Sognaregionen

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Sognaregionen Interkommunalt politisk råd og Kommunalt oppgåvefellesskap for kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Meir konkrete grep er eit av Sogn kommunalt oppgåvefellesskap sine innspel når Helse Førde har sin utviklingsplan 2026-2...
10/10/2026

Meir konkrete grep er eit av Sogn kommunalt oppgåvefellesskap sine innspel når Helse Førde har sin utviklingsplan 2026-2041 på høyring.

Aurland kommune - Luster kommune - Lærdal kommune - Sogndal kommune - Vik kommune - Årdal kommune

Sogn KO støttar ambisjonen om ei trygg, berekraftig og framtidsretta spesialisthelseteneste, men meiner kommunane må få ei tydelegare rolle i korleis tenestene skal utviklast.

Den nye interkommunale barneverntenesta skal vere i drift frå 1. januar 2027. No er leiar, nestleiar og teamleiarar tils...
06/10/2026

Den nye interkommunale barneverntenesta skal vere i drift frå 1. januar 2027. No er leiar, nestleiar og teamleiarar tilsett. Aurland kommune - Luster kommune - Lærdal kommune - Sogndal kommune - Vik kommune - Årdal kommune.

Linn Luggenes er tilsett som nestleiar for den nye barneverntenesta i Sogn og som leiar for teamet som skal jobbe med tiltak. I tillegg er det tilsett 4 teamleiarar.

Fjorden må takast vare på – samstundes som han framleis skal vere grunnlag for busetnad, næring og utvikling. I eit møte...
03/10/2026

Fjorden må takast vare på – samstundes som han framleis skal vere grunnlag for busetnad, næring og utvikling.

I eit møte i Sogndal mellom ordførarane og varaordførarane i Sogn 28. september var det semje om sju punkt som kommunane kan ta med i den politiske handsaminga av høyringa.

Kommunane har samla seg om felles punkt i høyringa om marint vern av Sognefjorden

Sognaregionen har sendt fråsegn til Miljødirektoratet om den alvorlege situasjonen for beitenæringa i fjellområda i Sogn...
30/09/2026

Sognaregionen har sendt fråsegn til Miljødirektoratet om den alvorlege situasjonen for beitenæringa i fjellområda i Sogn. Aurland kommune - Luster kommune - Lærdal kommune - Sogndal kommune - Vik kommune - Årdal kommune

Kommunane i Sogn tek neste steg for å styrkje PP-tenestene.Innsikt frå PPT, skular, barnehagar og oppvekstleiing i regio...
26/09/2026

Kommunane i Sogn tek neste steg for å styrkje PP-tenestene.

Innsikt frå PPT, skular, barnehagar og oppvekstleiing i regionen er samla. Vi har mange styrkar i Sogn, men også moglegheiter for å samarbeide endå betre til beste for barn og unge.

I det vidare arbeidet er målet meir likeverdige tenester, styrking av det førebyggjande arbeidet og å gjere det lettare å dele fagkompetanse på tvers av kommunegrensene.

Oppvekstnettverket jobbar vidare med å utvikle PPT.

Sognarådet var samla på Saften på Leikanger måndag. Vern av Sognefjorden, regionale planar og planlegging av Sognatinget...
22/09/2026

Sognarådet var samla på Saften på Leikanger måndag. Vern av Sognefjorden, regionale planar og planlegging av Sognatinget i november var mellom sakene på agendaen.

Aurland kommune - Luster kommune - Luster kommune - Sogndal kommune - Vik kommune - Årdal kommune

Arbeidsutvalet drøfta fjordvern, regionale planar og Sognatinget.

Aurland kommune og Sogndal kommune er drivarane når Sogn folketalet i Sogn veks fram mot 2050
20/09/2026

Aurland kommune og Sogndal kommune er drivarane når Sogn folketalet i Sogn veks fram mot 2050

SSB ventar at folketalet i Sognaregionen vil auke med 1 180 personar, frå 29 829 i 2026 til 31 009 i 2050.

Denne hausten handsamar kommunane ein felles plan for å styrkje oppfølginga av veteranar i regionen. Målet er å sikre at...
16/09/2026

Denne hausten handsamar kommunane ein felles plan for å styrkje oppfølginga av veteranar i regionen. Målet er å sikre at veteranar og familiane deira møter eit meir samordna og føreseieleg tilbod, uavhengig av kva kommune dei bur i. Felles plan skal styrkje oppfølginga av veteranar i Sogn omtalar dette arbeidet.

Les meir her: https://www.sognaregionen.no/aktuelt/felles-plan-skal-styrkje-oppflginga-av-veteranar-i-sogn

Del gjerne saka vidare slik at fleire blir kjende med veteranarbeidet i Sogn.

Sognekommunane vedtek no felles innsats i veteranarbeidet.

-Mykje bra som vert skildra, men planen framstår no som ein forvaltningsplan for knappheit, sa ordførar i Aurland kommun...
14/09/2026

-Mykje bra som vert skildra, men planen framstår no som ein forvaltningsplan for knappheit, sa ordførar i Aurland kommune, Kjell Bjørgum, om planen for areal og mobilitet.

Sognaregionen møtte Vestland fylkeskommune for å drøfte dei to regionale planane for verdiskaping og kompetanse, og for areal og mobilitet. Tilbakemeldinga var tydeleg: planane må bli meir konkrete, meir forpliktande og meir tilpassa distrikta.

https://www.sognaregionen.no/aktuelt/ein-forvaltningsplan-for-knappheit

Sogn KO er særleg positive til forslaget om at kommunale oppgåvefellesskap som er eigne rettssubjekt, skal kunne fatte e...
14/09/2026

Sogn KO er særleg positive til forslaget om at kommunale oppgåvefellesskap som er eigne rettssubjekt, skal kunne fatte enkeltvedtak og utøve offentleg myndigheit. Dette kan gjere det enklare å samle oppgåver i større fagmiljø, styrkje tenestene og leggje til rette for meir heilskaplege og langsiktige samarbeid mellom kommunane.

Sogn KO støttar dei foreslåtte endringane i regelverket for interkommunalt samarbeid. Vi meiner særleg at utvida fullmakter til kommunale oppgåvefellesskap vil styrkje samarbeidet mellom kommunane, samtidig som reglane for interkommunale politiske råd bør vere enklare og meir fleksible.

Adresse

Trolladalen 30
Sogndal
6856

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Sognaregionen legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sognaregionen:

Snarveier

Del