Haramsbiblioteka

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Haramsbiblioteka Siden representerar biblioteka Longva, Lepsøy, Haramsøy, Brattvåg og Eidet.

Biblioteka har som oppgåve å fremme opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd, vere ein uavhengig møteplass, og ein arena for offentleg samtale og debatt.

22/10/2026
20/10/2026

Førstkomande tysdag 20. oktober blir det samling på Norborghallen kl. 1800.
Onsdag 21. oktober kjem vi til å samlast på Lepsøya. Det blir musikkrommet i kjellaren att med samfunnssalen som blir møteplassen på Lepsøy.
Vi gleda oss til å høyre på Jan Olav Flatmark fortelle om boka si Gestapo på Sunnmøre på begge plassar.

Det er heilt gratis!
VARMT VELKOMEN !

I dag hadde Haramsøy bibliotek besøk av Vegard Markus! 📚Han spelte, song og las boka «Det runde problemet.» Etterpå fekk...
14/10/2026

I dag hadde Haramsøy bibliotek besøk av Vegard Markus! 📚

Han spelte, song og las boka «Det runde problemet.» Etterpå fekk han god hjelp frå ungane i alle barnehagane på øyane og elevane i 1. klasse til å teikne eit fantasidyr. 🎨

Tusen takk til Vegard Markus og Litteraturhus i Møre og Romsdal for ei kjekk, triveleg og kreativ stund på biblioteket! 💛

14/10/2026
💚 Verdsdagen for psykisk helse 10. oktoberPå biblioteket finn du ei bokutstilling om psykisk helse, livsmeistring og men...
09/10/2026

💚 Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober

På biblioteket finn du ei bokutstilling om psykisk helse, livsmeistring og menneskelege erfaringar. 📚

Ta vare på deg sjølv og menneska rundt deg. 💚

📚🚫 Forbodne bøker på HaramsbibliotekaForbodne bøker blir markert kvart år frå 5. til 11. oktober i fleire land over heil...
07/10/2026

📚🚫 Forbodne bøker på Haramsbiblioteka

Forbodne bøker blir markert kvart år frå 5. til 11. oktober i fleire land over heile verda. 🌍

På Haramsbiblioteka markerer vi veka med fleire utstillingar.✨ Kom innom og sjå kva bøker som gjennom tidene har blitt sensurerte.

Kanskje blir du overraska over nokre av titlane! 📖

Det er viktig å vise fram bøker som ein gong har blitt sensurerte eller forbodne, og snakke om sensur, ytringsfridom og demokrati. Samstundes feirar vi fridomen til å lese det ein vil. 📚

Tøyveskebiblioteket «Les med meg!» har komme til Haram 📚Tøyveskebiblioteket «Les med meg!» er eit samarbeid mellom barne...
01/10/2026

Tøyveskebiblioteket «Les med meg!» har komme til Haram 📚

Tøyveskebiblioteket «Les med meg!» er eit samarbeid mellom barnehage og bibliotek, og eit enkelt og effektivt tiltak som gjer bøker lett tilgjengelege for barnefamiliar i kvardagen. Målet er å stimulere til meir høgtlesing heime 💛📖.

Biblioteket pakkar tøyveskene med bøker klare til utlån, og barnehagane hentar dei på biblioteket 📚✨. Deretter formidlar barnehagen tilbodet til barn og føresette, og syter for at tøyveskene står synleg og lett tilgjengeleg. Då er det enkelt å ta med seg ei veske heim ved henting, og levere bøkene tilbake på same stad når ein er ferdig.

Ordninga gjer det lettare å få gode leseopplevingar inn i kvardagen, både for familiar som ikkje har så mange bøker heime, og for dei som ikkje alltid rekk innom biblioteket.

Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune 🙌.

Haramsbiblioteka starta opp med ordninga i fjor i samarbeid med Søvik barnehage, og vi er svært takknemlege for innsatsen og samarbeidet. No samarbeider vi med fire barnehagar, og etter vinteren skal vi utvide prosjektet slik at endå fleire barn og familiar får tilgang til gode bøker og gode leseopplevingar 📖💫.

📚✨ Birgit Oline Kjerstad anbefaler ei rykande fersk bok på nynorsk! ✨📚«Sjå der går ein barndom - om lesaren, litterature...
29/09/2026

📚✨ Birgit Oline Kjerstad anbefaler ei rykande fersk bok på nynorsk! ✨📚

«Sjå der går ein barndom - om lesaren, litteraturen og det fortalde» av Maria Parr

Dette er ei samling lettlesne tekstar der Maria Parr deler erfaringar og tankar om kva god litteratur kan bety for barn og unge gjennom oppveksten.

Ei interessant bok for alle som er glade i litteratur og leseglede. ✨

23/09/2026

Mental Helse Haram har fått til eit flott arrangement på Haram Vidaregåande skule. Alle er velkomne! Tysdag 13. oktober kl. 1300 :)

Adresse

Brattvåg
6270

Åpningstider

Mandag 12:00 - 18:00
Tirsdag 11:00 - 16:00
Onsdag 13:00 - 16:00
Torsdag 12:00 - 18:00
Fredag 11:00 - 16:00
Lørdag 11:00 - 14:00

Telefon

+4747682067

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Haramsbiblioteka legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Haramsbiblioteka:

Snarveier

Del

Kategori