01/10/2026
🌱 Vi stemmer i med Hageselskapet Bømlo og deira oppmoding: Hjelp oss å fylla frøbiblioteket! 🌱
🌱 Hjelp oss å fylla frøbiblioteket! 🌱
No er det haust, og mange av dåke har sikkert frø som modnar i hagen akkurat no. Her ser dåke skuffene i frøbiblioteket vårt på biblioteket, og dei har godt med plass til fleire frø! 📚🌼
Har du blomar, grønsaker eller urter som har sett frø? Samle dei inn og del med andre hageglade på Bømlo!
Du kan levera frø når det passar deg – det er ingen faste tidspunkt å forholda seg til. Berre ta dei med til biblioteket i opningstida, når du likevel er innom. 💚
Nokre små tips:
🌷 Merk frøa med namn på planten
🌷 Skriv gjerne kva år dei er hausta, og om du veit sorten/fargen
🌷 Pass på at frøa er godt tørka før du pakkar dei
Me er heilt avhengige av dåke for at frøbiblioteket skal leva og veksa, så tusen takk til alle som bidreg! Og det er kjempekjekt om dåke deler innlegget vidare 🎉
Helsing Styret i Hageselskapet Bømlo