08/10/2026
Wenche Uksnøy er tilsett som ny næringssjef i Sula kommune!
Wenche har solid erfaring med arbeid i skjæringspunktet mellom næringsliv, offentleg sektor, forskingsmiljø og verkemiddelaparatet. Ho vil starte i stillinga i januar 2027, og kjem frå stillinga som klyngeleder for NCE Blue Legasea i ÅKP.
"Gjennom rekrutteringsprosessen vart det tydeleg at Wenche har den ønska erfaringa, gode samarbeidsevner og sterk forståing for samspelet mellom næringsliv, kommune og frivilligheita som vi var på jakt etter. Erfaringa ho har med å samle aktørar rundt felles mål, utvikle prosjekt, skaffe finansiering og omsette strategiar til konkrete resultat, gjer at ho vil vere ein viktig ressurs i arbeidet med vidare utvikling av Sula-samfunnet", seier assisterande kommunedirektør Sunniva Marøy Eriksen om tilsettinga.
Stillinga er oppretta som eit spleiselag mellom Sula næringsforening og Sula kommune, og næringsforeninga v/ styreleiar Øyvind Vebenstad har vore med på rekrutteringa. "Dette er ei historisk, strategisk og viktig tilsetting – både for Sula kommune og for oss i Sula Næringsforening. Næringssjefen vil få ei sentral rolle i å sikre gode rammevilkår for næringslivet, skape møteplassar, bygge nettverk og ikkje minst vere eit viktig bindeledd mellom kommunen og næringslivet", seier Øyvind Vebenstad.
"Det er inspirerande å kome til ein kommune der næringsliv, kommune og frivilligheit uttrykker sterk vilje til å lykkast saman. Eg ser fram til å bli kjend med bedriftene og folka i Sula, og til å vere ein pådrivar i arbeidet med å setje næringsstrategien ut i livet», seier Wenche Uksnøy.
Foto: ÅKP / Anne Marthe Vestre Berge.