Luster Austre Fjellstyre

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Luster Austre Fjellstyre Luster Austre Fjellstyre administrerar jakt og fiske på statsallmenningen i austre delar av Luster k I denne gruppa er Fjellstyret representert.

Villreinforvaltning og villreinjakt:

I delar av området til statsalmenningen er det rein, og fjellstyret har representantar i både villreinutvalet for Vest-Jotunheimen og Reinheimen-Breheimen. Vest-Jotunheimen villreinområde:

I Vest-Jotunheimen har vinterstammen verte halde på om lag 300-350 dyr, fram til 2006. I etterkant minka antall dyr på grunn av ulike årsakar, og i 2008/09 var vinterstamma nede i 170 dyr. Jakta var då stoppa, men vart satt i gang att i 2014, då totalteljinga viste at det var 393 dyr i området. Ein fekk då ein felles jaktavtale med alle valda i villreinområde, og jegrane fekk dermed jakta over heile området. Dette fører til at fellingsprosenten går opp og jakta vert meir ettertrakta. Fjellstyret fekk i 2014 tildelt ein fellingskvote på 21 dyr, 18 av desse vart felt, noko som resulterte i ein fellingsprosent på 76,2%. Reinheimen-Breheimen villreinområde (Ottadalen):

Det er ikkje rein fast i Luster sin del av Reinheimen-Breheimen villreinområde, men det er ynskje om dette. Det er rein over frå Skjåk til Jostedalen og Fortunsdalen kvart år på sommarbeite. Ei arbeidsgruppe leia av Fylkesmannen vart oppretta for å prøva å få oppatt villreinstammen i Luster sin del av Ottadalen villreinområde. I samband med dette arbeidet, vart det vedteke å ikkje driva villreinjakt i Luster sin del av dette villreinområde før stammen i Luster tek seg opp. Det vart forhandla med Skjåk allmenning om framhald av inngått samjaktavtale og resultatet vart at alle fellingsløyva på rein i Luster kunne takast ut på deira område som tidlegare. Deler av villreinområdet som grensar mot Luster har vore freda for jakt og stammen har vore halden noko høgare enn planlagt. I 2014 fekk Fjellstyre tildelt 27 dyr, kor 18 vart felt, dette resulterte i ein fellingsprosent på 67 %, kor alle fellingsløyva vart uttekne i Skjåk allmenning. Fiske og fiskestell:

Fjellstyret har felles fiskekortordning med Fortun grunneigarlag og denne ordninga omfattar over 50 fiskevatn og fleire småelvar. Fiskekort vert no lagt ut for sal på Fortun bensinstasjon i Fortun og Nymoen camping på Skjolden. Fjellstyret har også avtale med Inatur.no om sal av fiskekort på nettet. Fjellstyret har siste åra stått for eit omfattande kultiveringsarbeid for å halda oppe bestanden av fisk i vatna. Dette viser godt resultat, ein har fin fisk i dei fleste fiskevatna i allmenningen. Fjellstyret har opna for garnfiske i Gravdalsvatnet sørvest for Leirvassbu for utanbygdsbuande etter utarbeidde fiskereglar. Det same er gjort for Rundhaugvatnet, Illvatnet, Øvre Grønevatn og Gravdalsvatnet i Nørdstedalen. Småviltjakt:

Småviltjakt er det mest om hausten før Sognefjellsvegen stenger, etter den tid er det tungvint å koma til området. Det er det lett tilgjengelege området ved Sognefjellsvegen som vert mest nytta til småviltjakt, men Luster austre statsallmenning er stor og vil ein jakta på stader der det er litt lenger frå bilveg er vestlege deler av allmenningen i Nørdstedalsområdet eit fint alternativ. For å koma til dette området må ein starta i Fortun å køyra inn Fortunsdalen til Nørdstedalsæter. Også i aust i området Gravdalen, Raudalen, Mjølkedalen og Urdadalen er det eit flott jaktområdet om ein ikkje er redd for lange avstandar. Lettaste måten å koma til dette området er å køyra til Leirvassbu, derifrå er det ca 2 km inn til grensa med Luster austre statsallmenning. Fjellstyret har sal av småviltjaktkort på Inatur. Det vert då moglegheit for alle å kjøpa småviltjaktkort på nettet. I tillegg er det sal av kort for småviltjakt på Fortun bensinstasjon i Fortun og Nymoen camping på Skjolden. Hytta ved Prestesteinsvatnet:

