17/10/2026
Flott at begge lokalavisene våre tar inn dette skrivet.
SKL si vindkraftsatsing skaper uro – Kvinnherad sitt nei må stå fast
Mange innbyggjarar i Kvinnherad er uroa over Sunnhordland Kraftlag si aukande satsing på vindkraft. SKL meiner vindkraft på land må bli ein større del av den totale kraftproduksjonen, og følgjer opp med nye investeringar. Denne utviklinga reiser spørsmål om kva ambisjonar selskapet har for regionen vår.
Kvinnherad har gitt eit tydeleg svar. Kommunestyret har sagt nei til vindkraft, og i den nye kommuneplanen sin arealdel er det lagt inn at det ikkje vert sett av areal til dette. For Kvinnherad INP er dette ei føring som skal stå fast.
Kommunen vår har gjennom generasjonar bidrege med store naturressursar til kraftproduksjon. Vasskrafta har gitt arbeidsplassar og verdiskaping, men også omfattande naturinngrep. Den historia må telje når framtidas energipolitikk skal formast.
INP tek behovet for kraft til industri og arbeidsplassar på alvor. Vi vil prioritere betre utnytting av eksisterande kraftanlegg, energieffektivisering og eit sterkare straumnett. Samtidig skal vi ta vare på naturen, friluftslivet og livskvaliteten i bygdene våre.
Vi har ikkje grunnlag for å hevde at SKL planlegg vindkraft i Kvinnherad, men uroa blant innbyggjarane må takast på alvor. Vi forventar at SKL er opne om ambisjonane sine og tydelege på at kommunen sitt nei vert respektert.
Kvinnherad INP vil følgje med på utviklinga og halde fast ved kommunen sitt standpunkt. Innbyggjarane skal kunne stole på at eit nei til vindkraft vert følgt opp, også når kraftselskapa ønskjer å satse meir.