21/10/2026
Struves meridianboge er den lengste samanhengande gradmålingsrekkja som er målt med klassiske metodar. 34 av dei opphavlege målepunkta står i dag på UNESCO si verdsarvliste 🌍
I serien "Vår verdensarv" på NRK får du eit innblikk i den norske verdsarven 📺
Struve er kanskje ikkje like kjend som nokre av dei andre verdsarvstadene. Men, dette er den einaste verdsarven vi deler med andre. Meridianbogen strekk seg nemleg heilt frå Ukraina, og gjennom 10 land før den ender i Meridianstøtta på Fuglenes 🤓
Prosjektet vart leia av astronomen Friedrich Georg Wilhelm Struve og bestod av 265 hovudpunkt bundne saman i eit nettverk av trekantar 📏
Målet var å finne jordas storleik og form. Gjennom presise målingar og stjerneobservasjonar fekk forskarane ny kunnskap om jordas krumming. Resultata vart eit viktig grunnlag for kartlegging og oppmåling i store delar av Vest-Europa i mange tiår 🗺️
I 2005 vart dei 34 bevarte observasjonspunkta på Struves meridianboge innskrivne på UNESCO si verdsarvliste 🏛️
📷 Trond A. Isaksen, Riksantikvaren