03/08/2026
Opningssesongen i Viketunet er over for i år. 🌺
Torsdag 30.juli var det bakedag i Elduset der Grete, Marta, Aslaug, Laila og Anne Marie baka krotakaker og delte ut smaksprøver. På kjøkenet serverte Trude og Gudmund vafler og kaffi. Mange kom på besøk. 🌺
Det vart også ein kjekk dag laurdag 1.august: Rjomagraut og risgraut gjekk unna i det våte været. Stova var full av folk og prat. 🌺
På ettermiddagen hadde me forteljing om Hellebrotet og utstillinga i Vikeløa for tredje gong i sommar - kjekt at så mange var interessert tilstades! 🌺
Takk for alle gode tilbakemeldingar frå gjestane våre!🌺
Takk til dei som har bidrege til den fine utstillinga og til aktivitetane i sommar!🌺
Og takk for heilt avgjerande dugnad frå alle som stiller som vertar, baker kaker og legg til rette for at bygdetunet vårt vert brukt og teke vare på! 🌺
På laurdag var det Oddveig, Inger, Marta, Ola Kåre og Olaug som tok imot, og Magnar fortalde om Hellebrotet. 🌺
Utstillinga vert ståande ei stund framover. Me håper på ei «pop up»- opning om nokre veker. Det er framleis nokon som seier dei ikkje har fått besøkt utstillinga. 🌺