Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging- Region vest (RVTS Vest) har ein støttefunksjon for fagfolk på Vestlandet. Vi driv undervisning, konsultasjon og nettverkbygging på områda;
• Flyktninghelse og tvungen migrasjon
• Vald og seksuelle overgrep
• Sjølvmordsførebygging
Om våre facebook-sider:
Vi publiserer arrangement og relevant nytt frå våre eigne nettsider, samarbeidspartnarar, fagtidsskrift og nyhetsmedia. som kan gagne våre brukarar. Denne FB-sida vert redigert av RVTS Vest. Vi behandlar ikkje enkeltsaker her. Har du ei sak du ønsker at vi skal behandle, ber vi deg om å kontakte oss på [email protected]. Hugs at alt du skriv her, er synleg for andre. Personsensitive og private opplysningar, enten det gjeld deg sjølv eller andre, må ikkje publiserast, og dei kan bli sletta av oss. Vi tek atterhald om, utan varsel, å slette innlegg som vi meiner er støytande, krenkande, truande eller på annan måte representerer uakseptable former for ytringar. Dette inkluderer, men avgrensar seg ikkje til ytringar som blir vurderte til å være ærekrenkande, truande, pornografiske eller rasistiske. Ved brot på retningslinjene, vil vi vurdere utestenging. Kommentarar skal ikkje nyttast til kommersiell marknadsføring. RVTS Vest står ikkje ansvarleg for innhald på eksterne sider som det vert lenka til. Vi prøver å svare på førespurnader så snart som mogleg, men tek atterhald om at FB-sida vår ikkje er bemanna utanom normal arbeidstid.