Ryfest

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Ryfest Ryfest er ein kultur- og matfestival i Hjelmeland.
4.-5. september 2026 🌻 Ryfest er ein kultur- og matfestival på vakre Hjelmeland i Ryfylke.

Me fremjer lokale mattradisjonar, frukt, sider, laks, havbruk, jordbruk, kunst, handverk og kultur ! Ryfest har som mål å vera ein festdag for heile familien, der matglede og kultur står i sentrum. Her kan du oppleva masse kjekke aktivitetar for store og små, og lokale og nasjonale artistar står på scenen. Antall besøkande varierer frå 4000 til 6000, noko avhengig av veret. Me har rundt 30 handverks-utstillarar i Spinneriet og rundt 50 utstillarar i Vågen.

07/10/2026

Litt Ryfest å sjå tilbake på 🫶🏼💐

Takk til alle som kom, alle som bidrog, og alle sponsorane som er med på å gjere denne dagen mogleg. Det er de som lagar Ryfest saman med oss.

Me gler oss allereie til neste år! 🤗

Det blei litt av ein kokkekamp med sjølvaste Christian André Pettersen som dommar ⭐🐟🍎Friluftsjenta Karen Kyllesø, ordfør...
07/09/2026

Det blei litt av ein kokkekamp med sjølvaste Christian André Pettersen som dommar ⭐🐟🍎

Friluftsjenta Karen Kyllesø, ordfører Anita Husøy Riskedal, Trond Sandvik frå Sterling Halibut og Jamaa Nouissri frå Mowi Norge fekk utdelt ei oppskrift på ein rett med laks, kveite og lokale grønsaker.

Alle skulle laga den same retten, men tolka oppskrifta på litt ulike måtar. Det blei jobba godt rundt benkane, og alle fire fekk bestått av Christian André.

Og til slutt var det ordføraren som stakk av med seieren. Det kan sjå ut som kokketalentet sit godt i familien 😉

Tusen takk til alle som stilte opp og blei med på kokkekampen!

Og takk til Mowi Norge og Sterling Halibut for laks og kveite til kokkekampen, og for premie til vinnaren.

For ein gjeng! ⭐ OmCider blei kåra til Årets Siderprodusent under Bergen Matfestival og Norsk Siderfestival i helga. Det...
07/09/2026

For ein gjeng! ⭐ OmCider blei kåra til Årets Siderprodusent under Bergen Matfestival og Norsk Siderfestival i helga. Det synest me er skikkeleg kjekt – og veldig fortent!

Bak kvar einaste flaske med sider ligg det masse arbeid, kunnskap og dedikasjon, og OmCider er ein gjeng som både inspirerer og får ting til.

Ekstra kjekt er det sjølvsagt at me òg får ha dei med på Ryfest 🧡

Stor gratulasjon frå oss!

For ein dag i Hjelmelandsvågen! 🧡 Tusen takk til alle utstillarar, frivillige og ikkje minst alle som tok turen. Vågen o...
05/09/2026

For ein dag i Hjelmelandsvågen! 🧡 Tusen takk til alle utstillarar, frivillige og ikkje minst alle som tok turen. Vågen og Spinneriet bydde på gode smakar, kjekke varer, aktivitetar, musikk og folk i alle aldrar.

Og så må me sei: Det var skikkeleg kjekt å sjå at så mange tok turen, sjølv om det var meldt regn. Regn fekk me nok av, men det stoppa oss heldigvis ikkje frå å få ein herleg festivaldag 🤗🍎🐟

Me har mange kjekke bilder å dele, og meir kjem snart.

Den store kaifesten er UTSELD! 🥳Det blir fullt på kaien i kveld, og det er jo heilt fantastisk!Har du allereie billett t...
05/09/2026

Den store kaifesten er UTSELD! 🥳

Det blir fullt på kaien i kveld, og det er jo heilt fantastisk!
Har du allereie billett til festen, er det framleis nokre ledige plassar på båten 🌊

Her er litt av det som skjer på Ryfest på laurdag 🌻🍎På Spinneriet er det utstillarar frå kl. 10–16, og dei har med seg a...
04/09/2026

Her er litt av det som skjer på Ryfest på laurdag 🌻🍎

På Spinneriet er det utstillarar frå kl. 10–16, og dei har med seg altså så mykje fint handverk av alle slag. Kom innom!

Standane i Vågen er på plass frå kl. 10, og kl. 11 er det offisiell start på Ryfest. Friluftsjenta Karen Kyllesø og ordføraren står for opninga.

Det er fullt program med underhaldning og aktivitetar for både store og små gjennom heile dagen. Oppdatert program finn du på heimesida vår.

🦆 Og som vanleg blir det andaløp på Ryfest. Besøk standen til Lions og sikre deg ei and eller to.

Me anbefaler å komma tidleg, så du får med deg mest av det som skjer. Du kan parkera ved kyrkja og gamle Spar, og frå skulen går det shuttlebuss til festivalområdet.

Velkommen til Ryfest! 🧡

Bileta er frå 2025.

Karen Kyllesø

04/09/2026

1 dag igjen til Ryfest 🧡 Lars Martin og resten av gjengen er i full sving med siste innspurt.

Hans beste tips? Kom tidleg og bruk heile dagen. Det blir nok å få med seg!

Me sjåast i Vågen i morgon!

Heidi røper i Strandbuen kven som skal vera med i kokkekampen på Ryfest 👩‍🍳Friluftsjenta Karen Kyllesø, ordfører Anita H...
04/09/2026

Heidi røper i Strandbuen kven som skal vera med i kokkekampen på Ryfest 👩‍🍳

Friluftsjenta Karen Kyllesø, ordfører Anita Husøy Riskedal, Trond Sandvik frå Sterling Halibut og Jamaa Nouissri frå Mowi Norge skal konkurrera med lokale råvarer, med Christian André Pettersen som dommar.

Dette blir kjekt å få med seg! Kokkekampen startar kl. 13.30 på laurdag i matteltet.

Les meir i Strandbuen. Link i kommentarfeltet 👇

03/09/2026

Apal Sideri er klar for Ryfest-helga 🧡 Først ut er Sider, song og ein smak av Hjelmeland på fredag, og på laurdag møter du dei i Vågen.

Vil du bli med på fredagen? 🍎🐟🥂 Billettar finn du via heimesida vår.

Adresse

Vågen I Hjelmeland
Hjelmeland
4130

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Ryfest legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ryfest:

Snarveier

Del