Lom folkebibliotek

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Lom folkebibliotek Årets bibliotek 2012 ⭐
Meirope 07.00-22.00.

TOTALFORSVARSÅRET 2026Måndag 2. november får vi besøk av regional beredskapskoordinator Rolv Atle Mallaug. Han vil infor...
29/10/2026

TOTALFORSVARSÅRET 2026

Måndag 2. november får vi besøk av regional beredskapskoordinator Rolv Atle Mallaug. Han vil informere om totalforsvarsåret 2026. Sivilberedskap, eigenberedskap og kultur inn i beredskapen er noko av det han legg vekt på.

Gratis inngang. Vel møtt!

APROPOS LESING: LESANDE BØNDER I FLEIRE HUNDRE ÅRNorske bønder på 1700- og 1800-talet var langt meir lesande og skrivand...
28/10/2026

APROPOS LESING: LESANDE BØNDER I FLEIRE HUNDRE ÅR

Norske bønder på 1700- og 1800-talet var langt meir lesande og skrivande enn historia har framstilt det som.

Gjennom forskinga si har Jostein Fet (1924-2023) dokumentert at heilt vanlege norske bønder på 1700- og tidleg på 1800-talet både eigde bøker og las dei. Dei var òg stolte over å meistre lesekunsten og vera lesarar.

Fet har vist at boklesing ikkje var for dei få. Det har vore for dei mange i fleire hundre år.

Interessant? Bøkene er tilgjengelege i Nettbiblioteket eller du kan spørja på biblioteket ditt.

Velkomen til Lom fleirbrukshus - Utgard kl. 19.00 i kveld!Lær meir om troll og trollfabrikkar og om mekanismar i sosiale...
28/10/2026

Velkomen til Lom fleirbrukshus - Utgard kl. 19.00 i kveld!

Lær meir om troll og trollfabrikkar og om mekanismar i sosiale medium. At vi er opplyste og kritiske lesarar, er viktig for kvar og ein av oss og for vår felles beredskap. Kom! Kom!

Hvem trollet Innlandet?Det starta i Lom. Hausten 2024 kjempa elevar, foreldre og eit helt lokalsamfunn mot nedlegging av...
22/10/2026

Hvem trollet Innlandet?

Det starta i Lom. Hausten 2024 kjempa elevar, foreldre og eit helt lokalsamfunn mot nedlegging av den vidaregåande skulen. På same tid dukka det opp ei Facebook-gruppe som på kort tid fekk fleire tusen medlemmar.

Men kven var eigentleg menneska bak gruppa? Kvifor slutta dei plutseleg å diskutere skule? Og kvar kom dei pro-russiske profilane frå?

Onsdag 28. oktober kl. 19.00 held journalistane bak podkasten, Silje Førsund frå Faktisk.no og Svenn Arne Lie frå GD, foredrag i Lom fleirbrukshus - Utgard. I foredraget tek dei oss med bak kulissane i arbeidet med podkasten. Dei fortel om jakta på falske profilar, nordmenn som kjøper og sel Facebook-grupper, pengar og politikk.

Lom folkebibliotek og kommunikasjonsavdelingen i Lom kommune står for arrangementet. Arrangementet er støtta av Stiftelsen Fritt Ord, Fjuken - lokalavisa for Ottadalen og SpareBank 1 Lom og Skjåk

To norske vinnarar av Nordisk råds litteraturpris!Hilde Hagerup vann Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2026 f...
20/10/2026

To norske vinnarar av Nordisk råds litteraturpris!

Hilde Hagerup vann Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2026 for romanen «Du eneste». Sigbjørn Skåden vann Nordisk råds litteraturpris 2026 for romanen «Planterhaug». Vi gratulerer. Og bøkene kan du låne på biblioteket 📚

Bibliotektysdagen for alle:Kl. 10: BabysongKl. 11: SenioruniversitetsforedragKl. 12: Klassebesøk frå barneskulenKl. 14: ...
13/10/2026

Bibliotektysdagen for alle:
Kl. 10: Babysong
Kl. 11: Senioruniversitetsforedrag
Kl. 12: Klassebesøk frå barneskulen
Kl. 14: Gravidtreff
Og heile dagen svinsa to godt vaksne bibliotekarar rundt og fryda seg på jobb mellom generasjonsskifta. Alt dette på ein elles grå, stengt bibliotektysdag.

For ein start på veka! Magnus Helgerud heldt føredraget «100 ting jeg tenker på når jeg tenker på Romerriket» for 9. kla...
12/10/2026

For ein start på veka! Magnus Helgerud heldt føredraget «100 ting jeg tenker på når jeg tenker på Romerriket» for 9. klasse her på biblioteket. Med suveren formidlingsevne tok Magnus oss med tilbake til det elleville Romarriket. Vi fekk servert både festlege, fråstøytande og overraskande fakta om livet i antikken, mellom anna om øyrevoks som laut etast for å døyve insektstikk, klede som vart vaska i urin og leirepulver, og korleis handrørsler og kroppsspråk vart aktivt brukt i kommunikasjon. Gesten Magnus viser på bildet er altså ein heilt annan enn vi tolkar han som i dag.

Etter føredraget vart Helgerud overraska med ei heilt spesiell gåve då lærar Øyvind overrekte ei Arsenaltrøye signert av 9. klassingane!

«Rett på sak» er ein formidlingsturne i regi av Innlandet fylkesbibliotek, Norsk litteraturfestival og Den kulturelle skulesekken Innlandet, der sakprosabøker blir formidla til 9. klassingar i heile fylket. I fjor hadde vi besøk av Kristina Quintano med boka «Flukt; 11 ungdommers historier om reisen, frykten og håpet» på same turné. Vi er veldig takknemlege for å kunne gje elevane sakprosaformidling av så høg kvalitet.

Adresse

Bergomsvegen 29
Lom
2686

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Lom folkebibliotek legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Lom folkebibliotek:

Snarveier

Del

Kategori

Offentlige Tjenester i nærheten