Møre og Romsdal fylkeskommune

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Møre og Romsdal fylkeskommune Velkommen til Møre og Romsdal fylkeskommune på Facebook. Her deler vi små og store nyheiter. Vi kommenter derfor ikkje enkeltsaker som er omtalt i media.

BRUKARVILKÅR OG PERSONVERNERKLÆRING

BRUKARVILKÅR

Velkommen som brukar av Facebook-sida vår. Her er retningslinjene for bruk av Møre og Romsdal fylkeskommune si Facebook-side, som alle besøkande må følge. Vi forventar at du behandlar andre med respekt, og samtykker til at du ikkje vil poste eller dele innhald i kommentarfeltet som:

- Avslører personopplysningar om andre

- Er ærekrenkande, provoserande, pornografisk eller støytande

- Er truande eller oppfordrar til mobbing, rasisme, diskriminering, hat eller fysisk skade på ei gruppe eller eit individ

- Er falsk eller villeiande

- Krenker eller bryt opphavsretten (til for eksempel bøker, musikk, bilde, video eller anna materiale du ikkje har skriftleg samtykke frå eigaren til å poste)

- Bidrar til ulovleg eller uautorisert kopiering av åndsverket til ein annan person, lenkar til slikt arbeid eller forklarer korleis ein kan omgå sikkerheitstiltak som er laga for å beskytte opphavsretten

- Er ulovleg eller bidrar direkte eller indirekte til ulovlege aktivitetar

- Inneheld reklame, marknadsføringsmateriell, søppelpost, kjedebrev, pyramidespel eller andre formar for oppfordring


Du forstår at innhaldet som er posta av brukarar på Facebook-sida vår, ikkje nødvendigvis samsvarar med synspunkta og haldningane til fylkeskommunen. Vi kan gå gjennom, redigere eller slette innhald som vi meiner ikkje er i tråd med brukarvilkåra. Brukarvilkår for Facebook-sida vår

Vi driv ikkje med saksbehandling i sosiale medium. Facebook-postar som genererer stort engasjement i kommentarfeltet vil vere stengt utanom ordinær arbeidstid (mån.-fre. kl. 08-15.30), då vi ikkje har kapasitet til å følge opp og moderere kommentarfelta. PERSONVERN
All samhandling med facebook fører til at den enkelte brukaren legg igjen personinformasjon. Ønsker du å lese meir om dette, vil du finne meir informasjon på facebook-kontoen din, under Instillinger og personvern. Her kan du administrere og kontrollere personvernet ditt på Facebook. Dersom du ønsker å bruke kommentarfeltet, rår vi deg til å ikkje legge igjen informasjon i kommentar som er av privat karakter. JURIDISK ANSVARLEG
Du er juridisk ansvarleg for det du skriv i kommentarfeltet vårt, og det du skriv hos oss er ei offentleg ytring. Viss du skriv ting som bidrar til ærekrenking, øydelegg privatlivets fred, inneheld truslar eller hatefulle ytringar, kan du bli rettsleg forfølgt for dette, sjølv om vi slettar innlegget i ettertid. PERSONVERNERKLÆRING FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE PÅ FACEBOOK

Når du samhandlar med sida vår; besøker sida vår, følgjer sida, liker eller deler eit innlegg, kommenterer eit innlegg eller sender direktemelding til oss, gir du automatisk frå deg personopplysningar. Dette gjeld uavhengig av om du er logga inn via brukarkontoen din eller ikkje. Denne personvernerklæringa gir ei oversikt over korleis Møre og Romsdal fylkeskommune behandlar personopplysningar du gir frå deg når du samhandlar med Facebooksida vår. Personopplysningar er alle opplysningar som kan identifisere ein person, for eksempel fullt namn eller bilde. Behandling betyr blant anna innhenting, registrering, bruk, lagring og utlevering, altså all bruk av personopplysingar. Det er frivillig å bruke Facebook. Du kan også finne informasjonen på mrfylke.no. Ver merksam på at reaksjonar som «likarklikk», deling av innlegg eller kommentarar er offentleg og synleg for andre. Vi kan ikkje kontrollere korleis andre som samhandlar med sida vår behandlar opplysningane du gir, eller forhindre at nokon tar direkte kontakt med deg. Når du samhandlar med sida vår, vil Meta Platforms Ireland Limited (Facebook) samle inn og behandle mange personopplysningar om deg, anten du har brukarkonto eller ikkje. Opplysningane Facebook samlar inn er blant anna tidspunkt, lokasjon, namn, alder, kjønn, interesser, forbruksmønster, kjøpekraft, livssituasjon, IP-adresse, om du bruker pc eller mobil og kva innlegg du likar. Personvernsenteret til Facebook har meir informasjon om kva personopplysningar dei samlar inn og kva dei bruker opplysningane til. Vi anbefaler at du bruker personvernverktøya til Facebook for å kontrollere kva informasjon som blir samla inn om deg. Ansvar for personopplysingane

