Hegge gård

Ring Veibeskrivelse Nettsted

Hegge gård Fredet gårdstun i Steinkjer!

07/10/2026

Kven skal ta vare på kulturarven når dei som gjer jobben får stadig mindre å rutte med?

Foreningen Fredet er både frustrert og uroa over regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2027. Kulturmiljøvernet er heilt avhengig av private eigarar, frivillige organisasjonar og menneske som brukar tid, pengar og krefter på å ta vare på kulturarven vår. Likevel er det nettopp desse som igjen må ta ein stadig større del av rekninga.

For eigarar av freda bygg og anlegg er utviklinga særleg alvorleg. For 2027 er det foreslått 153,1 millionar kroner. Dette blir av Klima- og miljødepartementet omtalt som ei prisjustering, men skjuler ein langvarig realnedgang i løyvingane.

Behovet er langt større. Allereie i 2025 søkte 485 eigarar om til saman 335,5 millionar kroner frå denne posten. Når løyvingane over tid ikkje held tritt med kostnadsutviklinga, betyr det i praksis at eigarane sjølve må ta ein stadig større del av kostnaden ved å ta vare på kulturminne som er freda fordi samfunnet har bestemt at dei har nasjonal verdi.

Dette er særleg alvorleg fordi fredinga pålegg eigarane krav til korleis arbeidet skal utførast, og staten sitt eige tilskotsregelverk slår fast at tilskot skal kunne dekkje dei antikvariske meirkostnadene heilt eller delvis. Når løyvingane ikkje står i forhold til behova og meirkostnadene staten sjølv påfører eigarane, meiner Foreningen Fredet at staten ikkje tek det økonomiske ansvaret som må følgje av fredinga.

Like dramatisk er kuttet i Kulturminnefondet. Regjeringa foreslår å redusere løyvinga frå 142,2 millionar kroner i 2026 til 121,5 millionar kroner i 2027. Det er eit kutt på over 20 millionar kroner, som svarar til 14,5 prosent. Dette skjer samtidig som vi veit at søknadsmengda til fondet har auka kraftig dei siste åra.

Kulturminnefondet er eit av dei viktigaste verkemidla vi har for å utløyse privat kapital, dugnadsinnsats og lokalt engasjement for kulturmiljø. Å kutte her er etter vårt syn både kortsiktig og dårleg samfunnsøkonomi.

Vi er også svært bekymra for rammevilkåra til Fortidsminneforeningen. Foreininga er eit fyrtårn i norsk kulturminnevern. Gjennom frivillig arbeid, lokallag, formidling og forvaltning av nokre av dei viktigaste kulturminna våre gjer dei ein jobb som det offentlege sjølv er heilt avhengig av.

Det er eit paradoks at staten på den eine sida understrekar kor viktig frivillig innsats, privat eigarskap og engasjement er for kulturmiljøvernet, medan dei økonomiske rammevilkåra på den andre sida blir svekka.

Frivilligheita og dei private eigarane er ikkje eit tillegg til det offentlege kulturmiljøvernet. Dei er ein føresetnad for at det fungerer. Foreningen Fredet forventar derfor at Stortinget rettar opp desse kutta. Skal vi ta vare på kulturarven vår, må vi også ta vare på menneska og organisasjonane som faktisk gjer jobben.

Foto: restaurering av freda hønsehus teikna av arkitekten Ole Øvergaard, Kaupanger Hovedgård.

02/10/2026

Bli kjent med gruvehistorien i Malm – eksklusiv omvisning i gruva 👷🏽‍♀️👷🏾‍♂️🪨

Lørdag 3. oktober kl. 11.00
Sted: Bergmannsparken, Malm

Vi har fått en sjelden mulighet med vandring og omvisning i gruva i Malm. Kjell Haugan tar oss gjennom gruvehistorien og leder oss inn i selve gruva.

Dette er ikke en omvisning som er tilgjengelig til vanlig, og dette er en sjelden mulighet. Vi anbefaler derfor å melde seg på tidlig.

Kun 30 plasser totalt. Arrangementet er åpent for andre interesserte i tillegg til medlemmer. Påmeldingene tas i den rekkefølgen de kommer inn.

Har du selv historier eller minner knyttet til gruvedrifta i Malm, tar vi gjerne imot dem – enten som en fortelling på stedet eller som noe du deler med oss på forhånd.

Praktisk og påmelding
Påmelding på sms til 480 66 390. Merk med navn.

Løvfall! 🍁
30/09/2026

Løvfall! 🍁

Tømrer Andreas Landstad har tatt ned klokkespiret på Stor-Stabburet for reparasjon! 🪚👍🔨
15/09/2026

Tømrer Andreas Landstad har tatt ned klokkespiret på Stor-Stabburet for reparasjon! 🪚👍🔨

Tømrer Andreas Landstad reparerer takene på Hovedlåna og Stor-Stabburet! 👍😊🇳🇴
14/09/2026

Tømrer Andreas Landstad reparerer takene på Hovedlåna og Stor-Stabburet! 👍😊🇳🇴

Høst! 🍂🌾🍁
13/09/2026

Høst! 🍂🌾🍁

30/08/2026
30/08/2026

Spennende Forum Fredet i Innlandet. Her er bilde fra dagens besøk på vakre Ringnes gård! Foreningen Fredet er 20 år i år og det ble markert med T-skjorte til deltakerne🤩

18/06/2026

🌍 The NextGen Cultural Weekends are back!

🏞️ This time, we are travelling to Norway’s historic capital: Trondheim. From 4-6 September 2026, get ready to discover the city’s distinctive blend of medieval architecture, timber constructions, and modern urban design. Don’t miss the opportunity to explore historic buildings, and participate in meaningful discussions with fellow NextGen members!

Curious about the full programme? Visit our website to read the details of the weekend, organised in collaboration with Foreningen Fredet and Trondhjemsvandringer.

👉🏻 The spots are limited – reserve yours via the link in the first comment!

Adresse

Åsvegen 59
Steinkjer
7715

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Hegge gård legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del