25/06/2026
🌳☀️🎉 Velkommen til sommar i Plogenparken!
Barn og unges kommunestyre har sett av pengar til ny utstyrskasse til aktivitetsparken vår. I tre veker denne sommaren inviterer me alle som har lyst, til å låna gratis utstyr og leiker.
⚽🛴🪵🎾 Me har aktivitetsleiarar på plass i Plogenparken klokka 11–15 med konkurransar, turneringar og mykje gøy på lur! Kom og lån deg ein ball, padelutstyr, tråbilar, sparkesyklar, kubb og mykje meir.
Her er det inga aldersgrense eller påmelding, berre kom og bli med! 🙌😊
🗓️ Veke 27 (29. juni til 3. juli, måndag til fredag)
🗓️ Veke 32 (3.–7. august, måndag til fredag)
🗓️ Veke 33 (10.–14. august, måndag til fredag)
Me sjåast i parken! 💚😎