Når og dersom vi publiserer personopplysningar på sida vår, har vi ansvar for at reglene om personvern blir følgt. Vi har også felles ansvar saman med Facebook for:

Personopplysningane som blir samla inn når du og andre samhandlar med sida

Overføringa av personopplysningane til Facebook

Behandlinga av personopplysningar som er nødvendig for å lage statistikken «Sideinnsikt»

Statistikken er samla på gruppnivå når vi får den, slik at vi ikkje har tilgang til personopplysningar om enkeltpersonar. Vi har inngått avtale om felles behandlingsansvar for den behandlinga av personopplysningar som vi deler ansvaret for. Avtalen regulerer det ansvaret vi og Facebook har for å overhalde personvernregelverket. Ta gjerne kontakt med oss dersom du ønsker å sjå avtalen. Alt Facebook gjer med personopplysningane etter at dei er overført frå oss, med unntak av Sideinnsikt, har Facebook ansvar for åleine. Du finn informasjon om behandlinga i Meta Irlands retningslinjer for personvern. Når vi lenkar til andre Facebooksider eller onlineinnhald, gjeld personvernerklæringa til desse tenestene. Nedanfor forklarer vi kva personopplysningar vi behandlar, korleis vi behandlar dei og kor lenge vi lagrar opplysningane. Vedlagt finn du også ei oversikt over dei gjeldande brukarvilkåra for Facebook-sida vår. Slik bruker vi personopplysningane dine



Kvifor treng vi personopplysingane dine? Facebook-sida vår er oppretta for å oppfylle den informasjonsplikta vi har etter kommunelova § 4-1. Innlegga skal gi innbyggarane i fylket informasjon om tenestene våre og politiske vedtak på ein lett tilgjengeleg måte. Vi bruker annonser for ledige stillingar, tilskotsordningar og arrangement for å nå ut til flest mogleg. Facebook er eit supplement til websida mrfylke.no, som er hovudkommunikasjonskanalen vår. For å informere relevante målgrupper om tenestene våre, ulike arrangement og ledige stillingar bruker vi Metas annonseverktøy. Vi målrettar kun geografisk når vi annonserer, uansett annonsetype. Dette gir oss moglegheit til å annonsere i Møre og Romsdal, Norge eller i andre større demografiske område. Vi målrettar ikkje på alder, postnummer, kjønn, utdanning, jobb, interesser eller liknande, og sporar ikkje via Meta pixel på mrfylke.no. Lov til å behandle personopplysningar

