Øystre Slidre kommune

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Øystre Slidre kommune Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes, Oppland, Norway Velkommen til Øystre Slidre kommune sine Facebook-sider. Her er du velkommen til å gje ris og ros!

Gjennom Facebook-sidene håper vi å kunne nå ut til eit breitt publikum med viktig og nyttig kommunal informasjon. Vi vil også nytte sidene til å marknadsføre ledige stillingar i kommunen, våre eigne kulturarrangement og fortelje om andre større og mindre saker som kan vere av allmenn interesse. Målgruppa er i hovudsak innbyggjarar og fritidsinnbyggjarar i kommunen, men alle er velkomne til å følgje oss på Facebook. Kommunen sine ordinære nettsider https://oystre-slidre.kommune.no vil framleis vere den viktigaste informasjonskanalen vår, og mykje av det som blir publisert på Facebook vil difor vere lenker/henvisningar til artiklar og informasjon på dei ordinære nettsidene. Facebook-sidene er meint som eit supplement til desse sidene, og som ein arena der kommunal informasjon blir gjort enkelt tilgjengeleg for dei som vel å følgje oss på Facebook. Vi ynskjer ei konstruktiv Facebook-side, og usaklege innlegg eller innlegg som inneheld hatefulle ytringar, sensitive personopplysninger, negativ omtale av einskildpersonar/identifiserbare grupper av personar eller reklame vil som hovudregel bli sletta utan videre. Det same gjeld innlegg som inneheld trugsmål, kallenavn, stygge ord eller banning. Kommentarar som er kritiske til kommunen som organisasjon er velkomne, men blir sletta om dei bryt med retningslinjene over. Spørsmål vil i hovudsak bli besvart i kontortida. Kommunen driv ikkje saksbehandling over Facebook eller gjennom Messenger. Henvendingar som krev saksbehandling og/eller arkivering vil bli henvist til andre kanalar. Dersom du skal sende formelle førespurnader til Øystre Slidre kommune, kan du sende ein e-post til [email protected]. Facebook-sida er ikkje meint som et forum for diskusjon fram mot politiske vedtak og heller ikkje for fortsatt diskusjon mellom fleirtal og mindretal i saker der det er politisk uenighet. Innlegg i slike diskusjonar vil difor ikkje bli besvart.

Øystre Slidre kommune har ledige stillingar som:- fagarbeider på Lidar skule- kjøkkenassistent i Beito barnehage- helsef...
07/10/2026

Øystre Slidre kommune har ledige stillingar som:
- fagarbeider på Lidar skule
- kjøkkenassistent i Beito barnehage
- helsefagarbeider i heimetenesta
- miljøarbeider i bustad for einslege mindreårige flyktningar
- avdelingsleiar i tilrettelagte tenester
- nattevakt på helsetunet
Søk på stilling her:

Ved å bruke denne tjenesten godtar du at Webcruiter bruker informasjonskapsler (cookies) for å gi deg en bedre tjeneste.

Adresse

Bygdinvegen 1989
Heggenes
2940

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:00
Tirsdag 08:00 - 15:00
Onsdag 08:00 - 15:00
Torsdag 08:00 - 15:00
Fredag 08:00 - 15:00

Telefon

+4761352500

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Øystre Slidre kommune legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Øystre Slidre kommune:

Snarveier

Del