13/10/2026
Fredag 16.oktober skal vi ha joggedag/skuleløp for heile skulen. Tv -aksjonen i år er 18.oktober, og pengane går til NRC Flyktningshjelpen. For mange av oss er krig og flukt noko vi kjenner frå nyheitene, men i nærmiljøet vårt møter vi folk som sjølv har opplevd å måtte flykte frå krig. Det er viktig å lære verdiane av å hjelpe kvarandre.
I samband med tv-aksjonen skal elevane våre gå/jogge runder rundt skulen vår. Vi har litt ulike løyper som dei skal springe innanfor ei gitt tid.
Elevane har fått med seg eit sponsorskjema heim, men støttespelarar kan også betale inn direkte og anonymt gjennom spleisen vår.
Følger du spleisen kan du også sjå kor mykje skulen vår greier å samle inn.
I fjor sprang vi 10,7 runder i snitt. No er vi spent på kor mange runder vi greier å springe i år, Har du lyst å møte opp og heie på oss, så spring vi ca kl 10.00
Hvert andre sekund må et menneske flykte på grunn av krig og konflikt. Du kan hjelpe. Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen, som skal gi mennesker på flukt et trygt hjem og håp for fremtiden.