Fedje kommune

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Fedje kommune Denne sida er ein ekstra informasjonskanal for Fedje kommune. Sjå òg www.fedje.kommune.no Reine lenker utan forklarende tekst kan fort bli oppfatta som spam.

Du er velkomen til å skrive på veggen vår, kommentere det Fedje kommune gjer eller dele andre kommunerelaterte ting du meiner er viktige. Innlegg som anten er støtande, sjikanerande, rasistiske, eller som trår over grensene for personvernet vil bli fjerna. Omsynet til personvernet og reglar for kommunal saksbehandling, avgrenser moglegheita til å gå inn i personar sine enkeltsaker på Facebook. Kommunen sin Facebook-vegg er heller ikkje staden for reklame for kommersielle produkt og tenester. Dersom du postar lenkjer til andre nettsider på veggen vår er det veldig nyttig at du i tillegg skriv litt om kvifor du gjer det. Hugs at det du skriv kan lesast av alle som besøkjer sida. Viss du har spørsmål om dine eigne spesifikke saker hjå Fedje kommune, er det betre å kontakte oss på telefon 56 16 51 00, eller via epostadressa til postmottaket vårt [email protected]

02/10/2026

Gode sambygdingar
Situasjonen i Ukraina er framleis forferdeleg. Kvar einaste dag mistar menneske livet – både sivile og militære. Sivile blir utsette for angrep, og me ser stadig at mål som straumforsyning og annan kritisk infrastruktur blir råka. Dette er infrastruktur eit fungerande samfunn er heilt avhengig av, ikkje minst når vinteren nærmar seg.
I krig skal sivile vernast. Likevel ser me dag etter dag at vanlege menneske får heimane og kvardagen sin øydelagde.
Mange prøver framleis å finne tryggleik for seg sjølve og familiane sine. Kvar veke kjem det menneske frå Ukraina til Noreg som treng vern og hjelp. Dei siste vekene har det kome rundt 200 nye menneske i veka.
Årets TV-aksjon går til Flyktninghjelpen. Det kunne knapt vore eit meir aktuelt føremål. Behova rundt om i verda er enorme, og dessverre ser det ikkje ut til at dei blir mindre med det første.
Dersom nokon ønskjer å vere med og samle inn pengar 18. oktober klokka 15.00, er det berre å ta kontakt med meg på telefon 994 31 520 eller e-post [email protected]. Eg håpar mange har høve til å bidra.

