TNett

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

TNett Nettselskap med ansvar for straumforsyning i Vest-Telemark

15.oktober er Den Nasjonale Elsikkerhetsdagen. (men elsikkerhet er like viktig heile året) Kvart år oppfordras alle som ...
23/09/2026

15.oktober er Den Nasjonale Elsikkerhetsdagen.
(men elsikkerhet er like viktig heile året)
Kvart år oppfordras alle som eig eller brukar eit elektrisk anlegg, å gjennomføre ein elsjekk for å oppdage feil eller manglar. I fjor vart det oppdaga fleire tusen farlege feil i bustadar i heile landet.
Under årets markering av Elsikkerhetsdagen blir alle nettkundar invitera til å gjennomføre ein elsjekk av sitt elektriske anlegg.
Punkta i elsjekken er meint for alle til å kontrollere, og den kan avdekke påbyrjande varmgang og i beste fall avverge ein brann. Punkta i elsjekken er basera på kva som erfaringsmessig fører til varmgang og brann.
Svarar du på alle spørsmåla i løpet av kampanjeperioden (20. september til 31. oktober) kan du vere med i trekninga av eit gåvekort på
kr. 25 000,-
Det Lokale Eltilsynet i TNett oppmodar alle til å gjennomføre ein enkel eigenkontroll av det elektriske anlegget heime og/eller på hytta.
Ta elsjekken idag:

Bli med på Elsikkerhetsdagen og ta elsjekken!

⚡️Me har ledig stilling ute - Sjekk den ut! ⚡️  Kanskje er det nettopp deg me ser etter?! Kanskje nokon du kjenner? Del ...
11/09/2026

⚡️Me har ledig stilling ute - Sjekk den ut! ⚡️
Kanskje er det nettopp deg me ser etter?! Kanskje nokon du kjenner?
Del gjerne med venner og kjende :)

TNett har ledig stilling som elektriker - automasjon - energimontør

Vær forsiktig, ein feil kan få store konsekvensarTrefelling, gravemaskiner og møkkaspreiing. TNett AS opplever stadig fl...
18/08/2026

Vær forsiktig, ein feil kan få store konsekvensar
Trefelling, gravemaskiner og møkkaspreiing. TNett AS opplever stadig fleire feil på straumnettet som følge av menneskeleg aktivitet. Det uroar oss. Ikkje fyrst og fremst på grunn av kostnadane, men fordi slike hendingar kan få svært alvorlege konsekvensar for liv og helse.

Trefelling, gravemaskiner og møkkaspreiing – TNett AS opplever stadig fleire feil på straumnettet som følge av menneskeleg aktivitet.

Nye nettleigeprisar frå 01.09.2026TNett AS aukar nettleiga til sine kundar frå og med 01.09.2026. Hovedårsaka til auken ...
13/08/2026

Nye nettleigeprisar frå 01.09.2026
TNett AS aukar nettleiga til sine kundar frå og med 01.09.2026. Hovedårsaka til auken er at straumen vi må kjøpe inn for å dekke nettapet har blitt dyrare. Samstundes har flaskehalsinntektene ein normalt har fått frå Statnett vore fråverande hittil i år.

Som alle andre nettselskap er også TNett AS regulert av styresmaktene og må difor justere nettleiga når kostnadsnivået endrar seg.

Auken utgjer omlag 12%. For ein kunde med eit årsforbruk på 16 000 kWh/år og kapasitetsledd mellom 5 og 10 KW vil denne endringa gje ei auke i nettleiga på 103 kr/mnd inklusive alle avgifter.

Kva kan ein som kunde gjere for å redusere nettleiga?

Nettleiga aukar dersom du som kunde brukar mykje straum på same tid. Det vil difor lønne seg å fordele forbruket ditt gjennom døgnet og veka. Til dømes kan ein vurdere å lade elbilen om natta når ein elles ikkje har eit stort forbruk. Då vil ein unngå eit høgare kapasitetsledd enn naudsynt

Nye prisar ligg på https://www.tnett.no/prisar/nettleige-1/

Kundesenteret er stengt i veke 30 frå 20.07.-24.07.Send oss gjerne ein epost til kunde@tnett.no viss du har spørsmål, el...
06/07/2026

Kundesenteret er stengt i veke 30 frå 20.07.-24.07.
Send oss gjerne ein epost til [email protected] viss du har spørsmål, eller ynskjer endringar i kundeforhold ditt.
Sentralbordet er ope som vanleg frå kl. 9 - 14 på måndag til fredag. Etter kl. 14 blir du sett direkte til driftsvakt viss du skal melde feil i straumnettet.

03.-05. Juli Åmotsdal - FlatdalPå vegne av TNett vil Senseloop utføre droneflyging i området Åmotsdal-Flatdal fyrstkomma...
02/07/2026

03.-05. Juli Åmotsdal - Flatdal

På vegne av TNett vil Senseloop utføre droneflyging i området Åmotsdal-Flatdal fyrstkommande fredag til søndag. Dei kjem til å ta bilete av høgspentlinjer.

BFO

10/03/2026

Kvifor har eg fått ein eFaktura på 0 kr?

Når støtta frå staten er høgare enn summen på nettleiga di, får du eit tilgodebeløp. I slike tilfelle sendast det automatisk ut ein eFaktura på 0 kroner.

Du treng ikkje å godkjenne eller gjera noko med denne i nettbanken.

Tilgodebeløpet blir utbetala automatisk rundt forfallsdato til det kontonummeret me vanlegvis mottek innbetalingar frå.

Sjølve fakturaen finn du i nettbanken eller på Mi side.

Ny dagleg leiar i TNett ASKetil Kvaale overlet roret til Hallgeir AarbakkI dag har Hallgeir Aarbakk hatt sin fyrste arbe...
03/02/2026

Ny dagleg leiar i TNett AS
Ketil Kvaale overlet roret til Hallgeir Aarbakk
I dag har Hallgeir Aarbakk hatt sin fyrste arbeidsdag som leiar av VTK konsernet. Han vil også være dagleg leiar i TNett AS. Hallgeir er 44 år, buset i Seljord og kjem frå stillinga som produksjonssjef i Statkraft Energi AS.
Sjølv om Ketil har gjeve frå seg stafettpinnen, vil han ha ei viktig rolle som mentor og rådgivar fram til påske.

Telemark Nett AS endrar navn til TNett AS
27/01/2026

Telemark Nett AS endrar navn til TNett AS

I 2021 blei Vest-Telemark Kraftlag AS, som fylgje av lovkrav, omdanna til eit konsern med mor (Vest-Telemark Kraftlag Holding AS) og 2 døtrar (Vest-Telemark Kraftlag AS og Vest-Telemark Kraftlag Nett AS).

16/01/2026

16.01.2026 Oppdatering kl. 15:15 Nå skal alle ha straum att.
Borggrend i Fyresdal er dessverre fortsatt utan straum, me leitar etter feilen.

Adresse

Høydalsmovegen 815
Dalen
3891

Telefon

+4735075700

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når TNett legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til TNett:

Snarveier

Del