Haram kommune

Ring Veibeskrivelse Nettsted

Haram kommune Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, vurderinger, bilder, videoer og kunngjøringer fra Haram kommune, Strandgata 40, Brattvåg.

🚨Vi treng fleire frivillige til ei viktig øving!Måndag 12. oktober gjennomfører Ålesund kommune ei stor beredskapsøving,...
06/10/2026

🚨Vi treng fleire frivillige til ei viktig øving!

Måndag 12. oktober gjennomfører Ålesund kommune ei stor beredskapsøving, der kommunane Fjord, Giske, Haram og Sula er invitert inn som bidragsytarar og observatørar.

I samband med øvinga treng vi frivillige som kan stille opp som markørar. Mange har allereie meldt seg, men vi tar gjerne imot fleire!

Som deltakar får du vere med på ei realistisk øving av eit evakuerte- og pårørandesenter (EPS), der kommunen og samarbeidspartnarar trenar på å handtere ei større krisehending. Øvinga er trygg, godt organisert og inneber ingen reelle faresituasjonar.

✅ Du bidreg til å gjere øvinga meir realistisk
✅ Du hjelper oss å teste og forbetre beredskapen
✅ Du er med på å styrke tryggleiken i lokalsamfunnet vårt

📅 12. oktober
🕓 Kl. 16.00–21.00
📍 Ålesund rådhus

Les meir i artikkelen under:

Vi treng frivillige i alle aldrar til ei stor beredskapsøving 12. oktober. Meld deg på og bidra til eit tryggare samfunn.

🍂 Hausten er høgsesong for vakre solnedgangar, og vi markerer første fredag i oktober med å dele nettopp ein slik ein 😍 ...
02/10/2026

🍂 Hausten er høgsesong for vakre solnedgangar, og vi markerer første fredag i oktober med å dele nettopp ein slik ein 😍

🌅 Denne vakre kveldsstunda er foreviga frå Urdfjellet, tusen takk til fotograf Birthe Bringsvor som har lånt oss bildet 🤝

God helg, Haram 💙

🕑 Klokka 14.00 startar nytt møte i Haram kommunestyre.Mellom sakene som skal behandlast er🔹 Rehabilitering av kunstgrasb...
17/09/2026

🕑 Klokka 14.00 startar nytt møte i Haram kommunestyre.

Mellom sakene som skal behandlast er
🔹 Rehabilitering av kunstgrasbanedekker - retningslinjer for kommunal medverknad
🔹 Avtale om levering av drikkevatn til Hellestranda vassverk SA
🔹 Politisk struktur 2027-2031 - tal representantar i Haram kommunestyre

🎥 Du kan sjå saksdokument og følge møtet på KommuneTV, her finn du sendinga:

🌼 I oktober tilbyr Ressursbasen i Haram ei ny runde av det populære foreldrekurset Emosjonsbasert ferdigheitstrening.🌼 G...
15/09/2026

🌼 I oktober tilbyr Ressursbasen i Haram ei ny runde av det populære foreldrekurset Emosjonsbasert ferdigheitstrening.

🌼 Gjennom to kursdagar kan du lære om og øve på korleis du best kan møte barnet ditt sine følelsar, og korleis du kan bruke denne kunnskapen i situasjonar som kjennest vanskelege.

🌼 Kurset er gratis og alle foreldre er velkomne til å melde seg på. Les meir om kurset på nettsida vår, du finn link i kommentarfeltet.

(Foto: J. Rockowitz / Unsplash)

👋 Velkomen til årets andre folkemøte for seniorar! 🏡 Korleis kan vi planlegge for å bu trygt og godt gjennom ulike livsf...
14/09/2026

👋 Velkomen til årets andre folkemøte for seniorar!

🏡 Korleis kan vi planlegge for å bu trygt og godt gjennom ulike livsfasar? På årets andre folkemøte for seniorar set vi søkelyset på Bustadtrappa nivå 1–3 og kva du sjølv kan gjere for å tilpasse bustaden slik at du kan meistre kvardagen der lengst mogleg.

💪 I tillegg kan du få gode råd om korleis du kan halde kroppen sterk og aktiv.

📅 Dato: Onsdag 16. september
⏰ Tid: Kl 12.00–15.00
📍 Stad: Grytastranda Montessoriskule

💬 Kom og få nyttig kunnskap, møt andre og delta i samtalen om korleis vi saman kan skape eit meir aldersvenleg Haram!

👇 På nettsida vår kan du sjå fullstendig program, link ligg i kommentarfeltet.

📸: Frå folkemøtet som vart halde på ID-huset i januar.

💚 Verdsdagen for sjølvmordsførebygging 💚I dag markerer vi verdsdagen for sjølvmordsførebygging.  Årets tema er «Start sa...
10/09/2026

💚 Verdsdagen for sjølvmordsførebygging 💚

I dag markerer vi verdsdagen for sjølvmordsførebygging. Årets tema er «Start samtalen - saman».

Ein enkel samtale kan vere starten på at nokon får hjelp. Du treng ikkje ha alle svara, det viktigaste er å bry seg, spørje og lytte.