Hytta ved Prestesteinsvatnet vart bygd i 2002 og teken i bruk i 2003. Hytta er omlag 60 kvadratmeter pluss uthus med do og bod. Den har 3 soverom, vaskerom, stove med kjøkenkrok, gang og vindfang. Like ved hytta er det eit naust med utleigebåt. I tillegg til bruk for jakt og fiske, ligg hytta fint til som utgangspunkt for turar i området, spesielt fint på ski om våren/tidleg sommar.
2014. Hytta ved Gjertvatnet:

Hytta ved Gjertvatnet vart øydelagd under stormen «Dagmar» og er no bygd opp att med i lekker laft. Ho er ei flott lita hytte mellom Skogadalsbøen og Turtagrø og ligg fint tilrette for jakt og tur. Ho har gassomn og -komfyr, senger til 5 og ligg tett ved fjelltoppar og Gjertvatnet. Naust og båtar:

Fjellstyret har 3 naust med båtar på Sognefjellet. Nausta er bygde på ein spesiell måte som har vist seg å vera svært vellukka. Det er eit stort røyr som er tetta i bakkant og det er laga dørar i framkant. Røyra er graven ned i terrenget og ein ser såleis berre framside. Like ved hytta ved Prestesteinsvatnet er eit av nausta og båt. Så er det eit naust med båt i Indre-Hervavatn. Dette heng saman med Hervavatnet når vasstanden er på topp, men største del av året er det eit eige vatn. Det tredje naustet med båt ligg i vestre enden av Hervavatnet i bukta rett sør for demninga. Når ein kjøper fiskekort i Luster austre statsallmenning får ein og tilgang til bruk av båtane, noko som er eit fint tilbod og bør vera med å auka interessa for fiske i desse fjellvatna. Utleige av hytter og båtar er eit godt tilbod til jegerar, fiskarar og andre friluftsfolk som burde vore meir nytta. Fjellstyret vil arbeida for å gjerda tilbode meir kjent. Fjellreven attende til statsallmenningen:

I eldre tider var det vanleg å sjå fjellrev i statsallmenningen. Den har no i lengre tid vore berre observert som enkle streifdyr. Men hausten 2013 kom det inn fleire observasjonar av fjellrevkvelper langs Sognefjellsvegen. Dette vart nærmare undersøkt når snøen kom og spor vart då funne fleire stader. Ut frå spora såg det ut som minst 3 dyr hadde ferdast ilag. Ekskrement vart samla inn for DNA analyse. Desse prøvane synte at det var fjellrev. Fjellrevkullet hadde ofte tilhald ved Fjellstyrehytta og vart fleire gonger observerte av folk som var på hytta. Det vart lagt ut litt åte og sett opp 2 viltkamera på hytteveggen. Når desse kamera vart tekne inn våren 2014 var det mange bilde av kvite rever med små runde øyro. Fleire bilde synte 2 dyr og det kan vera fleire. Ut over sommaren og hausten vart det observert fjellrev ved fleire høve i området. At fjellreven no er komen attende og ynglar i statsallmenningen på Sognefjellet er positivt og ein dyreart som var vanleg i eldre tider er då komen på plass att. Ein får håpa at det vert levelege vilkår framover for den i statsallmenningen og at den vil trivast og bli i området. Utleige av tjenester:

Fjellstyret for Luster Austre Statsalmenning har frå 01.01.2021 ansett Anna Samnøy som Fjelloppsyn. Sidan Luster Austre statsalmenning ikkje er så stor at det fyller ein stilling ønskjer me å medele at me er interesert I å leige ut tjenester innen naturforvaltning og oppsyn. Utredning, planlegging av tiltak og gjennomføring av desse er ein naturleg del av dei tjenestene me kan tilby. (Ikkje før 2022).

Fjellstyret stoggar rypejaktaMe har fått fleire tilbakemeldingar frå jegrar som uroar seg for at det er veldig lite rype...
23/09/2026

Fjellstyret stoggar rypejakta

Me har fått fleire tilbakemeldingar frå jegrar som uroar seg for at det er veldig lite rype i fjellet i haust. Me tek dette til etterretning, og stoggar salet av småviltkort frå i dag for å spara resten av rypestammen.

Les meir på heimesida vår, https://lusteraustre.no/.

Luster Austre Statsallmenning ligg midt inni den flotte Vest Jotunheimen og Breheimen, mellom høge fjell og frodige dalar. Området er mykje brukt til friluftsliv som jakt, fiske, turgåing og klatring, men og som beite til husdyr.

Bilete frå i går, då var det to flokkar i områder sørvest for Ingebjørgsfjellet.
06/09/2026

Bilete frå i går, då var det to flokkar i områder sørvest for Ingebjørgsfjellet.

