Rask Psykisk Helsehjelp Vest-Telemark

Ring Veibeskrivelse Kontakt organisasjonen

Rask Psykisk Helsehjelp Vest-Telemark Eit lågterskel behandlingstilbod innanfor psykisk helse, til innbyggjarar i Vest-Telemark over 16 år.

Tankevirus kurs i Tokke 🍂🍁🤔Kor påverka blir me eigentleg av vår eigen indre dialog ?Dette snakkaret me om på eit 2 dagar...
21/10/2026

Tankevirus kurs i Tokke 🍂🍁
🤔Kor påverka blir me eigentleg av vår eigen indre dialog ?
Dette snakkaret me om på eit 2 dagars kurset som blir halde i Tokke kulturhus 10. og 17. november frå kl 17-19.

➡️ Påmelding via nettsida til i din kommunen. Meir info tlf. 90670130

I dag køyrde vi i nydeleg haustvêr 🍂 til Fyresdal og hadde eit veldig bra samarbeidsmøte med legetenesta og psykisk hels...
12/10/2026

I dag køyrde vi i nydeleg haustvêr 🍂 til Fyresdal og hadde eit veldig bra samarbeidsmøte med legetenesta og psykisk helse tenesta.

💡 Visste du at vi disponerer kontor i alle kommunane i Vest-Telemark?

I Fyresdal disponerer vi kontor på Helsehuset.

Det er ikkje alltid ein ønskjer å møte til samtale i eigen bustadkommune. Difor er det også mogleg å avtale samtale i ein annan kommune dersom det passar betre.

💻 Videosamtalar er òg eit alternativ for deg som føretrekkjer det.

Vi ønskjer å gjere det enklare for deg å få hjelp, uansett kvar i Vest-Telemark du bur.🧡

🌙 Har du utfordringar med å få sove, eller vaknar du ofte om natta?Langvarige søvnvanskar kan påverke både kvardagen, en...
12/10/2026

🌙 Har du utfordringar med å få sove, eller vaknar du ofte om natta?

Langvarige søvnvanskar kan påverke både kvardagen, energien og livskvaliteten. Heldigvis finst det god hjelp å få! 🧡

No startar vi opp STÅ OPP – eit gratis behandlingstilbod i gruppe for vaksne med langvarige søvnvanskar i Vest-Telemark.

💤 STÅ OPP er eit strukturert behandlingstilbod som kan hjelpe deg med å få betre søvn.

📅 Oppstart i januar 2027
👥 7 samlingar over 9 veker
💬 Forsamtale før oppstart

Kjenner du deg igjen, eller kjenner du nokon som kan ha nytte av dette?

👉 Registrer di interesse via kontaktskjemaet på nettsida til kommunen din.

Del gjerne innlegget slik at fleire får vite om tilbodet! 🧡

Stå Opp er søvnbehandlingsgrupper i kommunehelsetjenesten. Gruppebehandlingen tilbys i flere norske kommuner ved Rask psykisk helsehjelp og Frisklivssentralen.

Vi synest det er skikkeleg fint å få vise fram at det finst god hjelp for langvarige søvnvanskar – og at det faktisk kan...
04/10/2026

Vi synest det er skikkeleg fint å få vise fram at det finst god hjelp for langvarige søvnvanskar – og at det faktisk kan bli mykje betre. 💙

Tusen takk til Vest-Telemark blad for at dei ville kome og lage ein så fin reportasje om eit av tilboda våre.❤️

www.staaopp.no

15 prosent av befolkninga i Noreg slit med søvnvanskar. Det gjorde Margit Elise Karlsen og Geir Roger Stange også, men dei har fått god hjelp 🙌👇 Lenke til saka finn du i kommentarfeltet ☺️

30/09/2026

Litt utanfor komfortsona å dele video – men dette er for viktig til å la vere!😅

Langvarige søvnvanskar kan vere skikkeleg krevjande, men det finst god og effektiv behandling.

