Gulen kommune

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Gulen kommune Velkomen til Gulen kommune si offisielle facebookside! Her finn du nyhendestraum frå heimesida vår, samt informasjon om arrangement og aktivitetar.

Me ynskjer å bruke denne facebooksida til å betre kontakten mellom kommune og innbyggjarar, og til å informere om alt det spanande som skjer av aktivitetar i Gulen. Me håpar også at lag og organisasjonar vil dele sine aktivitetar på sida vår! Sida vil også knyttast opp til heimesida og artiklar som vert lagt ut der. Førespurnader som vert rekna som sakshandsaming må rettast til kommunen via brev eller e-post. Kommentarar på sida som inneheld personangrep, truslar eller informasjon som er verna av personopplysningslova vert fjerna.

06/10/2026

Frå 5.-22. oktober vert det satt opp vegrekkverk mellom Nordgulen og Eivindvik

👋 Oppvekst og kultur har fleire spanande vikariat ledige no - kanskje eitt av dei er midt i blinken for deg? Ta ein kikk...
01/10/2026

👋 Oppvekst og kultur har fleire spanande vikariat ledige no - kanskje eitt av dei er midt i blinken for deg? Ta ein kikk då!

❤ Barne- og ungdomsarbeidar, i inntil 100% vikariat, for tida knytt til eining Dalsøyra barnehage og skule, avdeling Hovden barnehage
❤ Barne- og ungdomsarbeidar, i inntil 100% vikariat, for tida knytt til eining Eivindvik barnehage og skule, avdeling Eivindvik barnehage
❤ Barnehagelærar, i inntil 100% vikariat, for tida knytt til eining Byrknes barnehage og skule, avdeling Byrknes barnehage

Du finn desse, samt andre ledige stillingar i Gulen kommune, her: https://www.jobbnorge.no/search?OrderBy=Published&Period=All&employer=2745 #3

Bli med på Biosfæredagen 22. oktober! 🌊Havet står i sentrum når Biosfæredagen blir arrangert på Region Nordhordland hels...
01/10/2026

Bli med på Biosfæredagen 22. oktober! 🌊
Havet står i sentrum når Biosfæredagen blir arrangert på Region Nordhordland helsehus i Knarvik.
Gjennom dagen blir det spennande innlegg, fagleg påfyll og møte med engasjerte føredragshaldarar.

30/09/2026

Sjå endra opningstid i haustferien 📚🙂

Høyring - Reguleringsendring - Skipavika Næringspark, plan-ID 4635-2023002.Høyringsfrist: 27.10.2026.
28/09/2026

Høyring - Reguleringsendring - Skipavika Næringspark, plan-ID 4635-2023002.
Høyringsfrist: 27.10.2026.

Forslag til reguleringsendring etter forenkla prosess for detaljregulering for Skipavika Næringspark, plan-ID 4635-2023002, vedteken 17.06.2025, er sendt Gulen kommune for handsaming. Søkar er Nordplan på vegne av Bw Velora Skipavika Digital Sikkerhet AS. Høyringsfrist: 27.10.2026.

Kven meiner du fortenar Gulatingsprisen 2026?
28/09/2026

Kven meiner du fortenar Gulatingsprisen 2026?

Frist for innspel er 10. november 2026.

Kven meiner du bør få midlar frå Bernhard og Borghild Indregaards legat i 2026?
28/09/2026

Kven meiner du bør få midlar frå Bernhard og Borghild Indregaards legat i 2026?

28/09/2026

Gulen kommune lyser ut støtte til drift av ungdomsklubbar og ønskjer fleire varierte aktivitetar for ungdom i bygdene. Lag, organisasjonar og engasjerte privatpersonar kan søke.

Adresse

Eivindvikvegen 1119
Eivindvik
5966

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4757782000

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Gulen kommune legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Gulen kommune:

Snarveier

Del