Helse Fonna

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Helse Fonna Velkommen til Helse Fonna si offsielle Facebook-side. Ikkje publiser sensitive personopplysningar om deg sjølv eller andre. Administrasjonsstad er i Haugesund.

Treng du helsehjelp, ta kontakt med fastlege, eventuelt legevakt om det hastar. Ved akutt fare for liv og helse, ring 113. Helse Fonna HF gir spesialisthelsetenester til ei befolkning på over 180 000 menneske i 18 kommunar. Våre oppgåver er pasientbehandling, forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande. Våre sjukehus finn du i Haugesund og Odda, på Stord og Valen. Våre distriktpsykiatriske senter er Folgefonn DPS, Haugaland DPS, og Stord DPS. Vi har 10 ambulansestasjonar i heile området. Ikkje publiser personopplysningar om deg sjølv eller andre. Vi kan ikkje svare på spørsmål om helse i denne kanalen.

I dag er verdsdagen for psykisk helse💙 Nokre råd til korleis du kan bygge tillit👇Kvifor er tillit beredskap?– Det å ha e...
10/10/2026

I dag er verdsdagen for psykisk helse💙 Nokre råd til korleis du kan bygge tillit👇

Kvifor er tillit beredskap?

– Det å ha eit tillitsforhald er viktig for helsepersonell, men også for pårørande slik at den som slit deler det som er tungt og vanskeleg. Det er viktig både for å forebygge og for behandlinga, seier Kenneth Eikeset, klinikkdirektør for psykisk helsevern og rus.

Treng du nokon å prate med? Her kan du få hjelp anonymt døgnet rundt:
Mental Helse Hjelpetelefon: 116 123 eller chat: sidetmedord.no
Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111 eller chat: 116111.no
Kirkens SOS: 22 40 00 40 eller chat: soschat.no

Hatten på for barnepalliasjon🎩Visste du at Helse Fonna har eit eige barnepalliasjonsteam? Dei støttar barn og familiane ...
09/10/2026

Hatten på for barnepalliasjon🎩
Visste du at Helse Fonna har eit eige barnepalliasjonsteam? Dei støttar barn og familiane til barn som har alvorlege, livstruande eller livsavgrensande sjukdommar.
Dei mange ulike hattane symboliserer at det er mange ulike fagpersonane involvert i behandlinga. Vi markerer dagen for å vise solidaritet med barna og familiane deira💙

I Helse Fonna forskar vi for å skape enno betre helsetenester. Derfor lyser vi nok ein gong ut stipend til medarbeidarar...
28/09/2026

I Helse Fonna forskar vi for å skape enno betre helsetenester. Derfor lyser vi nok ein gong ut stipend til medarbeidarar som har eit godt forskingsprosjekt dei vil søke om midlar til.

– Skrivestipendet og råd frå forskingsavdelinga har vore avgjerande for at eg fekk etablere prosjektet mitt og skrive søknad om forskingsmidlar, seier anestesilege Lars Langholm Larsen. Han fekk stipend i 2026 og skal forske på tildeling av anestesibemanna oppdrag frå AMK.

Nysgjerrig på forskarkarriere i Helse Fonna? Les meir på våre nettsider: https://www.helse-fonna.no/nyheiter/2026/skrivestipend-gir-medarbeidarar-moglegheit-til-a-forske/

Kjenner du nokon som skal på Yrkesmessa i Tysvær Arena?🤔Vi står der med ein god gjeng frå mange ulike yrkesgrupper – for...
17/09/2026

Kjenner du nokon som skal på Yrkesmessa i Tysvær Arena?🤔
Vi står der med ein god gjeng frå mange ulike yrkesgrupper – for jobbmoglegheitene i Helse Fonna er mange og varierte!
Stikk innom oss for å høyre meir eller få svar på spørsmål. Vi står både på dagtid 22.-23. september og på kvelden 22. september.
📸 Bilde: Haugaland Vekst

Kvart år blir mellom 300 og 350 liv redda av organdonasjon frå nokon som har mista livet.Eldste donor i fjor var heile 9...
14/09/2026

Kvart år blir mellom 300 og 350 liv redda av organdonasjon frå nokon som har mista livet.
Eldste donor i fjor var heile 91 år gammal!
I dag startar markeringa av Donasjonsveka 2026 som blir arrangert av Stiftelsen Stiftelsen Organdonasjon.
Lurer du på korleis du kan melde deg som organdonor?
Enkelt, du treng berre å seie det til dine næraste, og gjerne opprett digitalt donorkort på helsenorge.no: https://www.helsenorge.no/donorkort/organdonasjon/
No er jobben gjort og du treng ikkje lenger tenkje på dette.
Eller vent, du kan gjere ein ting til!
Spør eit familiemedlem eller ein ven: Ønskjer du å donere organa dine, om du ein dag ikkje lenger treng dei sjølv?
Tusen takk til alle som har meldt seg som organdonor💙

Liten og litt skummelt med operasjon? No kan dei minste køyre bil til operasjonsstova på Haugesund sjukehus🚗– Eg skjønar...
13/09/2026

Liten og litt skummelt med operasjon? No kan dei minste køyre bil til operasjonsstova på Haugesund sjukehus🚗
– Eg skjønar godt at eg kan sjå ut som eit skummelt menneske kledd i grønt med ein grøn hatt og i eit skummelt miljø med mange maskinar, seier lege Joakim Johnsson.
Ein bil fungerer godt då. Barn som leker og har det kjekt er mindre redde💙
Sjå meir av bilane på nettsida vår: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/operasjonsavdelinga-haugesund/operasjonar-for-barn/

Slagavdelinga i Haugesund skåra best i landet🎉Dei jobbar alltid med å gjere det beste for pasienten og i år får dei Nors...
11/09/2026

Slagavdelinga i Haugesund skåra best i landet🎉

Dei jobbar alltid med å gjere det beste for pasienten og i år får dei Norsk hjerneslagregister sin kvalitetsforbetringspris!

– Vi er eit veldig godt, tverrfagleg team. Dette er ein pris til heile laget, seier fysioterapeut Kine.
På bilete ser du ein liten gjeng av det store teamet💙
– Her er det lett å be om hjelp, diskutere pasientar og lære av kvarandre. Ingen er redd for å stille spørsmål og vi ler mykje saman, seier ergoterapeut Marianne.

Det er stor stas med pris, men alle er einige om at ein ting betyr mest:
– Det viktigaste er at vi kvar dag gir pasientane best mogleg behandling, seier overlege Kamaljit.

Gratulera så mykje med pris, og tusen takk for jobben🤩

10/09/2026

Vi storkoste oss på Mingel, tusen takk til alle som stakk innom🤩
God pizza, hyggelege pratar, høyre om nye moglegheiter i Helse Fonna og ein mildt sagt engasjerande leik fekk tida til å fly!
Lurar du på kva jobbmoglegheiter som finst hos oss? Sjekk ut: https://www.helse-fonna.no/jobb-i-helse-fonna/

Adresse

Karmsundgata 120
Haugesund
5528

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Helse Fonna legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Helse Fonna:

Snarveier

Del