Vi må ha eit rettsleg grunnlag for å kunne behandle personopplysningar. Når vi bruker Facebook som informasjonskanal er det rettslege grunnlaget personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e (nødvendig for å utføre ei oppgåve i allmentas interesse eller utøve offentleg myndigheit) med supplerande rettsgrunnlag i kommunelova § 4-1. Fylkeskommunen har eit lovpålagt ansvar for å informere aktivt om eigen verksemd og verksemd som andre utfører på våre vegner, og for å legge til rette for at alle kan få tilgang til slik informasjon. Når vi har ope kommentarfelt på ein post eller bruker annonseverktøyet til Facebook, er det rettslege grunnlaget personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f (interesseavveging). Regelen gir oss rett til å behandle personopplysningar når det er nødvendig for å ivareta ei legitim interesse som veg tyngre enn personvernet til den enkelte. Du kan ta kontakt dersom du ønsker å sjå vurderinga vår. Kven har tilgang til opplysingane dine? Facebook og Meta har tilgang til alt innhald vi publiserer. Når du besøker sida vår, samlar Meta inn fleire personopplysningar som dei kan dele med samarbeidspartnarane sine. Vi viser til Meta Irlands retningslinjer for personvern for meir informasjon. Dei tilsette som administrerer Facebook-sida vår, har tilgang til direktemeldingane dine og den anonymiserte statistikken Sideinnsikt. Alt innhald på sida er synleg for alle, også personar som ikkje har eigen brukarkonto. Det du skriv på sida, reaksjonar, brukarnamn, namn og profilbilde er derfor synleg for alle. Dei som kan sjå innhaldet, kan også dele det vidare eller laste det ned. Kor lenge blir opplysningane dine lagra? Alle opplysningar som er publisert på Facebook-sida vår blir liggande til vi slettar dei etter ca.1 år. Personopplysningar som ikkje er teiepliktige kan vere synleg lenger. Opplysningar vi har plikt til å lagre (for eksempel etter arkivlova), kan bli lagra i arkivsystemet vårt etter at dei er fjerna frå Facebook. Personopplysningane som Facebook samlar inn når du samhandlar med sida til fylkeskommunen, blir lagra så lenge du har ein konto på Facebook. Du har rett til innsyn

Du kan be om innsyn i kva personopplysningar fylkeskommunen behandlar om deg. I tillegg kan du når som helst be om kopi av alle personopplysningane vi har om deg. Du har rett til å korrigere opplysningane

Du har rett til å be oss rette opp i eller supplere opplysningar som er uriktige eller

ufullstendige. Du har rett til å få sletta opplysningane

Du kan når som helst be oss slette opplysningar om deg som er unøyaktige, og vi skal då slette opplysningane så snart som råd. Vi gjer merksam på at informasjon som vi er pålagt å behalde av omsyn til andre rettslege plikter (for eksempel arkivlova), ikkje vil bli sletta. Du kan be oss avgrense behandlinga av personopplysningar

I enkelte situasjonar kan du be oss redusere behandlinga av opplysningar om deg. Du kan protestere

Du har rett til å protestere på at vi behandlar personopplysningane dine. Du kan kontakte personvernombodet vårt

Har du spørsmål til behandling av personopplysningane dine eller meiner vi ikkje følger reglane i Personopplysningsloven, kan du kontakte personvernombodet vårt, Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal. Kontaktinformasjon finn du på https://www.ikamr.no/kontakt-personvernombod. Slik brukar du rettane dine

Du kan kontakte oss dersom du vil bruke nokon av rettane dine, eller meiner vi ikkje følger reglane i personopplysningslova. Då kan du sende ein e-post til [email protected] eller brev til Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde. Ver merksam på at e-post ikkje er ein sikker kanal for informasjonsutveksling, fordi informasjon kan komme på avvege. Vi oppfordrar derfor til ikkje å sende sensitive eller fortrulege opplysningar per e-post. Skal du sende slike opplysningar kan du bruke e-Dialog eller sende brev. Korleis du kan utøve rettane dine mot Meta Irland, er tilgjengeleg i Meta Irlands retningslinjer for personvern. Du har rett til å klage på behandlinga vår

Du kan klage over behandlinga vår av personopplysningar. Dette gjer du til Datatilsynet. Endring av personvernerklæringa

Denne personvernerklæringa er oppretta 13.12.2024, og sist oppdatert 09.07.2026. Personvernerklæringa kan bli endra på grunn av endringar i måten vi brukar Facebook, endringar i plattforma eller dersom personvernlovgivinga blir endra.

💚 Kven fortener Miljøprisen?I fjor fekk Mona Hegglund og Plastjegerne prisen for innsatsen sin for miljøet. No leitar vi...
06/10/2026

💚 Kven fortener Miljøprisen?
I fjor fekk Mona Hegglund og Plastjegerne prisen for innsatsen sin for miljøet. No leitar vi etter årets prisvinnar!
Kjenner du ein person, organisasjon eller bedrift som gjer noko bra for klima, natur eller miljø i Møre og Romsdal? Nominer dei til Miljøprisen 2026.
👉 Fristen er 15. oktober
👉 Send inn forslaget ditt, sjå lenke i kommentarfeltet.

