Førde bibliotek i Sunnfjord

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Førde bibliotek i Sunnfjord Førde bibliotek er hovudbiblioteket i Sunnfjord kommune. Biblioteket ligg i Førdehuset. Vi forventar at du viser respekt for andre.

Personvernerklæring for Facebook
Denne personvernerklæringa fortel korleis Sunnfjord kommune samlar inn og brukar personopplysningar frå Facebook. Målet er og gje deg overordna informasjon om behandlinga vår av personopplysningar. Her finn du informasjon om kva personopplysningar vi samlar inn på våre Facebook-sider og oversikt over bruksvilkår som er gjeldande. Vår behandling er i samsvar med Personvernforordningen (GDPR), norsk lov av 15.juni 2018 nr.38 om behandling av personopplysninger (Personopplysningsloven). Ansvarlig part
Sunnfjord kommune er ansvarlig part for den databehandlinga som er kravd for å kunne levere tenesta som er skildra i denne personvernerklæringa. Dette omfattar ikkje databehandling som gjeld såkalte "Site Insights", der vi delar ansvaret med Facebook Ireland Limited ("Facebook"). Husk at bruk av vår side inneberer ytterlegare behandling av personopplysningane dine frå Facebook si side, som ikkje er avgrensa av det som skjer innanfor "Site-Insights". For dette viser vi til personvernerklæringa frå Facebook: https://www.facebook.com/privacy/explanation. Om vår side blir lenka til andre Facebook-sider eller online-innhald gjeld personvernerklæringa til desse tenestene. Du kan kontakte oss på e-post; [email protected] eller Personvernombod i SySIKT: [email protected]
Generell databehandling
Slik kan du samhandle med andre på Facebook-side:
• poste ein kommentar på veggen
• legge inn ein kommentar på ein post
• like ein post
• dele ein post
Ver merksam på at Facebook-sida er offentleg og andre kan sjå all informasjon. Vi kan ikkje kontrollere korleis andre side-brukarar behandlar denne informasjonen. Dei opplysningane som blir lagra om deg er dei opplysningane som du legg att når du opprettar Facebook-konto saman med dei opplysningane du legg att når du besøker Facebook-sida vår. Dette gjeld både samhandlinga di på Facebook-sida vår og statistikk som blir generert av denne aktiviteten. Det er Facebook som handtera sletting av personopplysningar, sjå; https://www.facebook.com/privacy/explanation
Analyse av bruk / Site-Insights
Saman med Facebook kan vi analysere korleis du brukar vår Facebook-side (Site-Insights). Informasjonen som blir kravd av GDPR om behandling av data for Site-Insight finn du i Facebook si personvernerklæring; https://www.facebook.com/privacy/explanation. Innanfor konteksten av Site-Insight vil vi berre motta anonymisert statistikk. Vi har ingen tilgang til personlege opplysningar som blir behandla av Facebook. Endring av denne personvernerklæringa
Denne personvernerklæringa er oppretta dato 01.11.2023
Utvikling av Facebook-sidene våre kan få verknad for måten vi handterar personopplysningar, og dette kan føre til endringar i personvernerklæringa. Bruksvilkår for Facebook-sida vår
Facebook gir deg høve til å samhandle med andre. Du er inneforstått med at innhald posta av brukarar på Facebook-sidene våre ikkje nødvendigvis speglar våre haldningar. Vi kan etter eige skjønn slette innhald som er støytande eller som ikkje stettar norsk lovgjevnad. Sjå kommunen si generelle personvernerklæring for kva rettar du har etter GDPR; (lenke til eiga nettside)

I morgon, torsdag 22. oktober kl. 12-14 er rettleiarane i datahjelp på nytt klare for å hjelpe deg med stort og smått av...
21/10/2026

I morgon, torsdag 22. oktober kl. 12-14 er rettleiarane i datahjelp på nytt klare for å hjelpe deg med stort og smått av problem du måtte ha med mobil/nettbrett/pc.

