12/10/2026
😱 100 000.
📊 Det er, utruleg nok, antal gonger dei 125 Stolpejakt-stolpene våre har vorte skanna sidan me sette dei ut 27. mars. I løpet av helga passerte me hundre tusen besøk!
🥾 På biletet ser du den mest besøkte stolpen i kommunen – stolpe nummer 120, som er skanna vel 2300 gonger. Og til saman har me hatt meir enn 2300 unike Stolpejakt-brukarar på besøk så langt i år, frå meir enn 160 forskjellige kommunar!
☀️ Me har framleis nokre fine dagar innimellom, og sesongen varer til og med 1. november, så du har litt over tre veker på deg til å ta dei stolpene du ikkje har vore innom ennå. Og det same gjeld Ti turar i Time!
🚶 God tur i jærsk natur!