På bildet ser du utvalsleiar Geir Stenseth, styremedlem Ingrid Roksvåg i Plastjegerne AS, dagleg leiar Mona Hegglund og fylksordførar Anders Riise. Foto: Per-Kristian Bratteng

02/10/2026

Vatn kan gjere stor skade på ein fylkesveg. Så korleis held vi det unna?

Drenering, stikkrenner og asfalt er viktige delar av jobben med å gjere fylkesvegane tryggare og meir robuste. Samtidig utviklar vi metodane for å få vegane til å halde lengst mogleg.

Leif Olav Brandt er byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. I videoen viser og forklarer han korleis vi jobbar med fylkesvegane våre.

29/09/2026

🌿 Gjer noko godt for den psykiske helsa i oktober!

For Rigmor Hustad Holen er hagen og hagelaget ein stad for aktivitet, fellesskap og noko meiningsfullt. Kva er det for deg?

I ABC oktober oppmodar vi alle til å: 💚 gjere noko aktivt
💚 gjere noko saman
💚 gjere noko meiningsfullt

Ein tur. Ein kaffikopp. Ein hobby. Eit lag eller ei foreining. Små ting kan bety mykje. Det får du til!

Bli med i ABC oktober – og inviter gjerne nokon med deg!

Denne gjengen er ute på eventyr!✈️🗺️ Åtte lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget har reist til Erfurt i Tyskland på ...
23/09/2026

Denne gjengen er ute på eventyr!✈️🗺️ Åtte lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget har reist til Erfurt i Tyskland på utveksling gjennom Erasmus+!
No ventar seks veker med nye inntrykk, erfaringar og arbeidsdagar på tyske barneskular.
💬 – Dette trur eg blir spennande. Det blir gøy å lære språket og sjå korleis dei jobbar her. Eg trur eg kjem heim med nye erfaringar, litt nytt språk, nye venner og masse nye klede, seier Ikram Awed Abdi, som mista bagasjen under flyreisa. 😅🧳

Kvart år sender vi lærlingar på utveksling gjennom Erasmus+. Erfaringa er at dei kjem heim med meir enn fagleg påfyll: Dei har blitt meir sjølvstendige, fått nye perspektiv og tatt enda eit steg inn i vaksenlivet, seier rådgivar Maiken Røshol, som nyleg besøkte eventyrarane.

Lykke til i Erfurt, lærlingane! 💙

🎉 Folkefest  på Averøy: Smila skein om kapp med sola då den nye gang- og sykkelvegen langs fv. 64 på Averøy blei offisie...
21/09/2026

🎉 Folkefest på Averøy: Smila skein om kapp med sola då den nye gang- og sykkelvegen langs fv. 64 på Averøy blei offisielt opna ☀️🚲

Eit fullsett Bådalstun var med på markeringa, der ordførar Ingrid Ovidie Rangønes takka fylkeskommunen og dei som har jobba med prosjektet.

Og det er ekstra kjekt å kunne feire eit prosjekt som er ferdig før planlagt tid og innanfor kostnadsramma på 76 millionar kroner. 👏

God tur på den nye vegen! 🚶‍♀️🚲

Foto: Jan Ragnvald Eide

Er dette grava til ein av Noregs første bønder?⛰️🦴 I over 70 år har grava ved Aursjøen i Molde kommune vore eit arkeolog...
17/09/2026

Er dette grava til ein av Noregs første bønder?⛰️🦴 I over 70 år har grava ved Aursjøen i Molde kommune vore eit arkeologisk mysterium. No viser nye analysar at beinrestane er frå slutten av steinalderen, kring 2000 år før år null.

Funnet er unikt: Dette er den første sikre steinaldergrava som er funnen i fjellet i Sør-Noreg. Personen vart lagd til kvile i ei hellekiste 839 meter over havet, og kan ha levd i ei tid då jordbruket for alvor fekk fotfeste i landet vårt.

Kven personen var, veit vi ikkje. Men funnet gir ny kunnskap om dei første menneska som levde og ferdast i fjellområda i Møre og Romsdal.

