16/10/2026
Då er det klart. Tysdag 20. oktober er det meldt opphaldsvêr og til og med ein liten solgløtt. Kvam Turlag og KvammaVEKO kastar seg difor rundt, og arrangerer "Turmat frå heile verda" i samarbeid med Språktreff! 🥳
Arrangementet startar kl. 17.30 i Holmsund, og me køyrer akkurat det same opplegget som me hadde planar om å køyra i går.
Det vert matlaging på grill og Omnia, internasjonale smakar, og god stemning.
Ta med deg familien, ein venn, nabo, kollega - eller ein tilfeldig du møter på butikken - og bli med! 😁