Les meir om korleis du kan vere der for nokon som har det vanskeleg i artikkelen på nettsida vår, det ligg link i kommentarfeltet.

💚 Vi har ingen å miste. Start samtalen - saman. 💚

Illustrasjon: leve.no

07/09/2026

Ledig stilling som HR-rådgivar i Haram kommune

👋 Vil du vere med og utvikle kommunen som organisasjon? Kommunedirektøren sin stab har ei spennande stilling ledig som HR-rådgivar.

🔍 Vi ser etter deg som er trygg i rådgivarrolla, har god system- og rolleforståing, og trivst med varierte og komplekse problemstillingar.

🤝 Som del av fagområde HR i kommunedirektøren sin stab får du ein variert arbeidskvardag, i eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer😊

📝 Ta ein titt på stillingsannonsen under, søknadsfristen er den 13. september.

https://6980.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/5166625832?language=nn&link_source_id=0

Det planlagte arrangementet i juni vart dessverre avlyst, men no kjem det ein ny sjanse! ☺️👇Laurdag den 19. september er...
06/09/2026

Det planlagte arrangementet i juni vart dessverre avlyst, men no kjem det ein ny sjanse! ☺️👇

Laurdag den 19. september er det klart for ein kjekk aktivitetsdag i Gjersetdalen Villmarksområde.

🎯 Målgruppa for aktivitetsdagen er barn, ungdom og unge vaksne med nedsett funksjonsevne, og deira familiar. Det er rådet for menneske ned nedsett funksjonsevne som inviterer, og med seg som arrangørar har dei Brattvåg Røde Kors og Gjersetdalen Villmarksområde.

🛶 Arrangementet varer frå kl 12.00 - ca 16.00, og det blir grilling, leik og mange friluftsaktivitetar som passar for alle.

🛻 Røde Kors tilbyr transport frå Gjerset til dei som treng det, det er også mogleg å køyre eigen bil opp dersom ein er avhengig av rullestol/hjelpemiddel.

⏳ Påmelding innan 16. september til Innbyggarservice på 70 20 75 00 eller e‑post. Arrangementet er gratis.

Les meir og meld deg på i lenka i kommentarfeltet – velkomen til ein fin dag i Gjersetdalen! 😊

𝐊𝐨𝐧𝐝𝐨𝐥𝐚𝐧𝐬𝐞𝐩𝐫𝐨𝐭𝐨𝐤𝐨𝐥𝐥 𝐭𝐢𝐥 𝐦𝐢𝐧𝐧𝐞 𝐨𝐦 𝐇.𝐌. 𝐊𝐨𝐧𝐠 𝐇𝐚𝐫𝐚𝐥𝐝 𝐕I samband med bortgangen til Kong Harald V er det lagt ut kondolansep...
01/09/2026

𝐊𝐨𝐧𝐝𝐨𝐥𝐚𝐧𝐬𝐞𝐩𝐫𝐨𝐭𝐨𝐤𝐨𝐥𝐥 𝐭𝐢𝐥 𝐦𝐢𝐧𝐧𝐞 𝐨𝐦 𝐇.𝐌. 𝐊𝐨𝐧𝐠 𝐇𝐚𝐫𝐚𝐥𝐝 𝐕

I samband med bortgangen til Kong Harald V er det lagt ut kondolanseprotokollar ulike stader i kommunen. Her kan alle som ønsker det kome og skrive eit minne, ei siste helsing eller berre signere.

Kondolanseprotokollane finn du desse stadene:

🕯 𝐇𝐚𝐫𝐚𝐦 𝐭𝐞𝐧𝐞𝐬𝐭𝐞𝐡𝐮𝐬
Måndag-fredag kl 09.00-15.00. Protokollen er til gjengengeleg fram til og med gravferdsdagen.

🕯 𝐋𝐨𝐧𝐠𝐯𝐚 𝐨𝐦𝐬𝐨𝐫𝐠𝐬𝐛𝐮𝐬𝐭𝐚𝐝𝐞𝐫
Alle dagar kl 08.00-20.00. Protokollen ligg ved hovudinngangen, og er tilgjengeleg fram til og med gravferdsdagen.

🕯 𝐄𝐢𝐝𝐞𝐭 𝐨𝐦𝐬𝐨𝐫𝐠𝐬𝐬𝐞𝐧𝐭𝐞𝐫
Alle dagar kl 08.00-20.00. Protokollen ligg ved hovudinngangen, og er tilgjengeleg fram til og med gravferdsdagen.

🕯 𝐇𝐚𝐫𝐚𝐦 𝐨𝐦𝐬𝐨𝐫𝐠𝐬𝐬𝐞𝐧𝐭𝐞𝐫
Torsdag 3. september kl 12.00-13.30, i lokalet til dagsenteret

Adresse

Strandgata 40
Brattvåg
6270

Åpningstider

Mandag 09:00 - 14:30
Tirsdag 09:00 - 14:30
Onsdag 09:00 - 14:30
Torsdag 09:00 - 14:30
Fredag 09:00 - 14:30

Telefon

70 20 75 00

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Haram kommune legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del