Du kan til dømes få hjelp til å:
– finne informasjon på nettet
– bruke appar på mobilen og nettbrett
– kjøpe bussbillett
– Vipps
– QR-kodar
– bestille time hos fastlegen
– bruke BankID
– få hjelp med e-post og utskrifter

Ta med mobilen og/eller nettbrettet ditt. Ingen spørsmål er “dumme” og vi tykkjer det er kjekt om vi kan hjelpe deg!

VIKTIG: Del aldri kodar og passord med andre – heller ikkje med rettleiarar i datahjelpa.

Likar du å følgje med på det som skjer i Sunnfjord? Last ned Innbyggarappen! Vi på biblioteka har byrja å legge ut våre ...
12/10/2026

Likar du å følgje med på det som skjer i Sunnfjord? Last ned Innbyggarappen! Vi på biblioteka har byrja å legge ut våre aktivitetar og arrangement der, så vil du "følgje" oss og få meldingar om det vi driv med - så kan du krysse av for BIBLIOTEKA. Det anbefaler vi sjølvsagt på det varmaste! 😍

LOKALT = nyhende/informasjon.
DET SKJER = arrangement/aktivitetar

Har du tatt i bruk Innbyggerappen? Det er det mange i Sunnfjord som har gjort. Vi gir deg fem gode grunnar til å ta appen i bruk du òg, om du ikkje alt har gjort det.

Sol ute og sol inne😍 Vi gratulerer Anne Carson frå Canada med Nobelprisen i Litteratur 2026🎉 Bøker av forfattaren kan du...
08/10/2026

Sol ute og sol inne😍 Vi gratulerer Anne Carson frå Canada med Nobelprisen i Litteratur 2026🎉 Bøker av forfattaren kan du låne hjå oss📚🏆

Tysdag 6. oktober er det eit internt møte på biblioteket, så vi opnar 1 time seinare enn vanleg, kl. 11.00. Dei som har ...
05/10/2026

Tysdag 6. oktober er det eit internt møte på biblioteket, så vi opnar 1 time seinare enn vanleg, kl. 11.00. Dei som har avtale om meirope/sjølvbetjent bibliotek kan logge seg inn, levere og låne bøker på automatane.

Fullt i hentehylla! Ei lita oppfordring frå oss: Hugs at bøker som vi bestiller inn frå andre bibliotek til deg, har ein...
01/10/2026

Fullt i hentehylla!
Ei lita oppfordring frå oss: Hugs at bøker som vi bestiller inn frå andre bibliotek til deg, har ein hentefrist på 1 veke frå du får varsel. Veldig synd å returnere bøker som du ville lånt og andre står kanskje i kø på same boka. 😢 Treng du ikkje boka likevel kan du avbestille den.

Vi har trekt 3 vinnarar av Sommarlesbingo 2026 - lesekonkurransen der du vert utfordra til å lese litteratur du elles ik...
29/09/2026

Vi har trekt 3 vinnarar av Sommarlesbingo 2026 - lesekonkurransen der du vert utfordra til å lese litteratur du elles ikkje hadde prøvd deg på! Dess fleire kategoriar du har lese, dess større sjanse til å vinne. Vi fekk inn 34 skjema, og dei har vore med i trekninga av fine premiar. 12 stk. hadde fullt hus – dvs.hadde fyllt ut alle rubrikkane. Veldig bra jobba!

Lykkehjulet vart snurra – og dei heldige denne gangen vart:
1. Katrine Bortheim – Vassenden
2. Dagfrid Navarsete Gulholm – Naustdal
3. Astrid Borlaug – Lavik

Lesebingo er eit samarbeidsprosjekt mellom Førde vgs, HVL-biblioteket i Førde og dei seks biblioteka i Sunnfjord kommune.
Vi fekk inn mange gode lesetips frå deltakarane, og nokre av dei vert delt på nettsida vår seinare i haust!

Vi kjem tilbake med Vinterlesbingo i 2027!

Adresse

Angedalsvegen 5
Fords
6800

Åpningstider

Mandag 10:00 - 18:00
Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 10:00 - 18:00
Fredag 10:00 - 15:00
Lørdag 10:00 - 14:00

Telefon

+4757721909

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Førde bibliotek i Sunnfjord legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Førde bibliotek i Sunnfjord:

Snarveier

Del

Kategori

Offentlige Tjenester i nærheten