📍 Aursjøen, Molde kommune
📸 På bileta ser du arkeologar, hellekista og nokre av beinrestane som var med på å løyse mysteriet.

Foto: Irene Skauen Sandodden, Innlandet fylkeskommune, Kulturhistorisk museum Oslo, Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi har fått ti nye lærlingar på laget! 💻🎉No har vi heile 19 lærlingar i IT-faget. Dei er allereie godt i gang med å hjel...
16/09/2026

Vi har fått ti nye lærlingar på laget! 💻🎉

No har vi heile 19 lærlingar i IT-faget. Dei er allereie godt i gang med å hjelpe tilsette med alt frå små IT-floker til store tekniske utfordringar.

For oss handlar lærlingordninga om meir enn ekstra hender i ein travel kvardag. Vi skal også gi unge fagarbeidarar ein god start på arbeidslivet, og kanskje lære noko sjølve på vegen. I ein bransje som utviklar seg i rekordfart, er nye perspektiv gull verdt.

Velkomne til gjengen, og lykke til med læretida! 👏🚀

📚🤖 Møre og Romsdal får EU-støtte til nytt KI-prosjektMøre og Romsdal fylkeskommune og Høgskulen i Volda har fått 4,3 mil...
14/09/2026

📚🤖 Møre og Romsdal får EU-støtte til nytt KI-prosjekt
Møre og Romsdal fylkeskommune og Høgskulen i Volda har fått 4,3 millionar kroner frå EU til å utvikle KI-opplæring gjennom folkebiblioteka.
Dei neste tre åra skal bibliotek i fleire europeiske land teste nye aktivitetar og læringsopplegg som skal gi folk betre forståing av kunstig intelligens og styrke deltakinga i demokratiet.
Målet er at biblioteka skal vere ein stad der alle kan lære meir om ei teknologi som påverkar stadig meir av kvardagen vår. 📖💡

Les meir her: https://mrfylke.no/nyheiter/far-4-3-mill-kr-til-ki-og-demokratisatsing-pa-biblioteka.41761.aspx

Høgskulen i Volda

🚌 No kan du reise enda billegare med FRAM! Frå 1. november blir alle 30-dagarsbillettar ytterlegare 145 kroner billegare...
11/09/2026

🚌 No kan du reise enda billegare med FRAM!

Frå 1. november blir alle 30-dagarsbillettar ytterlegare 145 kroner billegare. Til saman er prisane reduserte med 245 kroner sidan april.
Ein vaksen som reiser i éi sone, betaler 632 kroner. FRAM Ung skal koste 273 kroner.

👉Les meir på Frammr.nosjå lenke i kommentarfeltet.

💫💥Der gjekk startskotet for Karrieredagane! Fleire tusen 10. klassingar får bli kjent med næringslivet og utdanningstilb...
08/09/2026

💫💥Der gjekk startskotet for Karrieredagane! Fleire tusen 10. klassingar får bli kjent med næringslivet og utdanningstilbodet der dei bur, september og oktober. Surnadal er først ut – her fekk ungdommen teste simulatorar, helse på politiet og brannvesenet, hogge ved, prøve seg på livredning.
40 bedrifter og opplæringsinstitusjonar i Surnadal idrettshall tok i mot 200 elevar frå ungdomsskular i Surnadal, Sunndal, Rindal og Heim. 🙌

👉 Karrieredagane i resten av fylket:
• Ytre Nordmøre, 16. september, Kristiansund, Braatthallen
• Romsdal, 10. september, Molde, Akerhallen
• Søre Sunnmøre, 24. september, VCA, Volda Campus
• Nordre Sunnmøre, 30. september, Sparebanken Møre Arena, Ålesund

Og etter dette blir det kanskje lettare å velje utdanning og yrkesveg?
Foto frå Karrieredagane 2026. Foto: Mette Sæter Ormset
Arr: Møre og Romsdal Fylkeskommune i lag med lokale aktørar.

Adresse

Julsundvegen 9, Fylkeshuset
Molde
6412

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Telefon

+4771280000

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Møre og Romsdal fylkeskommune legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Møre og Romsdal fylkeskommune:

Snarveier

Del