Etablerartenesta i Vest-Telemark

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Etablerartenesta i Vest-Telemark Etablerartenesta i Vest-Telemark er eigd og driven av Vest-Telemarkrådet, eit samarbeidsorgan for kommunane i regionen. Start Opp Vest-Telemark (tidl.

Har du lyst til å starte eiga verksemd, eller har du ein god idé som løyser eit problem, men ikkje veit kor du skal starte? Start Opp Vest-Telemark hjelper deg med korleis du kan gå frå idé til ny verksemd. Me kan gje enkel, individuell rettleiing til gründerar og oppstartsbedrifter. Rettleiinga består av å leggje til rette for informasjon og malverk og visa til andre tenestar der det finst informasjon. Etablerarkontoret) er et tilbod til etablerarar i dei seks kommunane i Vest-Telemark (Seljord, Kviteseid, Vinje, Tokke, Fyresdal og Nissedal). Telemark Næringshage driv Start Opp Vest-Telemark på uppdrag frå Vest-Telemark Rådet, som er kommunanes samarbeidsorgan i regionen.

Kvifor vil du starte?Folk startar bedrift av mange ulike grunnar. Nokon ønskjer å styre sin eigen kvardag. Andre vil ska...
06/10/2026

Kvifor vil du starte?
Folk startar bedrift av mange ulike grunnar. Nokon ønskjer å styre sin eigen kvardag. Andre vil skape sin eigen arbeidsplass, leve av noko dei er gode på, gripe ei moglegheit – eller byggje noko som kan bli stort.
Det finst ikkje éin riktig grunn til å starte, og heller ikkje éin riktig type bedrift.
Har du planar om å starte noko eige i Vest-Telemark? Vi hjelper deg med å finne ut kva som skal til for å kome vidare.
Ta gjerne kontakt med oss 😊

Ville du gjort det igjen?Fiken har spurt over 5 000 småbedriftseigarar om korleis det faktisk er å drive eiga bedrift.De...
30/09/2026

Ville du gjort det igjen?

Fiken har spurt over 5 000 småbedriftseigarar om korleis det faktisk er å drive eiga bedrift.
Det er ikkje alltid enkelt. Likevel svarar nesten 8 av 10 at dei ville starta bedrifta på nytt – 46 % utan tvil og 32 % med enkelte atterhald.

Dei viktigaste grunnane til å starte? Å styre sin eigen kvardag, skape noko eige og vere sin eigen sjef.
Går du med ein idé sjølv? Kanskje det er verdt å undersøke om det kan bli noko av han.
https://fiken.no/presse/smabedriftsundersokelsen-2026

Ein god idé er starten – men korleis finansierer du vegen vidare?Eigne pengar, lån og offentlege støtteordningar kan all...
21/09/2026

Ein god idé er starten – men korleis finansierer du vegen vidare?
Eigne pengar, lån og offentlege støtteordningar kan alle vere ein del av svaret.
23. september inviterer Innovasjon Norge, Telemark fylkeskommune og Telemark Utviklingsfond til gratis webinar om finansieringsmoglegheiter for næringslivet i Telemark.
Har du ein idé du vurderer å satse på? Ta gjerne kontakt med oss – vi hjelper deg med å sjå på moglegheitene.

https://www.innovasjonnorge.no/arrangement/fra-ide-til-vekst-finansieringsmuligheter-for-naeringslivet-i-telemark?utm_source=chatgpt.com

Omsetning er ikkje det same som det du tener.Kva må du ta betalt – og kor mykje må du selje – for at bedrifta skal bli l...
15/09/2026

Omsetning er ikkje det same som det du tener.

Kva må du ta betalt – og kor mykje må du selje – for at bedrifta skal bli lønsam?

Har du ein forretningsidé? Vi hjelper deg gjerne med å sjå på økonomien 😊

Dyrsku'n samlar kvart år titusenvis av menneske og skaper aktivitet langt utover sjølve Dyrskuplassen. Der folk møtest, ...
08/09/2026

Dyrsku'n samlar kvart år titusenvis av menneske og skaper aktivitet langt utover sjølve Dyrskuplassen. Der folk møtest, oppstår det også behov – og moglegheiter for dei som ser dei.
Kanskje har du allereie sett eit behov som kan løysast betre? Ei teneste som manglar? Eit produkt folk etterspør?
Har du ein idé du vurderer å gjere noko med? Ta kontakt med oss 😊

Å etablere seg treng ikkje alltid bety å starte ei heilt ny bedrift.Nokre gonger treng gode, etablerte verksemder nye ei...
03/09/2026

Å etablere seg treng ikkje alltid bety å starte ei heilt ny bedrift.

Nokre gonger treng gode, etablerte verksemder nye eigarar. For den rette personen kan det vere ein spennande veg inn i næringslivet. Analysar har vist at bedrifter som gjennomgjekk eigarskifte, hadde 5 prosent høgare vekst i omsetning og verdiskaping.

Kanskje draumebedrifta di allereie finst?

Uansett kvar i Vest-Telemark du bur, hjelper vi deg gjerne med etableringa di.

Det skjer spennande ting i Fyresdal, og det kan skape nye moglegheiter i heile Vest-Telemark 🤩 Vi er spente på kva nye e...
31/08/2026

Det skjer spennande ting i Fyresdal, og det kan skape nye moglegheiter i heile Vest-Telemark 🤩 Vi er spente på kva nye etableringar dette kan føre til 🚀 Uansett kvar i Vest-Telemark du bur, hjelper vi deg gjerne med etableringa di 😊

23. september vil Innovasjon Norge kjøre webinar om finansieringsmuligheter for næringslivet i Telemark. Meld dykk på.
11/08/2026

23. september vil Innovasjon Norge kjøre webinar om finansieringsmuligheter for næringslivet i Telemark. Meld dykk på.

Hvordan kan din virksomhet få støtte til utvikling, innovasjon eller omstilling? I dette webinaret gir Telemark fylkeskommune, Telemark Utviklingsfond og Inn...

06/08/2026

20.–21. august | Straand Hotel, VrådalFjellkonferansen samlar aktørar som arbeider med framtida i fjellområda.To dagar med kunnskap, dialog og nye løysingar.På Fjellkonferansen samlast sentrale aktørar for å drøfte utfordringar og moglegheiter i fjellområda – no og i åra som kjem.

24/06/2026

Nokon ser ein moglegheit.

Slik startar mange av arbeidsplassane i Vest-Telemark. Har du ein idé du vurderer? Ta kontakt med Etablerartenesta i Vest-Telemark på www.etablerar.no

Adresse

Kviteseidgata 18 (Telemark Næringshage)
Kviteseid
3850

Åpningstider

Mandag 09:00 - 16:00
Tirsdag 09:00 - 16:00
Onsdag 09:00 - 16:00
Torsdag 09:00 - 16:00
Fredag 09:00 - 16:00

Telefon

+4735901717

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Etablerartenesta i Vest-Telemark legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Etablerartenesta i Vest-Telemark:

Snarveier

Del