27/09/2026
Fin gjeng. Kompetanse er viktig 🚒🚒🚒
🚒 To helgesamlingar gjennomført – snart ferdig utdanna brannkonstablar! 🔥
Då har denne flotte gjengen frå Skjåk, Gloppen, Sykkylven, Stad, Ulstein, Sande og Vanylven brannvesen gjennomført to helgesamlingar på grunnkurs for brannkonstabel i Vanylven. 👨🚒👩🚒
Det har vore to helger med mykje praktisk trening, fagleg påfyll, godt samarbeid og erfaringsutveksling på tvers av brannvesena.
No står berre praksisveka etter haustferien igjen. Den skal gjennomførast her i Vanylven, og etter denne er deltakarane ferdig utdanna brannkonstablar. 💪🚒
Takk for to gode helgesamlingar – vi gler oss til å samle gjengen igjen til siste innspurt! 🔥👨🚒👩🚒