Bykle kommune

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Bykle kommune Sida inneheld informasjon om Bykle kommune. Ein treng tryggleik og positive omgjevnadar og impulsar for å kunne trivast og tru på seg sjølv. VELKOMEN TIL OSS!

Bykle er rik på det som er fint å vekse opp med, og som gir barna våre grunnleggjande verdiar, ei god ballast å ta med seg vidare. Vi som har bodd her ei stund veit alt om dette og vil gjerne at også du, om du vil, skal få oppleve dette. Vi er ikkje mange og vil gjerne bli fleire! Vi trur det er ein fordel at du likar småsamfunn og veit kva det krevst av den enkelte å leve og bu slik.Om du er viljug til å stå på og gjere ein innsats, vert samfunnet vårt enno betre å bu i, og du har kan hende funne ein plass der du vil byggje og bu. God kommuneøkonomi har gjort det mogleg å investere i gode tilbod innan helse- og sosialtilbod, barne- og ungdomstilbod, kultur- og fritidstilbod. Vi har særs gode aktivitetsbygg både i Bykle og på Hovden og ellers fine lokale innan dei fleste område. Her kan alle oppleve ein god oppvekst, utfordrande næringsliv, eit mangfald av fritidstilbod og ein trygg alderdom. Som innbyggjar i Bykle kommune får vi i pose og sekk når kommunen satsar på eit heilårleg reiselivstilbod. Ein roleg novemberdag er vi kan hende 900 personar totalt, og midt i påska kan det vere langt over 15 000 på besøk her. Fritidstilboda er omfattande året rundt og over 30 friviljuge organisasjonar gjer det lett å vere aktiv og finne seg gode vener her.

27/10/2026
Det skjer i Bykle i veke 44 :D
27/10/2026

Det skjer i Bykle i veke 44 :D

26/10/2026

Onsdag 28. oktober inviterer Evje og Hornnes bibliotek til veterankveld for personar som har tenestegjort i internasjonale operasjonar og oppdrag. Målet er å skape ein møteplass der veteranar kan treffe kvarandre, få fagleg påfyll og lære meir om tilbod og oppfølging i regionen. Arrangementet...

26/10/2026

Veka frå måndag 26. oktober er Eigenberedskapsveka i Noreg. Det handlar om kva kvar enkelt av oss bør ha av l***r heime, tenke på og gjere for å vere så budde som råd viss noko skulle skje.Temaet for Eigenberedskapsveka 2026 er krisekommunikasjon når mobilnett, internett eller andre elektron...

23/10/2026

Tre år med samskaping, relasjonsbygging og utradisjonelle løysingar vart denne veka oppsummert då Bykle kommune inviterte til Brynjedagen. Dagen markerte avslutninga på brynjeprosjektet, eit arbeid som har hatt som mål å førebyggje utanforskap og hjelpe fleire inn i arbeid, aktivitet og felle...

23/10/2026

Det er klart for seniorshop på heimen i Bykle onsdag 28. oktober klokka 10.30.

22/10/2026

Kvart år deler Agder fylkeskommune ved Råd for likestilling, inkludering og mangfold ut LIM-prisen til nokon som har gjort ein stor innsats på området. I år er fristen til å nominere kandidatar 23. oktober.

22/10/2026

Meir enn 4200 brukarar har lasta ned og nyttar appen Friskus for å få med seg nyheitsmeldingar frå Bykle kommune. Appen er gratis å laste ned og bruke.

Spennande prosjektstilling i Bykle kommune. Kort søknadsfrist.
22/10/2026

Spennande prosjektstilling i Bykle kommune. Kort søknadsfrist.

Vil du vere med og forme framtidas Bykle?Bykle kommune søkjer ein engasjert og framtidsretta medarbeidar som ønskjer å skape reelle resultat for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn. Dette er ei unik moglegheit for deg som trivst i skjæringspunktet mellom innovasjon, samfunnsutvikling og pr...

Adresse

Bykle Kommune, Bykle Rådhus
Bykle
4754

Åpningstider

Mandag 09:00 - 14:00
Tirsdag 09:00 - 14:00
Onsdag 09:00 - 14:00
Torsdag 09:00 - 14:00
Fredag 09:00 - 14:00

Telefon

+4737938500

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Bykle kommune legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Bykle kommune:

Snarveier

Del