Kommuneplanen – korleis skal Fedje utvikle seg?
I kommunen er me no godt i gang med arbeidet med samfunnsdelen av kommuneplanen. Dette er eit viktig arbeid, og eg vil oppmode alle som har tankar om framtida til Fedje, om å kome med innspel.
Ein kommuneplan skal sjå mange år framover. Ingen av oss veit nøyaktig kva framtida vil bringe, og nettopp derfor meiner eg det er viktig at me ikkje planlegg oss inn i eit hjørne. Fedje må ha eit stort nok handlings- og moglegheitsrom til at me kan gripe dei sjansane som kjem.
Skal me halde oppe og vidareutvikle eit godt lokalsamfunn, treng me både arbeidsplassar, bustader, innbyggjarar og aktivitet. Då må planverket vårt leggje til rette for utvikling – ikkje stengje dørene før me veit kva moglegheiter som kjem.
Innersøyane
I juni hadde me mekling med Statsforvaltaren om den moglege oppdrettslokaliteten ved Innersøyane. Me kom ikkje til semje, og resultatet vart at Fedje kommune måtte halde eit ekstraordinært kommunestyremøte for å gjere det nødvendige vedtaket slik at saka kunne sendast vidare til departementet for endeleg avgjerd.
I møtet med Statsforvaltaren fekk me forståing av at saka skulle sendast vidare straks dei fekk vedtaket frå oss – i verste fall etter helga.
Slik gjekk det ikkje.
Det tok om lag åtte veker før saka vart sendt vidare. Me fekk heller ikkje melding om dette før rundt ein månad seinare. Etter det me har fått opplyst, skuldast dette ein feil i samband med ei inqurie.
Me fekk også forståing av at Fedje kommune sine synspunkt skulle kome tydeleg og likeverdig fram i oversendinga til departementet. Når me les oversendingsbrevet, er det vanskeleg å kjenne seg att i dette. Statsforvaltaren nyttar om lag 77 linjer på å argumentere for sitt syn, medan Fedje kommune sine synspunkt er oppsummerte på om lag åtte linjer.
Eg må seie at eg så langt er djupt skuffa over korleis denne prosessen har vore handtert. Når det er så stor avstand mellom det me oppfatta vart sagt i møta og det som faktisk skjer etterpå, er det krevjande å byggje tillit.
No set eg mi lit til at departementet gjer ei sjølvstendig og grundig vurdering av saka – og at dei også ser kva denne saka betyr for Fedje.
For ein liten kommune handlar dette om meir enn éin enkelt lokalitet. Det handlar om arbeidsplassar, aktivitet, framtidstru og grunnlaget for å kunne oppretthalde og vidareutvikle dei tenestene innbyggjarane våre forventar. Skal eit lite øysamfunn som Fedje utvikle seg, må me også få moglegheit til å skape nye arbeidsplassar og ny aktivitet.
Nyhende frå Eskjeret
Morgonane blir stort sett nytta til tur til Fjeldheim med hundane. Me er så tidleg ute at dei fleste andre framleis søv, og då får hundane springe litt fritt.
Hermann nyttar sjølvsagt kvar einaste moglegheit til å hoppe i dammar og gjørmehol langs vegen. Gustav har andre interesser. Han er mest oppteken av å prøve å bite Hermann.
Hermann tek dette med stoisk ro. Gustav lagar mykje lyd, hoppar rundt og går til stadige «angrep», medan Hermann stort sett berre tuslar vidare på jakt etter neste dam.
Det einaste eg er litt uroa for, er om Gustav etter kvart byrjar å tru at alle andre hannhundar er like tolmodige som Hermann. Det er dei neppe. Då kan lærepengen bli både rask og kontant, og eg håpar me slepp det.
I går starta hummarsesongen. Næringsrådet hadde møte på kvelden, og sjølv sat eg på Teams om morgonen, så førebels har eg ikkje fått ei einaste teine i sjøen.
Vêrmeldingane for sørsida er heller ikkje særleg oppmuntrande. Det ser derfor ut til at me må nokre dagar inn i neste veke før teinene kjem ut.
Når den tid kjem, blir Hermann med i båten. Eg har framleis eit håp om at Gustav også skal lære seg å like båtlivet, men så langt ser det ikkje spesielt lovande ut.
Hermann fungerer derimot godt som los. Han står helst heilt framme i baugen og balanserer på eit område som eigentleg er altfor lite til fire labradorbein. Heldigvis er det blitt sjeldnare at han dett på sjøen.
Det er eg glad for.
For når Hermann først hamnar i havet, er det eg som må dra han om bord igjen. Og 48 kilo søkkvåt labrador er overraskande mykje hund å få over ripa.
Nyt haustdagane, alle saman!
Helsing
Stian Herøy
ordførar i Fedje

27/09/2026

Vått vêr. Tørre vitsar.

Mandag 28. september er bassenget tilbake i vanleg drift 🌊🏊‍♀️Meir informasjon om bassenget, nøklar, opningstider, og re...
25/09/2026

Mandag 28. september er bassenget tilbake i vanleg drift 🌊🏊‍♀️

Meir informasjon om bassenget, nøklar, opningstider, og reglement finn du på heimesida til kommunen.

Det vert tilbod om vaksinering mot sesonginfluensa og korona på Familiens hus 19. november og 26. november 2026  🍁🍂Du ka...
25/09/2026

Det vert tilbod om vaksinering mot sesonginfluensa og korona på Familiens hus 19. november og 26. november 2026 🍁🍂

Du kan også ta vaksine mot lungebetennelse desse dagane, for dei som fyller 65 i år, eller vart 65 i fjor og ikkje tok vaksinen då (fødde i 1961 eller 1960).