15/08/2026

Vest-jotunheimen villreinutval har tre villreinløyver for sal.
1 fritt dyr og 2 kalvar.
Søkarar kan søke som lag på 2 personar på eit løyve der den eine er fyrstegongs jeger eller ung jeger (under 25 år) Begge må ha avlagt skyteprøve.
Ein kan søke som einsleg jeger men lag med fyrstegongs-/ung jeger vert favorisert.
Det er utarbeida jegerkontrakt som fylgjer løyvet
Pris på fritt dyr 9000,-
Pris på kalv 2500,-
Pris er medrekna fellingsavgift.
Løyva vert fordelt mellom innbyggarar i Årdal og Luster.
Søknad sendes [email protected] Ring 91388642 om det er spørsmål
Søknadsfrist : 17.08.kl 20:00 Trekking 18.08.26

10/08/2026

Det ser ut som det er bra med ryper i år, no er årets småviltkort lagt ut på inatur.no.

Endeleg bygger me ekte do på Gjertvasshytta! God gamaldags utedo, ikkje noko jåleri!
01/07/2026

Endeleg bygger me ekte do på Gjertvasshytta! God gamaldags utedo, ikkje noko jåleri!

Her er lista etter årets trekning av villreinløyve. Dersom du har vore heldig i trekninga og får tilbod om eit løyve vil...
19/06/2026

Her er lista etter årets trekning av villreinløyve. Dersom du har vore heldig i trekninga og får tilbod om eit løyve vil du verta kontakta på epost. Reglane for trekkinga kan du lesa på heimesida vår, lusteraustre.no. Trekninga er eit enkeltvedtak med klagerett, jf forvaltningslova § 28.

VEST-JOTUNHEIMEN VILLREINOMRÅDE

Simle/ungdyr
• Asbjørn Kroken
• Atle ødegård
• Martin Oma

Kalv
• Agnete Solstad
• Jarle Nes Veum
• Odd Inge Guddal
• Per Hauge

Reserve
1. Daniel Aarseth
2. Hermund Mjelstad
3. Jørgen Vole
4. Espen Lynne
5. Simen Solberg Pedersen

BREHEIMEN VILLREINOMRÅDE (SKJÅK ALMENNING)

Fritt løyve
• Eirik Glendrange
• Per Even Lysgaard
• Per Høyheim
• Tor Inge Midtun
• Asle Hauge

Simle /bukk < 40 kg
• Asbjørn Prestegård
• Kenneth Solstad
• Rune Glendrange
• Svein Roar Borlaug
• Vegard Molland Røneid
• Jonny Gjerde
• Martin Midtun
• Aleksander Flattun Lilleeng
• Vegard Gjerde

Kluftbukk
• Marit Kvalen

Kalv
• Herman Stebergløkken Meren
• Jonar Storesund
• Lars Christian Schøning
• Morten Sangvik
• Runar Hatlevoll
• Sindre Jensen
• Solve Skar
• Arne Brede Bull
• Oddbjørn L***r Nesje

Reserve
1. Tore Haugen
2. Kjell Louis Johansen
3. Håkon Indergård
4. Gro A. Nybø
5. Even Holst
6. Odd Sunde
7. Kristiane Berg-Osvik
8. Eivind Steig
9. Kjetil Moe
10. Henrik Heimlid
11. Arnfinn Myklebust
12. Vegard kaland
13. Jostein Aasen
14. Joar Søhoel
15. Mari Sannes Innerdal
16. Alexander Slinde
17. Vegard Vassbotn
18. Magne Riise
19. Trygve Andre Strand
20. Hardi Shahab
21. Lukas C Sjøthun
22. Stian Slinde
23. Joacim Gjerde
24. Vidar Eidissen
25. Thomas Johannesen

12/06/2026

Lista over kven som fekk reinsløyve vart publisert i dag men er no fjerna fordi me har motteke ei klage.

Dersom klagen vert teken til følge kan heile lista verta annulert og trekkinga gjennomført på nytt.

05/05/2026

Ønsker du å søka reinsløyve? Du finn søknadsskjema på heimesida vår, lusteraustre.no. Fristen er 31. mai.

Fjellstyret trekker reinsløyva 9. juni, og publiserer resultatet på facebook og heimesida. Du får også epost dersom du har vore heldig i trekninga. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast på lista må du skriva det i merknadsrubrikken i søknadsskjemaet.

Adresse

Sviggaplassane 64
Marifjora
6873

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Luster Austre Fjellstyre legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Luster Austre Fjellstyre:

Snarveier

Del