Fyresdal kommune

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Fyresdal kommune Velkomen til Fyresdal kommune! Her kjem informasjon om stort og smått som skjer hos oss. I nokre tilfelle vil vi slette kommentarar og stenge kommentarfelta.

Det er nettsida til Fyresdal kommune som er hovudkjelda til kommunal informasjon. Ein treng ikkje å ha ein Facebook-konto for å vere oppdatert på informasjon frå kommunen. Det er fellestenesta som legg ut innlegg og svarar på spørsmål og kommentarar. Vi svarar så raskt vi kan, men vi svarar ikkje på enkeltsaker som krev saksbehandling. Dette vil t.d. vere dersom skribenten utleverer seg sjølv eller andre på måtar som bryt med personvern eller taushetsplikt. Det same gjeld der kommentarane ikkje har noko med den aktuelle saken å gjere og ved kommentarar med upassande språk. Facebook har 13-års aldersgrense. Kommunens Facebook-side skal vere ein trygg og god plass å stikke innom, også for barn på 13. Kommunedirektøren er øvste ansvarlege for kommunens behandling av personopplysningar. Det daglege ansvaret for behandlinga av personopplysningar på kommunens Facebookside er delegert til fellestenesta. Fyresdal kommune har eit personvernombod og ei personvernerklæring - les meir om dette her: https://www.fyresdal.kommune.no/personvern.503248.nn.html

🎬 Hugs at det er kino på søndag!Det blir to filmvisingar på Kulturhuset i Fyresdal:17.30 – Saue Shaun – Gårdens förbanne...
01/10/2026

🎬 Hugs at det er kino på søndag!
Det blir to filmvisingar på Kulturhuset i Fyresdal:
17.30 – Saue Shaun – Gårdens förbannelse
Norsk tale, uteksta.
19.30 – Lave forventninger
📍 Kulturhuset, Fyresdal
🎟️ Kjøp billettar på https://www.bygdekinoen.no/ eller i døra.
Sjå programmet framover på Bygdekinoen.

Ledige stillingar i pleie og omsorgFyresdal kommune har ledige faste 100 % stillingar ved Fyresdal pleie- og omsorgssent...
30/09/2026

Ledige stillingar i pleie og omsorg

Fyresdal kommune har ledige faste 100 % stillingar ved Fyresdal pleie- og omsorgssenter:
Sjukepleiar/vernepleiar – 100 % fast
Arbeidsstad: Fyresdal pleie- og omsorgssenter

Helsefagarbeidar – 100 % fast
Arbeidsstad: Fyresdal pleie- og omsorgssenter

📅 Søknadsfrist: 25. oktober 2026

Les meir om stillingane og søk her!

https://candidate.webcruiter.com/nn-NO/Home/companyadverts?companylock=5845

Ledig stilling som vernepleiar/sjukepleiar – 100 % fastVil du bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø i Fyr...
28/09/2026

Ledig stilling som vernepleiar/sjukepleiar – 100 % fast

Vil du bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø i Fyresdal kommune?

TTF søkjer no etter ein vernepleiar/sjukepleiar i 100 % fast stilling.

Som vernepleiar/sjukepleiar vil du følgje opp bebuarar i kvardagen og vere ein viktig støtte i daglege aktivitetar og gjeremål. Arbeidet inneber mellom anna praktisk bistand, målretta miljøarbeid, legemiddelhandtering, observasjon av helse og funksjonsnivå og samarbeid med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar.

Vi ser etter deg som er fagleg engasjert, ansvarsfull og trygg, og som ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og gode tenester for brukarane våre.
📅 Søknadsfrist: 9. oktober 2026
💼 100 % fast stilling
📍 TTF, Fyresdal kommune
👉 Les meir om stillinga og søk her:
https://5845.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/5185865925?_sp=544d0c39-8584-4858-9570-67fae6f024aa.1790582914585&language=nn&link_source_id=0

Velkomen som søkjar! 💚

Forprosjekt for nytt treningssenter i Fyresdal-vi ønsker innspelDet er vedtatt at det skal gjennomførast eit forprosjekt...
25/09/2026

Forprosjekt for nytt treningssenter i Fyresdal-vi ønsker innspel

Det er vedtatt at det skal gjennomførast eit forprosjekt for å etablere eit nytt treningssenter i Fyresdal. Vi er godt i gang med medverknadsprosessen, og har gjennomført medverknadsmøte onsdag 23.09.2026. Dersom du ikkje fekk delta, men vil vere med å påverke, er vi takksame for innspel, fyll ut skjema her: https://forms.cloud.microsoft/e/eRXN0m8Y3y

Lurar du på noko, ta bare kontakt på e-post: [email protected]

Medverknadsprosessen blir avslutta 04.10.2026

Kino på Kulturhuset i Fyresdal – fredag 25. september! 🍿Velkomen til ein koseleg kinokveld på Kulturhuset i Fyresdal! 🎥 ...
24/09/2026

Kino på Kulturhuset i Fyresdal – fredag 25. september! 🍿
Velkomen til ein koseleg kinokveld på Kulturhuset i Fyresdal!
🎥 Glemselens øy (Norsk tale)
Kl. 17:30
Passar for heile familien

🎥 Heart of the Beast
Kl. 19:30
Aldersgrense 15 år

Billettar kan kjøpast i døra eller på nettsida:
https://www.bygdekinoen.no/

Popcorn og drikke kan kjøpast i kinokiosken.
Velkomen på kino!

Midlertidig trafikkregulering på FV 355Laurdag 26. september er det planlagt vegarbeid på FV 355 ved kommunegrensa mello...
24/09/2026

Midlertidig trafikkregulering på FV 355

Laurdag 26. september er det planlagt vegarbeid på FV 355 ved kommunegrensa mellom Nissedal og Fyresdal.

🚧 Vegen blir ikkje stengd, men det vil vere manuell dirigering av trafikken. Det kan derfor bli noko ventetid for dei som skal passere.

🕙 Arbeidet vil pågå mellom kl. 10.00 og 16.00.

Vi ber trafikantar om å ta omsyn til vegarbeidet og berekne litt ekstra tid.
For oppdatert informasjon om trafikkavviklinga, sjå

https://www.vegvesen.no/trafikk/hvaskjer?r=F355&a=active_now-active_later&showTfl=1&lat=58.9898&lng=8.32126&zoom=12&utm_source

Adresse

Klokkarhamaren 6
Fyresdal
3870

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:00
Tirsdag 08:00 - 15:00
Onsdag 08:00 - 15:00
Torsdag 08:00 - 15:00
Fredag 08:00 - 15:00

Telefon

+4735067100

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Fyresdal kommune legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Fyresdal kommune:

Snarveier

Del