Kryss dagen i kalenderen, og følg med for meir informasjon om tidspunkt.

Ta kontakt med Fedje legekontor på telefon 56 16 40 31 dersom du har spørsmål til vaksinen og/eller om du lurer på om du bør vaksinere deg.

25/09/2026

Hei alle!
Då er frivilligkoordinatoren på plass - og første veka er allereie unnagjort. 🌸

Det har vore ei veke med mykje nytt og mykje å sette seg inn i.
Aller mest sit eg igjen med kor mykje spanande me kan få til saman her på Fedje! 🍀

Sjølve frivilligsentralen/kontoret er ikkje heilt på plass enno, men eg er på plass - og vil gjerne høyre frå dykk. Send meg gjerne ein e-post 📩 [email protected]

Har du ein idè, ein tanke, eit ynskje, ein draum eller ein liten visjon? Noko du saknar? Noko du kunne tenkt deg å bidra med? Kva fungerer godt? Eller noko du meinar eg bør vite om? Kanskje sit akkurat du på ein idè som berre treng litt hjelp for å bli verkelegheit?
Eg vil høyre frå deg!

Ingen idè er for liten - og me treng heller ikkje vita akkurat korleis me skal få det til før me begynner å snakke om det. Dette skal me skapa saman, og eg håpar terskelen for å ta kontakt blir låg.

Eg gler meg skikkelig til fortsetjinga - og til å sjå kva me kan få til, saman 🌸

Helsing frå
Stine Waage
Frivilligkoordinator

Melde feil på gatelys 🌃🌙Veit du om eit gatelys som ikkje fungerer? I saka under finn du lenker til kvar du kan melde fei...
25/09/2026

Melde feil på gatelys 🌃🌙

Veit du om eit gatelys som ikkje fungerer? I saka under finn du lenker til kvar du kan melde feil. Her kan du også sjå om feilen allereie er meldt inn, og eventuelt status på det gjeldande lyset.

24/09/2026

Kommunestyremøte 24.09.26

TILSKOT TIL ALDERSVENNLEG OPPGRADERING AV EIGEN BUSTADHusbanken har opna ei ny tilskotsordning for tiltak som gjer busta...
23/09/2026

TILSKOT TIL ALDERSVENNLEG OPPGRADERING AV EIGEN BUSTAD

Husbanken har opna ei ny tilskotsordning for tiltak som gjer bustaden tryggare og enklare å bu i når du blir eldre. Målet er at fleire skal kunne bu heime lenger, også når helsa og behova endrar seg.

Du kan søke dersom...
🏠 Minst éin i bustaden er 62 år eller eldre
🏠 Du eig eller leiger heilårsbustad og du bur i den sjølv. Dersom du leiger må du ha samtykke frå utleigar
🏠 Bustaden er din folkeregistrerte adresse
🏠 Tiltaka må koste minst 40.000 kr

Kva kan du få støtte til?
Du kan mellom anna få støtte til trinnfri tilkomst, tilpassing av bad, fjerning av tersklar og nivåskilnader, betre lys og andre varige tiltak som gjer bustaden tryggare og lettare å bruke. Ordninga gjeld ikkje vanleg oppussing eller modernisering.

Søknadsfrist: 30. oktober 2026.

Meir informasjon om tilskotet og korleis du søker finn du hos Husbanken: https://husbanken.no/person/tilskudd-til-oppgradering-av-bolig/

Adresse

Stormarkvegen 49
Fedje
5947

Åpningstider

Mandag 08:30 - 15:00
Tirsdag 08:30 - 15:00
Onsdag 08:30 - 15:00
Torsdag 08:30 - 15:00
Fredag 08:30 - 15:00

Telefon

+4756165100

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Fedje kommune legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Fedje kommune:

Snarveier

Del