske enkelt gå ein litt annan veg enn den ein først hadde tenkt.
👉 Velkommen til ein kveld om bøker, reiselyst, vennskap, skaparglede og det å våga å gå utanfor det trygge og velkjente.
👉 Kaffi og enkel servering.