07/10/2026
✨ Tusen takk for alle innspela! ✨
De sende oss heile 64 namneforslag – fantastisk engasjement! ❤️
Vi har no laga ei liste med 12 plassnamn som utmerka seg fordi dei blei nemnde fleire gonger, var positive, godt grunngjevne og identitetsskapande.
Namneforslaga er sende til Språkrådet for vurdering. Etter Språkrådet si vurdering blir forslaga sende vidare til Utvalet for samfunnsutvikling.
Utvalet vel ut 5 namn, og då er det de som innbyggjarar som får avgjere kva for eitt av dei fem namna som blir vinnaren! 🎉
Vi held dykk oppdaterte undervegs.
Takk for at de er med på å gi denne møteplassen ein identitet! 💛
demokrati