02/10/2026
Nye krefter i toppen👏
Nominasjonsnemnda vil i særleg grad leggje vekt på å presentere ein heilt fersk andrekandidat!
Ane Ingvild Støen Mittet (41), busett i Eidsvåg, er ein nykomar i flokken vår🍀
Ane Ingvild er mjølke- og kjøtfeprodusent saman med ektemannen sin. Ho har tidlegare vore organisasjonssjef i Møre og Romsdal Bondelag. Ho er utdanna historikar og statsvitar og har tidlegare arbeidd med forsking, hatt oppdrag for Justis- og beredskapsdepartementet og Utanriksdepartementet og har fleire års røynsle frå offentleg forvalting på regionalt nivå. Ho er ivrig jeger og fjellentusiast. Når ho ikkje er på jobb, er ho som oftast å finne utandørs.
- Eg kjenner det politiske systemet i Noreg og samspelet mellom politikk og forvalting godt. Det meiner eg er ein styrke, seier Mittet. Innanfor alle sektorar i samfunnet er det rom for effektivisering og forbetring. For å få til det må det rette strategiske planverket vere på plass, og ein må vere villig til å investere i utvikling, legg ho til.
Hjartesakene til Ane Ingvild er at vi skal ta heile fylket i bruk – at Møre og Romsdal og Noreg er meir enn berre byane – og å utvikle matfylket vårt med næringsliv og satsingar innan blå og grøn sektor. I tillegg brenn ho for kultur, idrett og friluftsliv.
- Lukkast vi med å skape gode arenaer for kultur, idrett og friluftsliv, blir dei sosiale og økonomiske ringverknadene av kvar investerte krone enorme, seier Mittet.
Eit godt utbygd tilbod treffer alle på tvers av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet, seksuell orientering og identitet. Det er inkludering i praksis og ei god investering for framtida, understrekar ho.
Nominasjonsnemnda meiner at Ane Ingvild er ein så god representant for Senterpartiet at ho blir prioritert høgt på lista.
– Vi må tore å sleppe nye folk til, og her meiner vi i nominasjonsnemnda at vi er svært heldige som har fått denne dyktige dama med på laget, seier leiar Jan Ove Tryggestad.
- Det er mange gode kandidatar i Møre og Romsdal Senterparti, så eg er veldig glad for tilliten nominasjonsnemnda viser ved å innstille meg som nummer to. Eg er klar for å bidra dersom nominasjonsmøtet er samd, avsluttar ho.