25/09/2026
Innbyggarane våre er hjartet i kommunen. 💛 Og kven er så innbyggarane i Vaksdal kommune? Den siste fredagen i månaden presenterer vi nokre av innbyggarane våre. Vi spør om kven dei er, korleis dei hamna her, og kva som er det beste med å bu i kommunen vår. Møt ein av våre flotte innbyggarar: Inge Sandven.
Fortell litt om deg sjølv:
- Eg heiter Inge Sandven, og er fødd i Øystese og er 71 år. Eg er gift med Karin, og vi har 2 søner. Tok utdanninga mi innan næringsmiddelfag i Trondheim. Flytta til Stranda på Sunnmøre etter endt utdanning, og der jobba eg på Stabburet, og fekk då vera med på å laga den første Grandiosaen.
Kvifor flytta du til Vaksdal?
- I 1983 fekk eg jobb som laboratoriesjef på Vaksdal Mølle. Her jobba eg med korn og mjølblandingar til eg gjekk av med pensjon ved 67 år. Arbeidsplassen på mølla har vore interessant og god, og det er ein av grunnane til at eg var der i mange år.
Kva gjer du på?
- Utan om jobb og familie har eg alltid vore interessert i jakt, fiske og friluftsliv. Då var det naturleg å bli medlem i Dale Jakt og Fiskarlag. Eg har vore med i styret sidan 1985. Laget har dei siste 40 åra lagt ned mykje arbeid med å få Daleelva på fote igjen, etter at det neste ikkje var laks i elva på 1980 talet. Vi har fleire aktivitar for å rekruttere ungdomar til jakt, fiske og friluftsliv. Nemner kort Bergsdalen fiskefest, fiskesommer på Stanghelle, open fiskedag og jegerprøven på leirduebanen.
Vinter og vår bruker eg mykje tid på å filma dyre- og fuglelivet i nærmiljøet. Det er mykje spennende aktivitet rundt oss.
Kva er favoritturen din og/eller favorittaktiviteten i bygda?
- Ein fin fisketur i Daleelva med passa vassføring og god oppgang av laks og sjøaure, og kanskje er ein heldig og får fisk til middag. Ein fin haustdag med hjortejaktlaget på Dale og få nokre fine filmopptak. Ein tur på fjorden og fiska lysing, lyr og bromse.
Kva er det beste med å bu i Vaksdal kommune?
- Det å ha ein jobb på staden utan å måtte pendle kvar dag har eg sett pris på. Å ha barnehage og ein god skule for dei som veks opp på staden er viktig. Kort veg til butikk og om nødvendig ta «bybanen» til byen dersom det er noko ein ikkje får tak i på staden.