I denne videoen fortel eg litt om «Stå opp», søvnbehandling i gruppe for deg som strevar med langvarige søvnvanskar.

Alle som fullførte førre behandlingsrunde hos oss hadde moderate eller alvorlege søvnvanskar då dei starta. Etter behandling hadde 85 % ingen, eller berre svært milde, søvnvanskar.🙌

Kanskje dette kan vere aktuelt for deg – eller nokon du kjenner? 🌙

www.staaopp.no

🌙 Har du prøvd mange søvnråd utan at det har hjelpt nok?STÅ OPP er meir enn gode råd. Dette er strukturert behandling fo...
23/09/2026

🌙 Har du prøvd mange søvnråd utan at det har hjelpt nok?

STÅ OPP er meir enn gode råd.
Dette er strukturert behandling for langvarige søvnvanskar, basert på CBT-I – anbefalt behandling ved insomni.

💬 Ta kontakt dersom du er nysgjerrig på om dette kan passe for deg.

Då var tankeviruskurset i Seljord unnagjort! Det er moro med kurs😆✌️ Nytt kurs i Tokke 10. og 17.november!
22/09/2026

Då var tankeviruskurset i Seljord unnagjort! Det er moro med kurs😆✌️ Nytt kurs i Tokke 10. og 17.november!

🌙 Trøytt – men får likevel ikkje sove?Langvarige søvnvanskar kan påverke både overskot, humør og kvardag.RPH Vest-Telema...
19/09/2026

🌙 Trøytt – men får likevel ikkje sove?

Langvarige søvnvanskar kan påverke både overskot, humør og kvardag.

RPH Vest-Telemark tilbyr STÅ OPP – behandling for deg som har strevd med søvnen over tid.

💬 Du treng ikkje vite om dette passar for deg før du tek kontakt.

Vi finn ut av det saman.

Ta kontakt med Rask psykisk helsehjelp Vest-Telemark dersom du vil vite meir eller lurer på om behandlinga kan passe for deg.

🌙 Har du strevd med søvnen over tid?Rask psykisk helsehjelp Vest-Telemark startar opp ny behandling for vaksne med langv...
16/09/2026

🌙 Har du strevd med søvnen over tid?

Rask psykisk helsehjelp Vest-Telemark startar opp ny behandling for vaksne med langvarige søvnvanskar (insomni).

STÅ OPP er ei strukturert søvnbehandling basert på CBT-I – anbefalt behandling ved langvarige søvnvanskar. Behandlinga gir kunnskap om søvn og inneheld konkrete metodar for å styrkje søvntrykk, døgnrytme og gode søvnvanar.

🛏️ 7 samlingar over 9 veker
💬 Forsamtale før oppstart
💚 Tilbodet er gratis
📅 Ny gruppe startar i januar 2027

Har du hatt søvnvanskar over tid og lurer på om dette kan passe for deg?

👉 Registrer interesse ved å fylle ut kontaktskjemaet på nettsida vår i bustadkommunen din i Vest-Telemark.

www.staaopp.no

Har du Tankevirus 🤔? Kor påverka blir vi eigentleg av vår eigen indre dialog ?Dette snakkar vi på kurset som blir halde ...
14/09/2026

Har du Tankevirus 🤔? Kor påverka blir vi eigentleg av vår eigen indre dialog ?
Dette snakkar vi på kurset som blir halde i Seljord imorra frå kl 17-19. ( kursdag 2 er 22/9)

Forsett ledig plassar, meld deg på 😁

➡️ Påmelding via nettsida til i din kommunen. Meir info tlf. 90670130

Adresse

Brøløsvegen 47
Seljord
3840

Telefon

+4790670130

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Rask Psykisk Helsehjelp Vest-Telemark legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Rask Psykisk Helsehjelp Vest-Telemark:

Snarveier

Del